Trippel B!

Litt rar overskrift? Jojo, men akkurat no er det tre ting som opptek Heidi sine tankar: Bikkjer.Breiband.Blomster.

Breiband…. Tja, det skulle vi svært gjerne hatt her på Rimma, men sidan 2. desember 2014 har det vore dårleg med slikt. Styggeveir med mykje vind og lynnedslag har sørga for at nyhende frå oss ikkje har vorte publisert. Gleda har vore stor inn i mellom, når sendaren vart fiksa. Den var alltid kortvarig, då det berre var ein dag eller to før det forsvant igjen. Og for eit par dagar sidan fikk vi beskjed frå nettleverandøren vår at dei legg ned sendaren på Hatlesetnipa, med tilbakevirkande kraft. Så fort gjort kan ein avskjere 35 husstandar frå nettet. Tenåringen og mor i huset er litt meir enn ¤%!!»#??!&& harnisk; no er det slutt på alt frå banktjenester, oppdateringar av FB, heimesider og instagram. Skype og streaming frå Nettflix er heilt ute. Løysinga vert mobilt breiband, men det kan på ingen måte samanliknast med ordinær nettilgang, vi må jo halde oss på ein passe smal sti og ikkje bruke opp dei GigaBytes som vi har tilgjengelig. Vi er alle opprørt over den dårlege kundebehandlinga vi har fått frå Breiband.

Bikkjene, derimot, er alltid noko som gjev glede :) Som alle sikkert har forstått, kvalpane i Nia sin mage vart absorbert i overgangen november/desember. Etter at Heidi fikk stadfesta den dårlige nyheta, og fekk informert alle kvalpekjøparane, så skulle ho surmule (oversetting: vere sur og lei seg) i eit par dagar før oppdateringa av heimesida skulle gjerast. Innan ho var klar til oppdatering, så var nettet borte! Heldigvis er Nia frisk og rask, ho sjølv har ikkje hatt vanskar eller problem med at kvalpane vart absorbert. Mest sannsynlig har Nia fått ein skade i livmora, slik at den ikkje kan utvide seg. Eller ho kan ha for liten produksjon av hormonet progesteron, eit hormon som MÅ vere tilstades, ellers forsvinn kvalpane. Uansett årsak, Nia er no «pensjonert» og får nøye seg med å vere mamma til A-gjengen.

Ny bikkje? Joda, det vert det mest sannsynlig i løpet av 2015 :) Nia og Zulu treng ei lita frøken å dele hus med, Heidi er heilt sikker på at tre er eit alldeles flott tal når det gjeld kor mange bikkjer ein treng i eit hus 😉 Og kven veit, kanskje den nye ridgeback-frøkna vil vere «kvalifisert» til å verte mamma om nokre år? Draumen om oppdrett av gode og vakre ridgebackar er ikkje lagt vekk, den er berre satt på pause.

Fram til det skjer, har Heidi sin nye hobby potensiale til å sysselsette heile familien 😀 Det er ikkje berre berre å drive oppal av Blomster (og grønnsaker). Ute er det -5C, men Heidi sår frø på frø, i boksar, potter og fat. Ikkje i drivhuset, men på loftet. Dei fyste spede spirane er klar til utflytting i drivhuset, så snart temperaturen bikkar 3-4 C ute, så kan drivhuset varmast opp til 10 C, og alle dei vakre blomstrane kan vekse seg store og frodige, klare til utplanting når nattefrosten er borte. Det er ikkje meir enn nokre få veker til, så er våren her. Då skal Heidi utstyre alle med spadar og arbeidshanskar, her skal det annleggast blomsterbed og grønnsaksåker! Heidi er sikker på at alle gledar seg stort til prosjektet 😉

Vi her på Rimma ønskjer alle ein forsatt god vinter, hugs på, våren er berre nokre få korte veker unna!