Tre veker -og ein dag til.

I kvalpekassa skjer utviklinga raskt. Sidan sist har alle kvalpane fått tenner. No går dei DSC_0153ikkje lenger, dei springer. Dei trillar forsatt overende rett som det er, men dei er kjapt oppe på beina igjen, og traskar freidig vidare. Kvalpekassa er utvida, det grønne skillet mellom soveplassen og «restarealet» er fjerna. Verda har vorten dobbelt så stor for gjengen. Kvalpane nyter å ha større areal, Nia lurer på om ho får større matrasjon/godbitar for å kompensere for det auka arealet ho må halde reint :)

DSC_0149Kvalpane leikar no litt med kvarandre, i veldig korte økter, før dei sovnar igjen eller hiv seg i matfatet. Lydvolumet er ikkje det heilt store endå, det tek seg vel opp om ikkje så lenge. Fredag som var fikk alle ein liten smakebit av oppbløyta tørrfor, etter at vi tok «portrettfoto» av kvalpane. Nam-nam. Bilda av kvalpane finner de på Kennel Wynnheim si side på CSC_0135Facebook: Wynnheim Rhodesian Ridgebacks. Nia satte og stor pris på denne fotoseansen, ho gjorde ein stor jobb i oppryddingsarbeidet. Små kvalpar et med heile seg, så ofte er det meir mat på utsida enn på innsida 😀

Den kommande veka er det Nia og Karl-Arne som regjerer i kvalpekassa. Eira og Heidi er på tur til Tigerstaden. For å hjelpe Karl-Arne til å halde orden i kvalpane har vi hatt band på kvalpane. Lista er då:

Jentene: Lilla -Vikki V, Svart -Bowie Fersken -Dot, Oransje -Stella, Grønn -Easy

Gutta: Mørk blå: Mr T, Lys blå -Emm, Rødt -Bobla, Rosa -Surprise.

Ei litt kjedelig 😉 bivirkning av at Nia og Karl-Arne er akkurat like flinke til å ta bilder er at det vert lite med bilder. Vi får alle leve i spenning fram til helga; kor mykje har kvalpane vokst og endra seg frå mandag til fredag? Heidi kjenner no litt på den samme kjensla som dei kommande familiane gjere: mykje som skjer og så lite å få med seg :)

DSC_0171