Ei veke gamle

I dag tykkjer vi det er ekstra godt å ha ein roleg søndag. Stell av mor og kvalpar er sjølvsagt gjort, men anna enn det er vi på to føtter på ladding. Unnateke Karl-Arne, han kosar seg i kjellaren med reparasjon av vaskemaskin.  Middagagslaging er delegert til Eira, Heidi gjettar det vert taco 😉 😉

DSC_0057

Nia og kvalpane har det bra. Ei stund hadde vi ganske så boblete kvalpar, dei fekk kolikk. Heldigvis er dei mykje mykje betre no. Eit tips til andre som skal ha kvalpar i hus: Minifom. Det fungerar faktisk! Og Heidi som alltid har trudd at slike dråpar berre hadde placeboeffekt. Heldigvis har ikkje kvalpane den trua :)

Zulu og Nia har vore på korte-korte lufteturar saman, noko begge to vart veldig glade for. Zulu får likevel forsette som einebuar ute på stova ei stund til. Nia skal forsatt ha fred og ro.

Ute har vi vinter, kvit og fin. Første turen Nia hadde ut i snøen og kulda (fasjonabelt påkledd i siste mote av understellsbeskyttar) fekk ho ekstra sprett i steget, og trava rundt i god fart. Ho var på veg til å ta seg ei god rulle, men kom i siste liten på at ho kanskje ikkje skulle likavel. Ho fekk no i alle fall godt med snø i fjeset 😀 Rare Nia 😀 No håpar vi at snøen vert liggande, og at vi ikkje får nokre veker med skikkelig vestlandsvinter.