Dag 26

DSC_0278For ei julefeiring vi skal ha her på Rimma i år! Enten kan vi feire den saman med ein gjeng heilt nyfødde kvalpar, eller so er vi opptekne med å ta i mot kvalpar. Ja, for vi kan trygt fastslå at Pondusen til Nia har gjort sin entre :) Nia er langt inne i si eiga vesle verd, og har fått ny hovudaktivitet: Avslapping! Det gjeld både inne og ute. Det e sooo deeeilig å strekke seg ut, så lang ein er, og berre vente på å få kos! Pondusgrilling, kan ein vel kalle avslapping framom ein glovarm vedomnen :)

DSC_0285Pondusen til Nia har alt lagt seg ut, og Heidi var litt engsteleg for at det har vore for mykje mat å få. Aktivitetsnivået har jo minka, det har ikkje matmengda gjort. Men som bildet viser, det er nok ikkje på ribbebeina maten har lagt seg 😉 Frukosten smakar for tida ikkje i det heile tatt. Vi vonar morgonkvalmen ikkje vert verre og DSC_0260at den gjev seg i løpet av dei næraste dagane.  Det oppstilte bildet er frå i går. Skal verte artig å sjå kor mykje profilen endrar seg fram mot julafta. Ved inseminering var Nia 68 cm rundt magen, No er ho på 73 cm. Med A-kullet klarte Nia å auke til akkurat 100 blank…

 

Zulu er forsatt litt forvirra over at sporty Nia ikkje lenger er særleg sporty, og forsøker CSC_0354dei mest utrulege krumspring for å få fart i mora. Nia lar seg ikkje freiste av pinneleiken ein gong! Kva skal ei stakkars ungfrøken finne på? Dårlig med mat for ho er det og, Heidi har heilt tydeleg (og urettvist) oversett ho når det gjeld mat midt på dagen. Nia får middag, medan ho må stå og sjå på. Det er dårleg gjort, det!

Her forsøker Zulu å freiste Nia med ein lekker og passe stor tyggepinne. Nia seier seg nøgd med ein liten bjørkekvist, og Zulu lukkast ikkje med freistinga.

CSC_0352

 

 

 

 

 

 

CSC_0351