Kjæraste på boks. Eller dag 2,7

Endelig er vi heime! Deeeeilig :) Veldig kjekt å vere hos Anne Britt og gjengen, men det er likevel kjekkast å vere heime.

Fredag 28. og laurdag 29. mars vart Nia inseminert med Davidoff :) No ventar den ulidelig Nia dag 1spennande tida fram til vi får stadfesta om det er kvalpar inni magen til Nia. Akkurat no ligger dei befrukta egga inni eggledarane/livmora og skal «godgjere» seg i om lag 17-22 dagar før dei fordelar seg likt i dei to horna av livmora og byrjar feste seg. Fram til då kan Heidi gå rundt og spekulere i vilden sky om det blir kvalpar eller ikkje. Sjansen er veldig stor, om lag 90%, for at det vert kvalpar :) Bildet av Nia er teke på fredagen, altså ved «0-punktet» :)

Engste seg, det gjorde Heidi då ho venta på pakken frå Nederland. Torsdag morgon vart «kjærasten» sendt frå klinikken i Nederland, og med sporingsnummer var det enkelt å Daviibokshalde orden på kvar den reiste. Eller so trudde vi. Fredag morgon var det ingen som var heilt sikker på kvar kjærasten var blitt av, minst av alle fraktselskapet. Huttetu! Mistanken om at den har vore ein snartur innom Finland før den kom til Noreg er stor. Reiseruta har då vore Nederland, Belgia, Finland og til slutt Stavanger. Skal sjå at dette kullet vert bra reisevande, dei starta tidleg :) Sjølve insemineringa gikk heilt greit. Det er nesten so ein kan bli skuffa; med alt forarbeidet og logistikken som måtte ordnast, så tok det berre nokre få minutt å gjennomføre insemineringa. Igjen, takk til Henk og Edith Salm (Paerdecroon Kennel) for at vi får lov til å bruke Davidoff. Henk har i tillegg vore hjelpsam og ordna alt det praktiske i Nederland med klinikken og transporten. Davidoff har fått ekstra god kost siste vekene, viktig at det kommande Bright-kullet har det beste utgangspunktet :) Nia har og fått spesialtilpassa for sidan løpetida starta.

Vel heime venta ei lita overasking på Heidi og Nia: Zulu har og fått løpetid. Ikkje noko rart i og med at tisper som bur saman ofte løper samstundes, men det hadde vore greit for DSC_0284Stitch å få ei lita pause mellom løpetidene. Men som den barske karen han er, så taklar han slikt med syting og plystring 😀 Stitch har jobba mykje ute i dag, sammen med Karl-Arne. Eller når sant skal seiast, så har han sola seg, lagt på varmt underlag og hatt varm frakk på. Tykkjer han kler rosa, eg 😉 Akkurat no ligg han ved sidan av Heidi og søv tungt. Blir sliten av å syte, må skjønne 😀

 

Fram og tilbake er like langt

Eller heiter det eigentleg Vestlandet opp og ned i mente? Uansett, når sola skinner og himmelen er blå, er det flott å sitte i bilen og kjøyre mange mil 😉

Endeleg kom sola til Rimma, men då var Heidi og Nia ein heilt anna stad og nyter sola.  10. mars fekk Nia løpetid, ikkje heilt uventa, men fleire veker før berekna. Turar til Bergen og vidare sørover til Stavanger har det blitt, for å ta blodprøver. Det er litt som å vinne i lotto for kvar prøve: Har verdien byrja stige? Kor mykje stiger den? Og når vil ho passere den «magiske» grensa som tilseier at eggløysing er nært og inseminering ein dag eller to unna? Lørdag var verdien 2,7. Mandag 7 blank. I dag, onsdag, var det spennande; hadde ho passert 15-16? Akkurat i denne fasen kan tispene ha veldig god tid, og ein kan bli nødt til å vente i fleire dagar på at dei skal bli klare. Nia har tidlegare hatt veldig god tid, så vi var førebudde på opphold «søraføre» i mange dagar, gjerne over helga. Heldigvis har Nia igjen vore litt kjappare på avtrekken enn tidlegare. I dag er verdien 20, noko som betyr inseminering fredag og laurdag :) Det kitlar i magen av spenning no 😀

Sidan mandag har Heidi og Nia vore gjestar hos Anne Britt. Bildet under heiter «Anne Britt i solnedgang» 😉 Der nyter vi vakre anne britt i solnedgangsolnedgangar, går tur med bikkjene og tyter øyrene fulle på kvarandre om bikkjer. Vi har helst på fleire av Nia sine slektningar. Aller kjekkaste er faktisk å få helsa på Davidoff og Happy sine ungar. Kjempetrivelige og omgjengelige. Vakre mørke auger og nydelige pelsfarger. Fine beinstammer og overlinjer. Ordentlig sprettne i kroppen er dei og. Bright-gjengen kjem sjølvsagt til å bli akkurat like kjekke og vakre. Minst :)

