Kennel info

Kennel Wynnheim er eit lite oppdrett av rasen Rhodesian Ridgeback.  Vi bur i Eikefjord, Sogn og Fjordane. Bygda ligger midt mellom Florø og Førde, rett ved sidan av fjorden.

«Vi» er to vaksne: Karl-Arne og Heidi, ein tenåring:Eira og ein utflytta ung mann: Trym.

Den første ridgebacken kom i hus i 1992. Sidan den gongen har det alltid vore minst ein hund i hus. Vi har vore medlem av Norsk Rhodesian Ridgeback klubb så lenge vi har hatt ridgeback. I dag er det Zulu og Shani som bur saman med oss.

Ein ridgeback er ein hund som trenger å vere ein del av familien, den har eit sterkt flokkinstinkt og har stor omsorgsvilje for sin flokk. Våre hundar er (nesten?) som fir-beinte born, og er med på det aller meste som skjer i familien.

Eira og Stitch (verdas beste ridgeback, sånn ved sidan av Nia og Zulu og Storm og Shani og… Han reiste til hundehimmelen nesten 10 år gammal) hadde eit unikt kameratskap, som det er få forunt å oppleve. Dei vaks opp saman, gikk på skattejakt, «kjempa» mot monster og stjelte kaker. Det fantest ingen betre hund enn Stitch, meiner Eira. Kanskje unntatt Storm, då… Som er Stitch sin son. Storm har no flytta til Otta sammen med sin nye familie. Zulu er dotter til Stitch og Nia, og ho er Karl-Arne si prinsesse. I alle fall om morgonen når dei sit i samme stol på kjøkkenet og et frukost. Shani er siste tilskot i familien, ho er dotter til Nia og Justin. Ho har overtatt mor Nia si rolle i familien som den O Store Lograren, etter at Nia døde.  Og om nokon er i tvil, så er Heidi minst like begeistra for hundane våre som resten av familien.

Kort sagt, for oss er eit liv utan ridgeback det same som eit liv med litt mindre innhald og opplevingar.

Ønsket til oss her på Kennel Wynnheim er å oppdrette slike fantastiske ridgebackar, som det vi sjølv har gleda av å bu saman med, slik at andre ridgebackheimar kan oppleve den ekstra gleda det er å dele kvardagen med denne fantastiske rasen. Vi har som mål å avle mentalt sunne, fysisk friske og vakre ridgebackar. Utanom å velge sunne foreldredyr er oppdrettaren si viktigaste oppgåve å sosialisere kvalpane før dei reiser til sine nye heimar. Likevel, vår største glede vil vere å gje andre muligheita til å dele eit hundeliv saman med ein ridgeback frå oss.

Ein kvalpekjøpar kan forvente å få ein venn for livet i ridgebacken sin. Denne vennen får ein ikkje utan innsats i oppsedinga. Ridgebacken er ein rase som treng ein god og trygg flokkførar, slik at dei naturlege instinkta til ridgebacken , jakt- og vaktinstinkt, ikkje får fritt spelerom. Det anbefalast å gå på kvalpekurs og delta på sosialiseringstreff hos den lokale hundeklubben (om mogeleg). Her hos oss vil det bli lagt stor vekt på sosialisering dei vekene kvalpane bur her. Andre mennesker, andre dyr, bilkjøring, besøke nye heimar, høyre ulike lydar og gå på ulike underlag. Vi bur landleg, så turar på mark, skog og i fjæra blir det. Alle kvalpar frå oss vil ha vore med på fleire bilturar innan dei reiser herfrå.

Til våre kvalpekjøparar:

Vi forventar å få høyre korleis kvardagen er saman med den nye ridgebacken. Både gleder og sorger. Gjennom heile livet til ridgebacken. Kor mykje kontakt det vert bestemmer de sjølve, men det er viktig for oss å få tilbakemeldingar. Uansett om dei er positive eller negative. Dersom ein ikkje har god nok informasjon kan ein jo ikkje forbedre neste generasjon. Heidi og Karl-Arne har hatt, og har forsatt, stor glede av kontakt med dei oppdrettarane dei har kjøpt hund frå. Så tusen takk til Trond Petter, Linda, Anne-Britt og Marit. Dei har sett eit godt eksempel for korleis ein god oppdrettar skal vere når det gjeld kontakt med kvalpekjøparar. Fysiske avstandar i vårt langstrakte land er ikkje eit større hinder enn det ein sjølv gjer det til, spesielt ikkje i dag med internett og dei mulegheitene som er der.

Har de lyst til å komme ein tur til Eikefjord, ta kontakt og avtal når det passar. Eit hyggelig hundebesøk er det alltid kjekt å få.