Det er ikkje BareBare!

Vi skal ha kvalpar! Tenke seg til :) Veien hit har vore litt kronglete, og ikkje heilt etter den tidsramma vi såg for oss. Som Karl-Arne elskar å seie: Det er ikkje BareBare!

12398608_10153774020075586_1502472684_o

Heidi og Karl-Arne har leeeenge snakka om ny kvalp, men ikkje mange kull ute i den vide verda freista. Heidi gikk heile tida og tenkte «og eg som har så lyst på ei jente etter Nia». Etter halvtanna år i ventetid vart det bestemt å prøve. Heidi har lenge tenkt på kva linjer ho ønska, så valg av hannhund var veldig enkelt: Ridgedogs Heartbreaker Justin <3 <3 Ein justinrolegmorgonomgjengelig og sosial kar, trygg på seg sjølv og veldig lett å like. Heidi hadde planlagt kull sommaren 2016, sidan ho trudde Nia kom til å få løpetid rett før jul Og å kjøre over fjella østover til Justin midt på svartaste vinteren var ikkje i Heidi sine (pysete) planer.

Nia tok imidlertid saka i eigne potar, og fikk løpetid ein av dei aller siste dagane i oktober. Heidi hadde igjen tenkt å utsette planane, sidan forventa parringstidspunkt ville komme midt i ein veke med mange avtaler som ikkje kunne endrast. Heldigvis tok Heidi blodprøve, og den viste at her var det bare å hive seg rundt og kjøre! Nia sine hormon steig mykje raskare enn nokon gong tidlegare.

Ei kald helg først i november møttest Nia og Justin for første gang, og Nia tykte han var lekker :) Oh, lalalal 😀 For ein stilig kar, han formelig flaut i lufta der han oppvarta Nia <3 Det var to som tydelig likte kvarandre <3 Litt bilder frå forsøka har vi, men dei deler vi ikkje.

Vel heime starta den ulidelig lange ventetida. Var Nia drektig? Kom ho til å klare seg forbi den skumle perioden frå dag 28-32? Heidi biter ikkje negler, men det vart vurdert. Karl-Arne hadde inspeksjon av Nia si livlinje ved kvar frukost. Var det endringar å spore? Alle DSC_0130«bøy og tøy» øvelsar som Nia gjorde vart observert. Kunne vi sjå noko? Nia sjølv var i god form, og virka til å vere godt nøgde med seg sjølv. Lurer litt på om ho lo av oss og all den «inspiseringa» vi gjorde. Kos er uansett velkomment, det likar Nia :)

 

 

Heldigvis, magen til Nia har vokst jevnt og trutt, og i dag er ho 42 dagar (av 63) på veg. Endelig kan vi sleppe gleda laus: Vi skal ha kvalpar!

Stort sett alle kull har eit tema, gjerne CSC_0032i alfabetisk rekkefølge. Heidi har latt seg inspirere av all spenninga og alt som har skjedd fram til i dag. Det er jo ikkje BareBare å gå rundt å vente slik. I Heidi sitt hode har dette kullet navnet BareBare, men det er ikkje noko navn å ha på «fødselsattesten» for ein kvalp. Heldigvis har Justin vore til stor hjelp, og for å ære hans bidrag til den kommande kvalpeflokken, så skal alle kvalpane få fornavnet Just og etternavnet vert Wynnheim. Så får dei nye familiane finne på mellomnavnet, det navnet som til dagleg skal brukast. Ei slik løysing er jo regelrett JUST PERFECT :) :)

 

justin hode

 

 

 

 

CSC_0039 – Kopi