Heidi ler litt av seg sjølv for tida. Ho har nemleg gjort noko ho aldri trudde ho kom til å gjere. Ja, så gale er det no ikkje då, med mindre ein reknar å bli så smigra på andre sine vegne klaar voor het blad deze is goedat ein setter inn ei heilsides annonse i The European Ridgeback Magazine for å vise fram annonsa som KatjaWebart lagde for Bright-kullet. Så får vi sjå om det er nokon i Europa som vert frista til å få seg ein kvalp etter denne kombinasjonen. Linjene til Nia og Davidoff er det gjort fleire ulike kombinasjonar av, så Heid har kanskje vore litt copy cat? Uansett: nyt annonsa frå Katja ein gong til :) Den er lekker :)

Neste helg er det NKK utstilling i Bergen. Zulu og Cesar skal dit, med Heidi og Karl Arne på slep. Eller kanskje det er Karl-Arne som har alle dei andre på slep? :) Heidi gledar seg stort til å vise fram ungane til Nia og Stitch. Og det blir kjekt å treffe igjen kjennsfolk frå andre kantar av landet. 37 ridgebackar er påmeldt, så det blir mange fine hundar å sjå på. Gladjenta Bayer-Gina får vi ikkje anledning til å treffe på utstillinga, matmor Ann-Krisitn er ikkje løpedyktig, og er difor ikkje lovleg å stille 😉 Kjedelig, for det er alltid kjekt å reise saman. Skynt deg å bli bra igjen, Ann-Kristin, Karl-Arne er kjekk å reise sammen med, men han filosoferer ikkje like bra som du og eg klarer 😉

Neste oppdatering kjem kanskje ikkje før etter NKK? Fram til då, folkens: Ut på tur og nyt sola :)

Venter på sola :)

Eg er nesten sikker på at sola er klar til å titte over fjellet no om morgonen. Nesten heilt sikker. Men så er det alle dissa skyene på himmelen. Dei er i vegen. Håper dei stikker av til klokka er ni, då kjem nemleg fasiten :) Så ikkje så alt for lenge å vente :)

Zulu melder om at det er på tide å byrje med hagearbeid, og har utvida graveprosjektet sitt. Eller, ho har laga eine ganske mykje større (det midt i stien). I tillegg har ho laga seg nokre heilt nye. Veldig effektive labber på den jenta 😉 Trur ikkje det er planting ho har i tankane, så eg skal la gravearbeidet vere i fred. Kanskje ridgebacken gravde slike fallgroper under jakta i hine hårde dagar i Afrika? Skal ikkje sjå vekk frå det 😉

Nia lurte meg til å tru at løpetida hennar hadde starta, men det var bare ein spøk. Vente litt til, seier ho. Eg er ikkje særleg flink til å vente, må innrømme det. Stitch er heilt einig i at Nia er litt snikete for tida.

I dag skal eg rydde litt ute, vårstemninga er stor. I blomsterbeda tittar små grønne skudd opp av jorda. Zulu er meir enn villig til å rydde litt i blomsterbeda mine, og kjenner seg litt foruretta over å ikkje få lov. Nia og Stitch held seg klokelig unna. Dei ventar til eg er ferdig før dei trakkar oppi og kjem med sine bidrag til vårfornying og beskjæring av busker.

Fredag :)

Jammen godt det er helg igjen, spesielt for oss som er heime heile dagen 😉 Litt nytt sidan sist er det, om enn ikkje så veldig mykje.

Nia har ikkje fått løpetid endå, men Stitch er stadig meir insisterande på DSC_0230at den umogeleg kan vere langt unna. Tennene går bokstavelig talt i vatn :) Heidi lurer på om Nia driv og eglar Stitch, berre fordi ho kan. Ein ting er sikkert, Nia bestemmer sjølv når ho er klar. Samma kva Stitch eller Heidi seier. Kanskje ho driv og nynnar på ei vise av Stanley Jacobsen? ….»I morgon, I morgon, men ikkje i dag…….»

