Dag 26

DSC_0278For ei julefeiring vi skal ha her på Rimma i år! Enten kan vi feire den saman med ein gjeng heilt nyfødde kvalpar, eller so er vi opptekne med å ta i mot kvalpar. Ja, for vi kan trygt fastslå at Pondusen til Nia har gjort sin entre :) Nia er langt inne i si eiga vesle verd, og har fått ny hovudaktivitet: Avslapping! Det gjeld både inne og ute. Det e sooo deeeilig å strekke seg ut, så lang ein er, og berre vente på å få kos! Pondusgrilling, kan ein vel kalle avslapping framom ein glovarm vedomnen :)

DSC_0285Pondusen til Nia har alt lagt seg ut, og Heidi var litt engsteleg for at det har vore for mykje mat å få. Aktivitetsnivået har jo minka, det har ikkje matmengda gjort. Men som bildet viser, det er nok ikkje på ribbebeina maten har lagt seg 😉 Frukosten smakar for tida ikkje i det heile tatt. Vi vonar morgonkvalmen ikkje vert verre og DSC_0260at den gjev seg i løpet av dei næraste dagane.  Det oppstilte bildet er frå i går. Skal verte artig å sjå kor mykje profilen endrar seg fram mot julafta. Ved inseminering var Nia 68 cm rundt magen, No er ho på 73 cm. Med A-kullet klarte Nia å auke til akkurat 100 blank…

 

Zulu er forsatt litt forvirra over at sporty Nia ikkje lenger er særleg sporty, og forsøker CSC_0354dei mest utrulege krumspring for å få fart i mora. Nia lar seg ikkje freiste av pinneleiken ein gong! Kva skal ei stakkars ungfrøken finne på? Dårlig med mat for ho er det og, Heidi har heilt tydeleg (og urettvist) oversett ho når det gjeld mat midt på dagen. Nia får middag, medan ho må stå og sjå på. Det er dårleg gjort, det!

Her forsøker Zulu å freiste Nia med ein lekker og passe stor tyggepinne. Nia seier seg nøgd med ein liten bjørkekvist, og Zulu lukkast ikkje med freistinga.

CSC_0352

 

 

 

 

 

 

CSC_0351

 

 

Dag 15

Heile oktober har blåst vekk 😉 Neida, det gjorde den ikkje, oktober har vore ein innhaldsrik månad, mykje som har skjedd.CSC_0386

Nia har hatt løpetid, og i slutten av månaden var Nia til Sandnes og vart inseminert. No har ho og Davidoff gjort det dei kan for å lage vakre kvalpar. Termindato er 24. desember… Snakk om julegåver! Eira og Zulu er litt uroleg for at det kan verte dårleg med julemat når dei andre i familien er opptekne med heilt andre ting enn matlaging. Tenkjer vi gjer dei to yngste i familien ansvarleg for matlaginga? 😉 Det er lenge til jul (Heidi elskar å seie det, heilt til det er 23. desember), CSC_0504så vi har gooood tid til alle førebuingar :) Hovudpersonen sjølv tek livet med knusande ro, ho er godt nøgd med seg sjølv og ikkje redd for å komme og forlange ekstra kos om ho meiner ho får for lite merksemd. Heidi tykkjer vi har ei lovande start på utviklinga av Pondusen 😉 Vi skal ut til veterinær Hanne rundt dag 28 for ultralyd, for å CSC_0505sjå etter foster. Akkurat no ligger dei framtidige kvalpane og «skvalpar» inne i livmora til Nia, dei skal i løpet av dei kommande dagane fordele seg i dei to livmorhorna. Rundt dag 17-21 festar dei seg i livmora.

Zulu seier ho har det bra, men kjenner seg litt tilsidesatt, Nia stjeler jo heile showet! Ikkje vil Nia herje CSC_0506med ho heller, det blir berre litt leiking på bakken og minimalt med kappløp. Heldigvis klarar Zulu fint å springe tulling aleine, men ho er glad for publikum. Når ein snakkar om show og publikum, Heidi må innrømme at ho faktisk har sett på direkteoverført hundeshow for aller fyste gong. Men sidan det var snakk om Best in Show-finalen, der ein ridgeback hadde sjanse på å vinne, så vart freistinga for stor. Diverre vart ikkje Ino og Alex blandt dei 4 som kom på pallen, fint å sjå på var det uansett :) Gratulerer til Ino som Dansk Vinner 2014. (Heidi trur at det var den tittelen han vant…)

Siste helga i oktober pusla (bokstaveleg talt) familien Rimmen sammen Heidi sin store DSC_0395draum: Drivhuset. Ein veldig våt laurdag var det, men arbeidet flaut fint (he-he) og byggesettet var ikkje vanskeleg å få på plass. No manglar det berre å støype golv og legge inn straum og vatn, so kan Heidi starte med jord og frø. Fryd og glede :) Det er ikkje usannsynleg at det vert litt oppdateringar om drivhus, frø og plantar framover. Verda består jo av litt meir enn hund?

Fram til neste oppdatering kjem, så oppmodar vi alle å gjere som Eira og Nia: Ta livet med ro og ikkje stress! DSC_0547