Verdas Beste Stitch

CSC_0827I dag fikk Stitch sovne roleg inn heime i hundesenga si. For nokre dagar sidan vart det klart for oss at det var på tide å gje slipp på verdas beste Stitch. Takka vere Flora Dyreklinikk fikk vi lov til å gjere dette heime i rolege og trygge forhold. Heidi og Eira var til stades heile vegen, vemodig og godt <3

Det er rart å tenke på at i november vert det 10 år sidan Karl Arne og Heidi satte seg i CSC_0888bilen for å køyre til dei store skogane i Trysil (i alle fall til starten på skogen, eksotisk for oss frå havgapet) for å hente Stitch hos oppdretter Linda Wolden. Han fant seg fort til rette her hos oss, spesielt Stitch og Eira vart eit radarpar, sammen heile tida. Eira trudde at ho sneik Stitch opp i senga si om natta, vi lest som om vi ikkje merka den «vesle» karen under dyna når vi kom for å seie god natt :)

 

Stitch har vore verdas beste Stitch :) Ingen over, ingen ved sidan av. Vi unner alle å ha ein slik kjekk og vakker hund. Han har overtydd meir enn ein familie om at ridgeback er rasen å ha, med sitt rolege og verdige vesen. Stitch meinte nemleg at det å unngå stress var ei av hovedpliktene til ein hund. Avslapping var noko ein aktivt skulle drive med, så framt ein ikkje var på hjortejakt, damejakt, sporing eller fikk anledning til å stjele mat frå kjøkkenbenken. Då var det frå 0 til 100 så fort at ein ikkje skjønte kva som skjedde. Stitch kunne gjerne ha reist til Hollywood for å verte filmstjerne, med drama og tragedier som spesialitet. I to situasjoner viste han spesielt fram dette talentet: på utstilling (fæle saker, stress, løpe??) og når han ikkje fikk sjekke damer (Whiihhiiiwiii).

DSC_0875Orda kjem ikkje lett i kveld, mange tankar og kjensler. Vi kjem til å sakne Stitch sitt gode blikk og lune veremåte. Heldigvis har vi to ridgebackdamer til i hus, Nia og Zulu, så vi skal ikkje sitte og vere leide oss, men heller glede oss over dei 10 gode åra vi fikk med Stitch.

Og vips! var sommaren forbi?

For ein sommar vi har hatt! Så neimenn om den får lov til å vere forbi sjølv om august månad er halvferdig! Seinsommaren og hausten er Heidi si favorittid, måtte den vare lenge :) Jakta på kantareller har alt starta :)

Sjølv om mykje av sommaren har vore tilbrakt her på Rimma, så har vi vore litt på tur. Av bikkjene er det Zulu som har vore mest ute av heimen. Ho og Eira har vore dagmammaer for Peder, 2 år. Stor stas for alle parter. Tur til Solund og Hersvikbygda for å besøke lisjesysta Tombi og hennar familie vart det og. Den turen trur eg Zulu likte best, mykje god leiking og herjing :) Heidi og Karl-Arne satte og pris på den turen, vakker natur og godt selskap :)DSC_0619

Stitch har hatt ein god sommar, og har nytt solsteiken og varmen. No er det ein månad igjen til han vert 10 år, tykkjer det ikkje er så lenge sidan vi reiste langt inn i skogen forbi Elverum for å hente han hos Linda. Det er vemodigt å innsjå at eit hundeliv er begrensa, og at dette faktisk og gjeld for Stitch. Vi nyter dei dagane og vekene vi har sammen med han :) <3

 

No når hausten snart er her, så har vi byrja vente på Nia si løpetid. Reint teoretisk skal ho ha løpetid rundt midten av oktober, om to månader. Spennande å sjå om teori og praksis stemmer, uansett er vi klare og gledar oss til tida som kjem. Nyttårskvalpar hadde vore stas :)

Det kan virke litt rart å glede seg over kvalpane, som skal komme, samstundes som vi har tunge valg vi må gjere (om ei stund) for Stitch. Men slik er det med kjæledyr; dei gjev oss uendeleg med glede, av og til nokre solide dosar med frustrasjon og (igjen) uendeleg med glede. Då er det vårt ansvar når tida kjem å ta det tunge valget. Tungt skal det vere, men vi skal og hugse at den gleda dei har gitt oss er av stor verdi og oppveg det tunge valget. Sørge skal vi, men vi veit at Stitch har levd eit godt liv her hos oss og har gitt oss mange gode opplevingar. Og heldigvis er det slik at det alltid er god plass inni eit hjerte; ein kan forsette å vere glad i dei hundane ein har og også verte glad i nye hundar. Amandus, då 5 år, fortel veldig godt om akkurat dette, berre sjå HER.