Søndag 2. mars var Eira, Stitch og Nia veldig heldige og kunne sove så lenge dei ønska. Heidi, Karl-Arne, Zulu og Cesar derimot, dei var oppe og i bilen på veg til hundeutstilling i Knarvik kl 05.45. Det er ikkje alle forunt å få ein slik start på dagen. Kjøreturen gikk fint, vel framme var det å finne seg ein plass ringside, og vente. Og vente litt til. Det er jo slik som høyrer med på hundeutstilling :) Zulu fikk etter kvart ligge i buret sitt og sove, Cesar er alt for glad i å få med seg kva som skjer, så han hadde ikkje tid til å slappe av i buret når han kunne sove like godt på utsida. Karl-Arne og Cesar fant seg tribuneplass, medan Heidi for og virra rundt, alt var med andre ord heilt som vanleg. Heidi hadde ikkje noko store forventningar til resultatene, dette var tross alt første ordentlige utstillinga Zulu og Cesar skulle delta på. 19 ridgebacker (ganske mange det) møtte opp for å få høyre kva dommer Leif Ragnar Hjort hadde å seie. Og gjett kva: Kennel Wynnheim gjorde bortimot reint bord! Først ut var Cesar, som i ensom majestet og fin fremvising av «sitt» vant juniorklassen med excellent og fikk ck (championkvalitet). Deretter var det deltakarar i åpen klasse, champion klasse og veteran klassen som fikk sine sine sløyfer, og konkurransen om å bli beste hannhund sto for tur. Og Cesar langa ivrig i veg; han vart beste hannhund, fikk sitt første cert (certifikat) og var klar for konkurransen om å bli best i rasen. Så var det Zulu sin tur. I Zulu knarvikjuniorklassen for tisper var det 5 som møtte, alle like flotte, spør du meg. Zulu var ikkje snauare enn bror sin, og vant klassen med excellent og ck. Når konkurransen om beste tispe skulle løpast, måtte Zulu sjå seg slått av tanta si,  Kangelani’s Gentle Loba. Loba er alt champion ho, så det betyr at Zulu fikk sitt første cert :) Heidi var rask å putte Zulu i buret, på tross av ivrige korrigeringer fra ringsekretær og publikum. Sidan sist Heidi var på utstilling har dei byrja med noko som heiter Best I Rasen-Junior og Best I Motsatt (kjønn)-Junior. Så Zulu vart henta fram igjen, og fikk trave ei runde til i ringen sammen med Cesar (og Karl-Arne). Cesar vart BIR-junior og Zulu BIM-junior. Tenkt det! Etter å ha forsikra Heidi om at ho no hadde med seg Cesar og ikkje Zulu, så var Cesar og Loba klar for finalen: Og jammen vart BIRBIMKNARVIKikkje Cesar BIR :) :) Veldig veldig kjekt :) Vi vart igjen for å vere med på gruppefinaler, og der vart Cesar BIG4 (vi slo bayer’n Gina, lurer på om det kan bli eit mål for framtida? Akkurat som å slå svenskane?? 😉 Neste utstilling blir NKK i Bergen, blir spennande det :) Det er veldig  kjekt for Heidi å kunne låne med seg Cesar på slike turar, tusen takk til eigarane Frank og Paula.

Tirsdag kom meldinga Heidi hadde frykta etter å ha sett røntgen-bilda av Zulu sine hofter. Zulu har fått diagnosen moderat grad av HD, D. Etter å ha tenkt oss litt om, så er DSC_0276konklusjonen at Zulu forsatt er den samme søte, vakre, spretne og litt rampete jenta ho var før vi tok bilda. Det einaste som no er utelukka er avl, agility og trekk. Det betyr at frå no skal Zulu få konsentrere seg om hovedoppgåva si her i livet, nemleg å vere ein utmerka familiehund og turkamerat :) Så lenge jenta vår får sin daglege dose med mosjon og normalt liv kjem ho til å leve fint. Nye DSC_0279bilder tar vi sikkert om nokre månader, ikkje fordi vi trur resultatet er feil, men for å forsikre oss om at hoftene ikkje vert dårligare. Zulu er ikkje den første potensielle avlshunden som har fått bråstopp i avlskarrieren sin, og ho blir nok ikkje den siste heller. Det er bra at oppdrettarar undersøker og velger ut avlsdyr med omhu, elles kan ein sunn og fin rase få problem med helsa si.

Sånn heilt på sida, så kan Heidi rapportere at 17. mai komiteen i Eikefjord no er i sving. I år er det grunnlovsjubileum, så ordentlig planlegging må til :) I Eikefjord er det dei foresatte til borna i 5. og 8. klasse ved skulen som tek seg av planlegginga. Dette er fjerde (og siste) gangen Heidi og Karl-Arne er med, og litt vemodig vert det. Det fine med å bu på ein akkurat passe stor stad som Eikefjord er at ein får vere med på mykje av det som skjer, og har bittelitt medverknad på korleis det skal skje. Så kanskje eit hipp-hipp-hurra for fredag og helg er passe avslutting for denne gongen? Vi tastast :)

 

Ting skjer :)

Vel overstått bursdag til alle hundane i Atom-gjengen! Håper den vart feira med litt ekstra kos :) IMG_2213[1]

Her heime snakkar vi mykje om det kommande Bright-kullet, og legger planer om mangt og mykje. Stitch meinar at tidsperspektivet vårt er heilt på bærtur, Nia kjem ikkje til å vente med å komme i løpetid til april, slik Heidi innbiller seg. Nei, spør du han, er den rett rundt hjørnet, sånn om eit par veker. Nia dufter alldeles fantastisk, det er så ein eldre kar kan verte heilt fjortis igjen. Med sprett og spenst i løpinga, dytting med snuten, flørting og bakoverspark i rein yr kåtskap er karen ganske so underhaldande å sjå på. Zulu freistar å invitere til leik, men Stitch har ikkje tid til ho. Nia tek oppvartinga med stor DaviE12ro, og lar seg ikkje imponere. Ho har nemleg høyrt at ho har fått ny type i Nederland. Og ein mann som har eit slikt flott namn som Davidoff er sikkert  mykje meir verdsvandt, elegant og reglrett kuuuul enn tøffelen Stitch? På bildet er han sammen med sin nye hjertevenn Banjo.

