Homla susar…

Eller på godt bokmål: Humla suser 😉 Todelt meining; alt er med det samme gamle, ikkje noko nytt. Aller mest sannsynleg er det at endeleg er det vår 😀 Litt solskinn, plommeblomster, kvitveis og homlesus. Det er vår!

DSC_0065Eg (Heidi) nyter drivhus og det som blømer der ute. Luktar godt gjere det og, krukka med lavendel har overvintra inne, og lavendellukta sitter godt i. Malva (bildet) har starta sesongen tidleg, og er vakker å sjå på. Tomatplantane står på rekke og rad, stryk ein handa forsiktig over blada kjem den gode tomatlukta. Ute har eg DSC_0057fått Karl-Arne og ungane til å jobbe for meg, slik at grønnsakhagen byrjar ta form. For eit år sidan sto det eit stort vedahus, med mange mål ved i, akkurat på den staden grønnsakene skal dyrkast. Jammen godt eg er flink til delegering av arbeid 😉 Eg har valgt det området som får mest sol (fjellet stenger for sola i 5 mnd). Her hos oss er det alltid vind om sommaren, så vindgjerder må til. Og kvifor ikkje bruke noko vi har meir enn nok av her på Rimma når vindgjerder skal lagast? Kvist er det meir enn rikelig av. Vanleg gjerdenetting kjem opp og, vi er nødt til å stenge ute Nia og hjorten, ellers vert det lite å ete på seinare :) I fjor åt Nia all salaten eg sådde, i år skal eg passe betre på! 😀

 

DSC_0055

Nia og Zulu har so langt ikkje fått seg ny kvalp. Men eg leitar etter «den rette», fram til då får dei nyte eige selskap. Dei trivast i kvarandre sitt selskap. Zulu er no to år, og inn i mellom testar ho grenser, noko som er heilt normalt og sunt. Nia er dyktig, og korrigerer uønska adferd frå Zulu med bitte små signal. Eg er reint ut imponert. Ein ting har ikkje Nia klart å få Zulu til å slutte med, det er å springe so fort at Nia ikkje når ho igjen. Zulu er ei ekte turboprinsesse når det gjeld akselerasjon, navigering og krumspring.

DSC_0104