To veker gamle

DSC_0030Livet på kjøkkenet er godt :) Kvalpane veks, dei har dobla vekta si, noko vi er godt fornøgde med. Siste to dagane har kvalpane fått litt morsmelktillegg to gongar for dagen. Nia har fem jur som produserer for fullt, og med ni kvalpar er det litt travelt ved melkebaren. Så vi tilbyr tillegg, og dei som er svoltne drikk. Vekta til kvalpane er det ikkje noko å seie på, den aukar jevnt og trutt, akkurat slik den skal gjere. Alle har passert kiloet og vel så det :)

Kvalpekassa er eigentleg vaskerommet vårt, der vi har dør mellom kjøkkenet og vaskerommet. Vaskemaskin og tørketrommel er flytta ut og inn på badet tvers over gangen. Litt mindre plass til rot og skitne kle, mykje plass for kvalpane og Nia :)

DSC_0032

Alle kvalpane har no åpna augene sine, og det er ikkje vanskelig å sjå at dei betraktar omverda. Dei setter seg opp, og kikker seg rundt. Nasa er forsatt viktig for dei. Når vi setter oss ned i kassa, så ser (og høyrer) vi at nasene vibrerar, deretter kjem dei på ustødige bein opp i fanget vårt. <3 Dei likar å bli tatt på, og litt forsiktig stryking på ein mett og god DSC_0037mage er så deilig at ein kan sovne :) Når kvalpane får tillegg er det heilt vanleg at minst ein av kvalpane legger seg i fanget for å sove/kose. Litt livleg med tre kvalpar i fanget; ein som drikk, ein som ventar på tur og ein som berre vil vere nær.

Kvalpane øver seg på å gå, og no er dei så flinke at dei klarar gjerne tre-fire-fem steg før dei tippar over og trillar av gårde. Ein skal jo ikkje le, men vi dreg på smilebandet ganske ofte.

Nia tek no pausar litt oftare, ho ligger ikkje 24/7 i kvalpekassa, meir som 20/7. Ho tilbringer mykje tid i kassa saman med kvalpane, vaskar og pussar på dei. Kvalpane søv forsatt mesteparten av tida, og resten av tida et dei. Dei har byrja gå til eit hjørne av kassa for å tisse, instinktet seier dei at soveplassen skal vere rein. Spennande å sjå korleis dette utviklar seg i dei kommande vekene. Nia sjekkar alle kvalpane og kassa kvar gong ho kjem tilbake etter ei lenger pause. Fine, det er ho <3 😀

DSC_0017 Her søv kvalpane godt. Det er ingen fast regel kven av dei som søv i klynga og kven som kanskje søv «solo». Enkelte gongar ligger alle i samme haug, andre gongar velger dei denne litt spredde varianten.

Når Nia kjem tilbake får ho fort liv i alle, kvar enkelt vert sjekka og DSC_0021eventuelt vaska.

 

Ei veke gamle

I dag tykkjer vi det er ekstra godt å ha ein roleg søndag. Stell av mor og kvalpar er sjølvsagt gjort, men anna enn det er vi på to føtter på ladding. Unnateke Karl-Arne, han kosar seg i kjellaren med reparasjon av vaskemaskin.  Middagagslaging er delegert til Eira, Heidi gjettar det vert taco 😉 😉

DSC_0057

Nia og kvalpane har det bra. Ei stund hadde vi ganske så boblete kvalpar, dei fekk kolikk. Heldigvis er dei mykje mykje betre no. Eit tips til andre som skal ha kvalpar i hus: Minifom. Det fungerar faktisk! Og Heidi som alltid har trudd at slike dråpar berre hadde placeboeffekt. Heldigvis har ikkje kvalpane den trua :)

Zulu og Nia har vore på korte-korte lufteturar saman, noko begge to vart veldig glade for. Zulu får likevel forsette som einebuar ute på stova ei stund til. Nia skal forsatt ha fred og ro.

Ute har vi vinter, kvit og fin. Første turen Nia hadde ut i snøen og kulda (fasjonabelt påkledd i siste mote av understellsbeskyttar) fekk ho ekstra sprett i steget, og trava rundt i god fart. Ho var på veg til å ta seg ei god rulle, men kom i siste liten på at ho kanskje ikkje skulle likavel. Ho fekk no i alle fall godt med snø i fjeset 😀 Rare Nia 😀 No håpar vi at snøen vert liggande, og at vi ikkje får nokre veker med skikkelig vestlandsvinter.

 

Travle dagar

DSC_0043Justin og Nia sine kvalpar kom 10. januar. Fire gutar og fem jenter var det Nia skjulte inne i Pondusen. Minste gutten vog 500 gram, ellers var vekta mellom 600-630 gram. Vi gledar oss over dei små mirakelene vi har fått i hus :) Nia steller godt med dei små, og har knapt tid til å gå på do. Matlyst har ho, men som ei ekte prinsesse må den serverast på senga, kvalpane forlet ho ikkje :)

Justin har fått beskjed om at han er nibarnsfar, og slik beskriver matmor reaksjonen, bådeJustinnyhet med ord og bilde :Justin er fortsatt veeeeeldig flink med å ta d med ro. .. Han kasta et blikk på meg å gjespet når jeg fortalte han at han nå var blitt 9 barns far!! Justin ligger og hviler for flotte Nia mor og valpene!!

Justin får vere unnskyldt for det trøtte blikket, tidleg morgon og alt det der 😉

 

Dagane etter fødselen har gått med på å hente seg inn etter strabasane, stelle fint med prinsesse Nia og kvalpane, oppdatere kvalpekjøparar og snakke i telefonen. Om det er nokon som lurer, så har vi ledige tre kvalpar, begge kjønn.

 

CSC_0056Akkurat no dier kvalpane, halane står opp og vibrerer. Nyyydelige lydar. Og like plutselig som etegildet startar, så er det heilt stille og kvalpane er i melkekoma 😉 Nokre få bilder har vi tatt, men sidan vi må bruke blitz er det ikkje så mange. På bildet er ein av gutta, mett og god i magen. Er det mulig at han har samma stilen som sin far?

 

DSC_0044