Karl-Arne har høyrt på Stitch og ikkje Heidi, så han har skynda fram DSC_0264oppussingsprosjektet han opprinneleg hadde planlagt til påske til denne helga. Når kvalpane kjem, treng dei standsmessige buforhald, så her blir det pussing og lakking av kjøkkengolv. Nylakka parkett står då klar til kvalpane kjem :) Det setter dei sikkert pris på 😉

Sidan Heidi ikkje er spesielt glad i lakklukt, tek ho med seg Eira og Zulu og reiser til Bergen. Der skal dei freiste lukka som barnepassarar til ein liten kar på 1,5 år. Hugsar Heidi gamle kunstar, og kor mykje kjem Eira og Zulu til å hjelpe til? Spennande for oss alle. Pass på Bergen, no kjeme bondetuppene te by’n 😀 Vi har avtala å treffe by-frøken Lea, førstefødte i kennel Wynnheim. Gjett om Heidi gledar seg til å treffe Lea igjen :)

Vinterferien er straks over og Trym har vore heimom ein tur. Alltid like kjekt, men denneDSC_0250 gongen har han «snakka» meir med bikkjene enn oss. Årsak: Influensa. Heldigvis vert ikkje bikkjene smitta, verre med oss på to bein? Bikkjekos lindrar godt på haudeverk og såre musklar medan imunforsvaret bekjempar virus.

Neste veke skal Zulu ta røntgen av hofter og albogar. Generelt sett er det lite med HD og AA i rasen, statistikken seier at av alle som er sjekka er 95% fri (A eller B) for HD. Det samme gjeld for AA. Vi satser på at Zulu er med på å halde oppe prosentandelen på Fri-sida :)

 

OL og slikt.

Petter Northug sprinter alt han er kar for oppover bakkane. Radio er greit å ha når TV-bilda ikkje er tilgjengelige her i huset. Uansett, interessa er ikkje heilt den store korkje hos bikkjene eller meg. Mykje betre med ein tur i skogen :)

Sidan sist eg skreiv har Nia hatt seg ei økt med sjukdom. Eg, som alltid har vore glad for at vi ikkje har hatt sjuke hundar, fikk bekrefta at det aller beste er friske dyr. Nia vart dårleg på lørdagen, og eg trudde det var ein UVI (blærebetennelse). Så ho fekk tranebærkapslar i håp om at det kunne dempe ubehag til vi kom oss til veterinær på mandagen. Søndag kveld vart Nia pluttselig veldig dårlig, med høg feber, stiv muskulatur og bittelitt oppkast. Mandag sto vi klar når veterinæren åpna, og jenta fikk hjelp. Nia har som vanleg vore effektiv når ho først skulle bli sjuk. Både ein UVI samt at ho hadde ete på seg (noko ute i skogen) matforgiftning. Sistnevnte var nok skylda i feber og elende. Antibiotika og febernedsettande ga kjapt resultat, og no er Nia seg sjølv :) Tusen takk til Flora Dyreklinikk som slapp oss til med ein gong.

Ifølge Stitch-O-meteret vårt, er Nia byrja på opplading til løpetid. Ho er slettes ikkje like spennande som nKanga, som er så lekker og velduftande at Stitch formelig tripper rundt ho. Normalt sett hadde eg sagt at det er ca 8 veker til Nia kjem i løpetid, men med nKanga tydelig nærare løpetid enn Nia kan det fort bli endringar hos Nia. Det er eit kjent faktum at tisper som er mykje sammen kan trigge løpetid hos kvarandre. Kanskje Nia overrasker oss og kjem tidlegare i løpetid enn forventa? Det gjere ikkje noko, Davidoff er klar, han :)

Zulu-spretten er ei artig ung dame. Hoppande glad og lykkelig spring ho rundt på marka som ein litt forvokst greyhound. Ho har ikkje tid til å trave, det er full rulle heile tida når vi er ute. Unntaket er om ho finner seg ein ekstra god pinne ho kan flise opp. Inne er ho roa sjølv, nyter å ha ein unghund som er så avslappa inne. Ho og Nia har inn i mellom samarbeid i førebuing og gjennomføring av ansiktskirurgi på Eira sine bamsar. Nia åpner dører, Zulu velger pasient. Sammen fikser dei operasjon….

Neste innlegg skal komme om fire dager. Då er nemleg Atom-gjengen 1 år!

 

 

Blåsbortdag 25. jan 2014.

