Seks kjappe veker.

CSC_0016

Om berre to korte veker reiser første kvalp heim til sin nye familie. Heldigvis skal ei av jenten vere att her, så heilt tomt vert det ikkje :) På grunn av avbestilling har vi att ein korrekt hannhund, Rafiki med det lys blå/turkis halsbandet. Ein sindig og kjekk kar. Er det nokon som trur Rafiki kan passe inn i deira familie, så ta kontakt :)

CSC_0010Atom-gjengen frå Nia og Stitch vart 3 år 18. februar. Ein stor gratulasjon til alle kvalpane og familiane deira :) Zulu og Storm tok heile greia med stor ro, slik det høver seg ein ridgeback (når ein er inne).

I går fekk kvalpane ormekur nr 3 (av 4), så alle var ein tur på vekta. Bowie (svart) er minst med sine 4.2 kilo, tyngst er Herje (mørk blå) med 5.6 DSC_0050kilo. Resten av gjengen ligger rundt 4.7 kilo, med nokre få gram i forskjell. Ein jevn gjeng, sånn sett. Vi forer med Royal Canin Maxi og Puppy frå Vom og Hundemat. Mat er alltid godt, aller best likar dei våtforet frå Vom og Hundemat.

For kvalpane består livet for det meste av søvn. Dei elskar å ligge i samme haug, og dei er fantastisk søte når dei ligg DSC_0041slik. Ikkje så søte når ein plutselig har ein piraya i stortåa, men det skjer heldigvis berre med Karl-Arne og ikkje Heidi 😉 Når dei er våkne, så er det mykje løping, draleik, og tygging på leikar som er viktig. Under senga kan det høyrest ut som om det har flytta inn ein elefantflokk, men det er «berre» kvalpane som øver seg på stemmebruk :) Radioen spelar i bakgrunnen, og om ikkje den står på så er det fyrverkeri, musikk, kjøkkenlydar og trafikklydar som vert spelt. Youtube er bra, det :)

DSC_0142 Kvalpane har vore ute, i veldig korte periodar. Minusgrader og nesten utan pels er frys-frys. Nokre dagar har det vore så mykje vind og regn at det ikkje har vore verandes ute for vaksne hundar heller. I dag er det eit par-tre centimeter med slaps, det var faktisk det kjekkaste så langt. Alle har vore med på biltur, og vi har og vore på besøk hos andre. Ny tur ventar i dag, på besøk til ein familie med to kjekke dachs-hundar. Det er ordentlig artig med nytt golv under føtta, nye mennesker å helse på og andre hundar å DSC_0059leike med :) Veldig kjekt for oss to-beinte å sjå at kvalpane forstår og respekterer kva andre voksne hundedamer fortel dei. Nia er flink :)

Melkebaren, ja. Nia har tatt sjefsavgersla om at ho er den som bestemmer når den er åpen og ikkje. Er den stengt, så kan vi leike, kose og vaske, men ikkje drikke. Dersom tilsnakk ikkje vert høyrt, så går ho vekk. I byrjinga forsto ikkje kvalpane dette, men no er det heilt greit, det blir som mutter’n har sagt. La oss heller leike :)

Fleire bilder finner de på facebooksida til Wynnheim Rhodesian Ridgebacks. Nokre gongar er vi flinke og legger ut mange bilder, andre dagar er det berre eit par bilder som finner vegen dit.

Storm og Zulu anbefaler alle å gjere som dei: Nyt resten av helga, og ta livet med ro så lenge du er inne!

DSC_0004CSC_0011DSC_0046