Verdas Beste Stitch

CSC_0827I dag fikk Stitch sovne roleg inn heime i hundesenga si. For nokre dagar sidan vart det klart for oss at det var på tide å gje slipp på verdas beste Stitch. Takka vere Flora Dyreklinikk fikk vi lov til å gjere dette heime i rolege og trygge forhold. Heidi og Eira var til stades heile vegen, vemodig og godt <3

Det er rart å tenke på at i november vert det 10 år sidan Karl Arne og Heidi satte seg i CSC_0888bilen for å køyre til dei store skogane i Trysil (i alle fall til starten på skogen, eksotisk for oss frå havgapet) for å hente Stitch hos oppdretter Linda Wolden. Han fant seg fort til rette her hos oss, spesielt Stitch og Eira vart eit radarpar, sammen heile tida. Eira trudde at ho sneik Stitch opp i senga si om natta, vi lest som om vi ikkje merka den «vesle» karen under dyna når vi kom for å seie god natt :)

 

Stitch har vore verdas beste Stitch :) Ingen over, ingen ved sidan av. Vi unner alle å ha ein slik kjekk og vakker hund. Han har overtydd meir enn ein familie om at ridgeback er rasen å ha, med sitt rolege og verdige vesen. Stitch meinte nemleg at det å unngå stress var ei av hovedpliktene til ein hund. Avslapping var noko ein aktivt skulle drive med, så framt ein ikkje var på hjortejakt, damejakt, sporing eller fikk anledning til å stjele mat frå kjøkkenbenken. Då var det frå 0 til 100 så fort at ein ikkje skjønte kva som skjedde. Stitch kunne gjerne ha reist til Hollywood for å verte filmstjerne, med drama og tragedier som spesialitet. I to situasjoner viste han spesielt fram dette talentet: på utstilling (fæle saker, stress, løpe??) og når han ikkje fikk sjekke damer (Whiihhiiiwiii).

DSC_0875Orda kjem ikkje lett i kveld, mange tankar og kjensler. Vi kjem til å sakne Stitch sitt gode blikk og lune veremåte. Heldigvis har vi to ridgebackdamer til i hus, Nia og Zulu, så vi skal ikkje sitte og vere leide oss, men heller glede oss over dei 10 gode åra vi fikk med Stitch.