DSC_0031Sidan det er ein ekte Blåsbortdag i dag, så vert det ei lenge etterlengta oppdatering av heimesida. Litt har skjedd sidan sist, og endå meir er planlagt for våren og sommaren. No må berre vinteren verte ferdig :)

 

CSC_0168

Zulu er no straks året, og er inne i ei lita fjortis-fase. Stitch er ikkje ein som korrigerer unge damer så mykje, så Nia tek seg av uønska adferd på ein oversikteleg og flott måte. Nia veks meir og meir i rolla som leiar av flokken vår, det er aldri tvil om kven som er sjef. Vi gledar oss over flokken vår og dei opplevingane dei gjev oss kvar dag :)

CSC_0093

Rett før jul bestemte vi (Heidi og Karl-Arne) at Nia skal få ha sitt andre kull i år. Ho har vore ei flink mamma, og har oppseda og prega kvalpane sine flott medan dei var her hos oss. Stitch sine genar har bidrege med å gje rolege kvalpar, Nia har bidrege med eit flott kroppsspråk og lettleste kvalpar. Gode og lettlærde familiehundar med fine temperament, er tilbakemeldingane vi får. Klart at kvalpane finn på ugagn og har fjortis-fakter, noko anna hadde vore rart. Når no ny kjæraste til Nia skulle finnast var vi veldig fokusert på at vi ønska ein kar som kan bidra til å lage slike temperament som Atom-gjengen har. Tross alt er alle hundar fysst og fremst familiehundar, deretter deltek dei i ulike aktivitetar alt ettersom kva eigarane vel. Valet er teke, og vil verte annonsert om ikkje så alt for lenge. Fram til då er det berre å vente :) Det er venta at Nia kjem i løpetid i slutten av april.

DSC_0114

Stitch ligger her ved sidan av meg, i go» stolen sin. Han har fått lovnad om å få lov til å flytte opp på loftet når dei nye kvalpane kjem. Han ser fram til å dele rom og seng med Eira igjen. Flott utsikt, bra stort rom og eiga seng. For ikkje å snakke om den upåklagelige room-servicen han forventar å få frå Eira. Og med tanke på den siste tida sine avsløringar om Justin Bieber, kjenner han seg trygg på at det ikkje vert like mykje fæl musikk å høyre på som i fjor. Uansett har han IKKJE tenkt å dele rom med Zulu, det får halde med Eira. Kvar den jentungen skal opphalde seg er ikkje eit problem han kjenner ansvar for.

Vi tastast ved neste oppdatering :)

Snart desember…

No er det lenge sidan siste innlegg. Og mykje har skjedd sidan Stitch fortalde om si oppleving av å bli far.

DSC_0007

I mai var Stitch og Zulu på utstilling, i henholdsvis veteranklasse og kvalpeklasse. Ein kan ikkje klage på resultatet. Etter runder i rasebedømming, gruppebedømming og til slutt Best in Show-konkurransen endte dei opp med kvar si Best in Show rosett! Gjett om eg var stolt oppdretter :) Det vart tre utstillingar til i løpet av sommaren, med gode resultat og tilbakemeldingar.

DSC_0257I skrivande stund er Zulu 9,5 mnd. Ho er ei omgjengelig og roleg ung dame. Uttapå er ho veldig lik Stitch. Innvendig er ho ei god blanding av Stitch og Nia, noko eg er veldig glad for. Aktiv ute og roleg inne. Alltid i godt humør og meiner tydeleg at ho forsatt er så liten at ho får plass på fanget.

No står vinteren for tur, og det blir lite som skjer her. Turar i skog og mark,   litt besøk til Kulen og kanskje er vi så heldige at vi får besøk av ungane til Nia og Stitch?  Her er lenka til bildeserien eg tok då den første snøen kom. Og gjett om Zulu likte det :) Desse blida viser kva Nia og Stitch tykkjer om Zulu sin favorittaktivitet når vi er ute…

DSC_0600

DSC_0596

DSC_0593

Korleis det eigentleg er på Rimma.

Stitch her. Eira har satt igjen pc-en på loftet, veit at Heidi leiter etter den, men no er det jammen ta meg min tur til å fortelje om korleis livet EIGENTLEG er her på Rimma.

DSC_0571
Som de sikkert veit, så har eg flytta på loftet. Eg har nett ikkje tenkt å flytte ned igjen med det fysste heller! Lukas-pusen er her innimellom og held meg med selskap, og eg kjenner det gjere godt å snakke litt mannfolk-prat med han. Ikkje det, han manglar eit par bjeller den katten, men nærare ein god samtalepartnar som forstår meg kjem eg ikkje. Karl-Arne held seg nede i stova, og der sitter han og kosar, gnekar og snakkar med kvalpar! Han har INGEN medkjensle med meg heller, han seier eg er for ømskinna og kan bere vere på loftet om eg skal vere slik! Vurderer å flytte til DSC_0575Sandane og verte hybelbuar saman med Trym. Hadde ikkje det vore for at Eira steller så godt med meg, så hadde eg heilt sikkert dauda av mangel på omsorg og mat!! Kva Heidi og Nia held på med veit eg ikkje, og eg gidde ikkje bry meg heller. Dei kan berre ha det så godt.

