To veker gamle

DSC_0030Livet på kjøkkenet er godt :) Kvalpane veks, dei har dobla vekta si, noko vi er godt fornøgde med. Siste to dagane har kvalpane fått litt morsmelktillegg to gongar for dagen. Nia har fem jur som produserer for fullt, og med ni kvalpar er det litt travelt ved melkebaren. Så vi tilbyr tillegg, og dei som er svoltne drikk. Vekta til kvalpane er det ikkje noko å seie på, den aukar jevnt og trutt, akkurat slik den skal gjere. Alle har passert kiloet og vel så det :)

Kvalpekassa er eigentleg vaskerommet vårt, der vi har dør mellom kjøkkenet og vaskerommet. Vaskemaskin og tørketrommel er flytta ut og inn på badet tvers over gangen. Litt mindre plass til rot og skitne kle, mykje plass for kvalpane og Nia :)

DSC_0032

Alle kvalpane har no åpna augene sine, og det er ikkje vanskelig å sjå at dei betraktar omverda. Dei setter seg opp, og kikker seg rundt. Nasa er forsatt viktig for dei. Når vi setter oss ned i kassa, så ser (og høyrer) vi at nasene vibrerar, deretter kjem dei på ustødige bein opp i fanget vårt. <3 Dei likar å bli tatt på, og litt forsiktig stryking på ein mett og god DSC_0037mage er så deilig at ein kan sovne :) Når kvalpane får tillegg er det heilt vanleg at minst ein av kvalpane legger seg i fanget for å sove/kose. Litt livleg med tre kvalpar i fanget; ein som drikk, ein som ventar på tur og ein som berre vil vere nær.

Kvalpane øver seg på å gå, og no er dei så flinke at dei klarar gjerne tre-fire-fem steg før dei tippar over og trillar av gårde. Ein skal jo ikkje le, men vi dreg på smilebandet ganske ofte.

Nia tek no pausar litt oftare, ho ligger ikkje 24/7 i kvalpekassa, meir som 20/7. Ho tilbringer mykje tid i kassa saman med kvalpane, vaskar og pussar på dei. Kvalpane søv forsatt mesteparten av tida, og resten av tida et dei. Dei har byrja gå til eit hjørne av kassa for å tisse, instinktet seier dei at soveplassen skal vere rein. Spennande å sjå korleis dette utviklar seg i dei kommande vekene. Nia sjekkar alle kvalpane og kassa kvar gong ho kjem tilbake etter ei lenger pause. Fine, det er ho <3 😀

DSC_0017 Her søv kvalpane godt. Det er ingen fast regel kven av dei som søv i klynga og kven som kanskje søv «solo». Enkelte gongar ligger alle i samme haug, andre gongar velger dei denne litt spredde varianten.

Når Nia kjem tilbake får ho fort liv i alle, kvar enkelt vert sjekka og DSC_0021eventuelt vaska.