Ny kortstokk

Vel overstått 17. mai alle sammen :) Heidi og Karl-Arne er glad for at planlegginga og gjennomføringa av dagen gikk flott. Mykje arbeid, men bra vart det :) CSC_0299

Rett før 17. mai merka vi at Nia sin Pondus ikkje auka slik vi ønska, så i dag gikk turen ut til veterinær Hanne. Konklusjonen etter ultralyd og røntgen er at alle kvalpefostera er borte vekk. Veldig, veldig kjedelig. Det var ikkje berre vi her på Rimma som gleda oss til å auke familien med ein kvalp. Og i Nederland hadde Davidoff (og Henk og Edith) gleda seg til kvalpefødsel. Vi er likevel glad for at Nia er frisk og rask, om enn i litt godt hold 😉 No ventar nytt kost- og trimprogram for Nia. Spørs kva ho seier til det… 😉 Eg trur ho og dei to andre kjem til å ete seg gode og mette på mykje rart, ridgebackar er tross alt svært tilpassingsdyktige, og veit å skaffe seg mat frå alternative kilder. Berre sjå, her hos oss har vi ridgebackar på beite, kven treng då plentraktor eller sauer for å halde kontrollen på alt som vekst? Favoritten er Enghumleblomst, som visstnok er bra for magen.  Er meir usikker på om den er bra for drektige tisper.

DSC_0284

 

 

 

 

 

DSC_0281

Nia si neste løpetid kjem om 8-9 månader, noko som vil bety kvalpar i januar-februar. Kanskje velger vi å forsøke igjen då.Då er det i alle fall ikkje mykje grønt Nia kan sjølvmedisinere seg med :)  Å vente til løpetida etter det igjen, vil bety kvalpar om ca halvtanna år, rett før vinteren kjem. Og det er eigentleg endå mindre kjekt enn kvalpar i januar? Vi har uansett god tid til å tenke ut fordelar og ulemper når det gjeld tidspunkt på året. Kvalpar er no stas uansett når dei vert fødde :)

I og med at det ikkje vert kvalpar, so har Heidi og Karl-Arne fått sommaren fri til andre sysler. Skal sjå at Heidi klarar å overtale Zulu og Nia til å verte med på eit fe-show eller to? Eller kanskje ho klarar overtale Karl-Arne til å flytte heile vedhuset (som inneheld ein 15 mål med ved…) slik at vi kan bygge drivhus? Oj, oj, oj! Heidi kjenner at det boblar inne i ho av ulike gode hagetiltak som Karl-Arne (eller ungane) kan vere med på i sommar 😉 Tross alt, sist Heidi fekk ein «liten» hage-ide enda Trym opp med å lage til eit blomsterbed på 1 m bredde og 20 m lengde…

Tross alt, vi gledar oss til sommaren. Ny kortstokk gjev nye kort på hand, kven veit kva sommaren gjev oss? 😀 😀

CSC_0298