 

Ømskinna?? Eg? Moi?? Det er eg slettes ikkje. Kjenner meg tvert imot litt mobba av veldig mange, som eg trudde betre om. (Nevner ikkje namn, men dei som held på med dette veit at det gjeld dei. Spesielt dei som bur på Storebru og ho der inni den store skogen østafjells.) Eg er tross alt ein mann i min beste alder, og å bli lurt til å bli far var ikkje heilt det eg hadde sett for meg. Hadde det som plomma i egget, eg! Eiga seng i karnappen på stova, sofa på loftet og pensjonert frå fe-sjå! Og så skjer dette her…

DSC_0578I mitt elende har eg sent mange tankar ut i eteren, og jammen trur eg det har hjelpt! Den siste veka har det vore mange hyggelige folk her i huset, tusen takk til dei!! Kvar gong dei har reist, så har dei tatt med seg ein kvalp. Jammen er dei kjekke :) Menneska, altså, ikkje kvalpane. Heidi seier at det er gode familiar (eg høyrer no litt på det ho driv og skvaldrar om, då) og at kvalpane kjem til å få det flott dit dei skal. Høyrer rykte om teltturar, dei skal få gå med kløv (når dei vert vaksne), dei skal få vere med på å gå spor, øve agillity og nokre (stakkarar) skal vist inni den der ringen og springe (yack!!) rundt på fe-sjå. Og så finner dei heilt sikkert på masse sjølv og 😉 Eit par av kvalpane får seg storesøsken og. Tykkjer litt synd på dei, storesøsknene altså. Erfaringsmessig er det ikkje enkelt å få slike små i hus. Akkurat no er det 5 i hus, i morgon vert det 3. Tenkjer at snart er det 0 :) Og då kan eg vurdere å flytte ned igjen. Lurer på om eg forsatt får spesialservering om eg flyttar ned? Om ikkje, så vert eg buandes oppe :) Flott utsikt, spesielt frå Eira sitt rom.
DSC_0573
Ka e» det de seie!!?? Skal det vere ein kvalp igjen her?? Som skal bu her?? Heile tida?? Det er det INGEN som har sagt til meg. Ingen har spurt meg om råd heller!! Kjenner meg litt overkjørt her :( Lurer på om det var slik Cleo kjente seg då ho fekk ei lisjesøster? Stønn!! Heidi seier at Cleo og Gina no er perlevenner, og søv sammen. Neimenn om eg trur det. Propaganda, utan tvil. Dobbeltstønn! Har spurt Eira om denne kvalpen som skal DSC_0579bu her, og ho heiter noko slikt som Niob Zulu av Wynnheim. Ser at Nia har kalla ho opp etter seg sjølv, og fullstendig gløymt meg. :( No forstår eg korleis Karl-Arne følte seg då Heidi (frekk som ho er) gav Trym navnet Nikolas istadenfor Nikolai. Kvinnfolka her på garden kan å ta seg til rette…

 

Kvalpane har funne ut at loftet er ein flott stad å vere, spesielt når det gjeld framom garderobeskapa. Der er det speil heile vegen. Eg  kan styre mi begeistring for denne utviklinga. Heidi bør helst passe på at dei ikkje går opp den der trappa, det er tross alt ikkje bra for små kvalpar å springe i trapper. Spesielt ikkje om eg er på toppen av trappa. Vurderer innimellom å gjømme meg i dusjkabinettet, men der har eg sett at dei går inn og. Finnest det ingen stad i huset som er trygt for dei? Ei stund tenkte eg på hønsehuset, men den der hanen er ikkje grei med hundar. Og so såg eg og at kvalpane gikk inn under hønsegården. Så då er ikkje det noko reelt valg. Lukas-pusen seier eg kan få lov til å bu sammen med han i vedaskjulet eller naustet, men der er det skrekkelig med trekk.

Men, sånn heilt alvorleg, tykkjer eg har gjort ein steikje god jobb med dissa kvalpane! Høyrer Heidi snakke om at dei er sosiale og trivlige og likar å kjøyre bil. Heilt sikkert arva frå meg. Og sjå på dissa fine svarte nasene som alle har? DET er iallefall arva frå meg. Nia si nase er jo brun… Hæ? Ressesiv nedarving og dei kunne ikkje bli anna enn svarte, seier du? Bah! Det er eg som har laga dei. Vakre øyrer har dei og. Har høyrt frå ein sikker kilde (Eira) at eg har verdas beste og vakraste øyrer, så det har dei etter meg og. Eigentleg tar eg æra for alt som er bra med dei kvalpane der. Dei er smellvakre og har utan tvil min flotte sjarm og utsjånad. Dersom nokon skulle utvikle dårleg ånde eller tendens til uheldige gassutslepp, så er det Nia sine gener som slår inn… Heilt sikkert… De har sikkert sett bildet av dei små før, men eg er ganske so fornøgde med dei, så det får berre studere dei ein gong til :)

Familiefoto

7 veker

Endelig mandag! Og så vart det onsdag! Jammen kan dagen gå fort i eit hus med ni kvalpar. Kven skulle ha trudd det??

Fytterakker’n så travelt det er i helgane, alle er heime og det skjer noko heile tida. Blir heilt sliten av helg, eg :) Kjekt med Trym heime, men med mykje lekser og store innleveringar å gjere ferdig blir det ikkje mykje å sjå av han. Eller kanskje han sitter på gutterommet og blingser på PC-en og gjere lite og inkje?? Næh… Ein ansvarleg 17-åring gjere vel ikkje slik???

