Just kull

Vi er veldig stolte over dei ni kvalpane til Nia og Justin! Fire gutar og fem jenter kom til verda søndag 10. januar.

12398608_10153774020075586_1502472684_o

Justin (Ridgedog’s Heartbreaker Justin) er ein sosial og glad kar,  og er ikkje den som bekymrar seg så mykje. Livet er for moro til det. Matmor Jeanette beskriver han slik: Justin er en fantastisk familiehund som elsker kontakt og kos! Han lærer fort og tar utfordringer på strak pote. Samtidigt er han en veldig mild og snill hannhund!

Han bur saman med «storerbror» Birk på fire poter, matmor, matfar og veslebror.

Nia (Kangelani’s Kuwa Nia) er den ubestridte leiaren i hundeflokken vår. Ikkje fordi ho må lede, men fordi ho er den som ikkje lar seg trekke opp. Livserfaring er bra å ha :) Nia er veldig lettlært, og lar seg lett motivere av ein godbit. Om det går nokre minutt sidan sist ho såg nokon i familien, så går halen som ein propell. Og om besøket vårt ventar for lenge på å gå ut av bilen, kan gjerne Nia synge ein klagesang eller to i ventetida. At vi no endeleg skal få lov til å få endå ei «prinsesse» etter Nia er vi veldig lykkelige over.

Både Justin og Nia har vore i utstillingsringen, og har gode premieringar å vise til. Nia er ein levernase-ridgeback, det betyr berre at ho har brun nase og ravfarga auge. Dette er ein godkjent og ønska variant av ridgebacken, berre omlag 5% er levernaser. Vi har eit ørlite håp om at det kan komme levernase etter Justin og Nia, då Justin har ein forfader eit stykke bak i stamtavla si som og var levernase. Mest sannsynelg vert alle svarte på nasa, akkura slik som sin far.

Vi forventar at kvalpane vert rasetypiske, med moderat «motor». Ein ridgeback vil uansett størrelse på «motoren» halde ut lenger enn vi på to klarer :) Dei reiser herfrå med mange ulike erfaringar innabords, godt utstyrde til å møte verda i sin nye heim. Kanskje vert nokon av kvalpane fødde med skjønnhetsfeil, noko som ikkje har anna betydning enn at å gå på utstilling og å drive med oppdrett er utelukka. Desse skal ha akkurat like gode heimar som dei kvalpane som ikkje har skjønnhetsfeil. Vi sender med kvalpefor for litt over ei veke og eit teppe med god-lukt i når dei reiser herfrå. Dei vil då ha med seg veterinærattest, vere chippa og registrerte hos NKK.

Kva ønsker vi frå våre kvalpekjøparar? Vi ønsker at den nye kvalpen skal vere eit familiemedlem og turkamerat. Ridgebacken er ingen hund som liker å vere adskilt frå familien sin, h*n treng å vere med der det skjer. De treng ikkje love oss å halde på med utstilling, lydighet, blodspor eller agility, sjølv om slike hundesportar er veldig kjekke å vere med på. Vi anbefalar sterkt kvalpekurs, om det er tilgjengelig. At de kan litt om korleis hundar lærar er ein fordel, men det er ikkje noko krav at de har hatt hund tidlegare.

Kva kan de vente dykk frå oss? Vi vil alltid vere her, om de har spørsmål eller treng hjelp. Kanskje vi ikkje har svaret, men vi kan hjelpe til med å finne det. Vi ønsker jevnlige oppdateringar om korleis det går med kvalpen.

Bilder av Nia og Justin finner de på Facebook hos Kennel Wynnheim / Heidi Rimmen og Justin sin oppdrettar Ann Kristin Wien Stubberud / Kennel Ridgedogs.

Ønsker du meir informasjon eller berre vil slå av ein hundeprat, send oss ein e-post eller ring! Vi ser fram til å høyre frå dykk.