Nysteikt brød og haust

Ingenting som lukta av nysteikt brød? Akkurat no er det fantastisk deilig å sitte inne på kjøkkenet medan det er grått, vått og kjølig ute. Karl-Arne kjøyrer traktor og gravemaskin,20140823_105231 han jobbar på spreng for å gjere klar tomt til det nye drivhuset vårt. Er vi (eg) heldige, så kjem det opp før jul, slik at det vert blomstrar og grøntfor til våren. Heidi gleder seg enormt, og ser for seg at heile familien vert like involvert i drivhuset som ho. Nia og Zulu har i alle fall lova å ete masse salat og agurk 😉 Tjuvraddar :) Som de ser, Karl-Arne har flytta mykje jord og leire for å 20140914_175758lage tomt til drivhuset. Tunet har blitt mykje større. Plana er at vi skal kunne gå frå stova og inn i drivhuset på nokre få skritt. Heidi sitter på nettet om kveldane for å «snope» frø. Ingen enkel jobb, det er jo så stort utvalg!

 

Inne herskar ro og kos. Fyr i begge ovnane, deilig kaffi i koppen og fem bikkjer som søv godt etter ein veldig våt morgontur. Det lukatr ikkje berre nysteikt brød, men og eit bitte-bitte-bittelite snev av våt bikkje. Vi har besøk av tre ridgebackar. Tombi (frå A-kullet) og hennar storebror Simba. Dei har vore på besøk i nesten ei veke, og i går kom Mio (frå A-kullet) på besøk. Så den kommande veka vert det fem ridgeback i hus. Om det vert opplett lenge nok til å ta med kamera, så kjem det vel litt bilder frå turane våre. Det er stas å få besøk :)

No er det ikkje lenge igjen før Nia skal ha løpetid :) Etter Heidi si telling skal det skje noko CSC_0038rundt 12. oktober, men sidan Nia sist starta tre veker før så ventar ho kanskje tre veker ekstra denne gangen? Simba meiner at Nia er verdt å oppvarte, så litt godt duftar ho :) Vi lovar å oppdatere med ein gong Nia får løpetid.

 

Og til alle som har lest: Kos dykk både ute og inne, det er deilig med ein frisk tur ut i regn og vind. Då setter ein ekstra god pris på å komme inn til fyr i peisen og ein kopp kaffi.