CSC_0355I dag er kvalpane 7 veker + 2 dagar, og dei utviklar seg for kvar dag. Badevekta måtte fram for denne veginga, og Trym hjalp til med grunnvekt, hovedvekt, og så minus for å få kvalpevekt. Her kjem resultata, litt sånn uten rangering :) Og for å ta tre fluger i ein smekk, så blir det dei offisielle namna brukt, dei som står på stamtavla :) Kennelnavnet står til slutt i kvalpenamnet, av Wynnheim. Og så til kvar i Norge dei reiser.

Curium Lea (gul) 5,9 kg. Bergen.
Argon Seven (blå) 6,6 kg. Akershus.
Niob Zulu (rød) 6,6 kg. Blir hos oss.
Neon inThombi (rosa) 5,2 kg. Søker familie.
Wolfram Aro (oransje) 7,1 kg. Sunnfjord.
Helium Cesar (lys blå) 6,5 kg. Sunnfjord.
Nobelium Mio (brun) 7,3 kg. Nordfjord.
Xenon Enya (lilla) 7,2 kg. Arendal.
Nitrogen Storm (grå) 7 kg. Mosjøen.

DSC_0206

Mandag skulle Eira og eg gjere eit forsøk på oppstilte bilder, denne gangen med ridger og hodebilder. Eit ikkje lite prosjekt, for å seie det slik. Og det skulle vi klare mellom foreldresamtale på skulen (eg MÅ hugse og gå.. Og det gjorde eg :) ) og fotballtrening klokka 1730. Det gikk som kjeppar i hjul 😉 Lenka til bilda blir lagt ut, når den er klar. Men ha litt tolmod med oss…. Tirsdag var Nia og eg heime aleine sammen med vidunderene, og vi to er ikkje heilt samkjørt når det gjeld fotografering…Tirsdag var og Lea, Mio og Enya med til Florø og henta meir kvalpefor. Dei andre vart igjen heime, og sov litt medan vi var borte…. Butikken må besøkast i dag, Eira skal på trening, så då vert det meir bilkjøring på kvalpane :)

DSC_0206Zulu har utvikla seg til å bli ei lita klatremus, så å ha kvalpane inne i kvalpekassa går ikkje lenger, med mindre vi er rett i nærleiken slik at vi kan fange ho før ho ramlar ned frå toppen. Så golvvask og støvsuging må no gjerast med ein kvalp rundt kosten. Forsatt betre enn med ni rundt, berre så det er sagt. Om eg ønsker flytte kvalpane frå ein stad til ein anna er det berre å sett ned kosten dit eg vil dei skal, og dunke eit par gonger med den. Og vips! Så er alle flytta. Støvsuging og bråk er ikkje noko problem for denne gjengen. Under formiddagsøkta på søndag var det Trym som måtte kaste inn handkleet pga for mykje lyd og støy. Fyrverkeri, støvsuger, ni kvalpar, Nia, radio på full guffe på kjøkkenet og ei ertete lillesøster vart for mykje for ein kar som driver på med musikk på skulen…. Han påstår det er forskjell på å være klassisk sanger (?) og det bråket vi produserer. Han tar med øyreplugger til helga :)

Ei klassisk leikeøkt betyr litt ute og litt inne. Full fres, løping, hopping, rulling og mykje lyd. Ekstra artig er det å krype under ein stol, og så sjekke ut akustikk i eit lukka miljø framom ute i rommet. Myyykje betre lyd innunder stolen. Det går mykje i jaktleik; byttet blir nedlagt (om ein ikkje treffer på første hopp, prøv igjen), deretter triumferande paradering framom søskenflokken, i håp om at ein av dei, bokstavelig talt, bit på. Då kan ein få litt draleiking. Til slutt stikker den verdige vinnaren av med byttet, og det blir så «stæsja» ein av tre stader; i kvalpekassa, i plastburet eller den brune kvalpesenga. Ved siste kikk i kvalpesenga ligg der ein brukt arbeidshanske, ein skurekost, ein lys blå sokk og ei fille. I buret ligg det berre ein tauknute og ein tennisball. Kvalpekassa har eg nett tømt, så der ligg det fleire filler, ei pip-høne, ein tøysko (svart med blomster på) og masse makulert avispapir. Å ta bilder av Atomgjengen i full utfolding er ikkje like enkelt, som oftast vert det kvalper i bevegelese, eller ei kvalperompe som akkurat klarer å springe framom fotoapparatet, så bildeserien HER klarer ikkje å rettferdiggjere leikeøkta dei hadde mandag formiddag. Ellers er dei smellvakre når dei søv… Berre nyt Cesar sin stil :) DSC_0006

Til helga så reiser først Lea med sin familie til Bergen, og søndag reiser Mio til Flatraket. Begge er under 4 timar herfrå, så det er nært :) Lea har endra seg ein del frå starten. Joda, ho er forsatt ei roleg og betraktande jente, som gjerne kjem og setter seg i fanget for kos. Men ho har og blitt til jenta som ikkje finner seg i tull frå sine søsken, og som kan tulle litt tilbake :) Ho er ikkje lenger den fysisk største jenta, både Enya og Zulu har vekst forbi ho. Apetitten er der, men ho har ikkje hastvverk, og når ho er mett, så er ho mett. Mio har og roa seg i matfatet, og er straks nådd igjen av Aro og Enya. Han er ein roleg kar, og er ved sidan av Seven og Lea dei som er rolegast i kullet. Det er «futt» i han og, det vil nok familien hans merke, men avslapping er ein prioritet så langt.

Thombi (betyr jente på zulu) har ikkje fått seg familie endå, så eg håpar at dei snart melder seg :) Thombi speidar og… 😉 Ho er mitt «hjertebarn», og har fått det beste frå begge foreldra når det gjeld humør; aktiv, CSC_0360spretten, kontaktsøkande og ein ordentlig kosegris.Halen går stort sett heile tida, og ho er ei fornøyelig jente. Og når ho er trøtt, så er ho AV. Den fysiske konstruksjonen er grei nok, den og, det er ballanse i vinklane framme og bak, og ho har ein vakker lang hals og ein av dei beste ridgane i kullet. :) Det som gjer til at det er Zulu som vert igjen her, er det enkle faktum at Zulu på noverande stadie har betre vinklar i fronten. Humørmessig er dei ganske så like, halane lograr jevnt og trutt. Hadde eg kunna, så hadde eg behalde begge to her heime, men det går diverre ikkje. Zulu har anlegg for å bli gartner, og eg ser for meg at det kan bli ein del hull rundtomkring. Her gjelder det å ikkje la søskenbarnet Cleo (på Storebru) få lov til å demonstrere si imponerande evne til å grave hol 😉

Vakre Enya har vokst mykje! Frå å vere nest minst i kullet er ho no nest størst, og det er ikkje fordi ho har ete seg rund. Ho har eit stabilt jevnt humør, og saman med Lea og Cesar er ho ein av dei som setter pris på god akustikk i trange rom… Cesar har «våkna til» siste veka, og har no blitt ein aktiv herreman i leiken. Liten traktor, er han 😉 Ikkje kranglevoren, men aktiv. Han har tydeligvis høyrt litt på Trym når det gjeld uuuulin… ehm… synging. Og der Cesar er, finner ein ofte Seven ikkje så langt unna. Dei må være gutteversjonen av Tuppen og Lillemor. (Zulu og Thombi er Tuppen og Lillemor). Ein kan formelig sjå Seven ta eit hjertesukk over kor teit Cesar kan være, men greit nok, gidder ikkje stresse med han. Han er tross alt nokre timar eldre enn Cesar, og må jo være ansvarleg storebror… Heilt til han sjølv finn på noko teit, slik som å krype under hundesenga i stova og sette seg fast. Han er og veldig flink til makulering av papir, melkekartongar og andre objekt som treng (u)nødvendig demontering. Seven blir meir og meir lik Stitch. Roleg, flink til å finne roen, kontaktsøkande. Blir han like flink kløvhund, så får den nye familien hans god nytte i han. Storm er forsatt aktiv, og jobbar med å bli flinkare til å ete seint… Han er den som syter for at kvalpane under stolen min, de veit, dei som sjekker akustikk, har sammenlikningsgrunnlag korleis lyden er på utsida av vs under stolen. Vurderer å skaffe meg sjølv øyrepropper… Aro er den som har roa seg mykje siste veka. Han er forsatt aktiv, men har forstått at for hard biting resulterer i at ingen vil leike med han… Det svir litt når ingen vil leike, ja. Storm og Aro er som oftast dei to som legg seg til ro sist. Om ikkje Mio vaknar opp og tek seg ei ekstra runde, då :)

Nia deltar aktivt i oppdraginga. Ho oppfører seg av og til som ein kvalp sjølv, men er det ekstra med lyd så er ho kjapt på plass for å sjå kva som skjer. Nokre gonger ser ho på, DSC_0326andre gonger avbryter ho leiken med å stikke hodet sitt imellom. Ho legger seg ned, og då får ho kjapt besøk. Så lenge dei respekterer reglane; melkebaren er stengt, ingen biting og snapping så kan ho ligge lenge og «dytte» saman med kvalpane. Men om dei bryt reglane, så demper ho, og om ikkje det virker, så reiser ho seg og går. Utruleg effektivt. Ho hevar kunn «stemma» når kvalpane trur at ho eigentleg ikkje meiner at melkebaren er stengt, og at det berre er å bite seg hardt nok fast så får ein det som ein vil. Er det andre foreldre som kjenner seg igjen? :) Stitch er heilt DSC_0180sikker på at han ikkje har noko som helst å bidra med når det gjeld oppdraging. Brennsikker! Han kjem ned frå loftet når han er sikker på at kvalpane ikkje er på stova, og blir nede til dei kjem ut dit. Då stikker han kjapt på loftet! Mannfolk!

Vi snakkast :)