Nia har ordet.

Howdy, folks!

Heidi er reist til Florø i dag, for å høyre på kva politikarane har tenkt å gjere med skulesaka i CSC_0207Eikefjord. Blir det ny skule eller ikkje? Medan ho er vekke, so kan eg nytte høve til å uttrykke litt uro om dama. Ho har byrja å snakke om den der Pondusen igjen. Dinne gongen har ho fått med seg Karl-Arne og Eira og, i jakta på han. Jammen bra Trym er på hybelen sin, slik at han ikkje byrjar å sjå fantasifoster han og!

Det travle med Pondusen, sett vekk frå all pratinga om han, er at han skal målast. Akkurat som sist Heidi hadde seg ei slik Pondus-bye! Og sidan han ikkje er tilgjengeleg heile tida, når Heidi kjem fram med målebandet, so må eg stille opp. Korkje Zulu eller Stitch stillar seg til disposisjon for slik måling, litt kjipt gjort av dei. Eller kanskje er det slik at eg og burde nekte å vere med på målingane, at eg berre fyrar opp under Heidi (og dei andre) sine vrangforestillingar? Kva tykkjer de eg burde gjere? Neimenn ikkje enkelt å vete. Heidi CSC_0221påstår at Pondusen veks, og at han har blitt 8 cm rundare siste 10 dagane. Mine målingar seier ho ikkje noko om, men eg veit no at eg er perfekt strømlinjeforma, so eg ser litt stort på akkurat dei manglande opplysningane.

Ein anna sak som opptek meg for tida er matmangel. Heldigvis har Heidi teke ekstra hensyn til meg, no får eg mat tre gongar for dagen. Litt ekstra kjekt er det når Zulu og Stitch ikkje får noko som helst til middag, berre frukost og kveldsmat. :) Litt forbetringspotensiale har Heidi, den der maten ho serverar til frukost er bittelittegrann uapetitteleg. Heidi seier det er eg som er problemet, ikkje maten, eg får akkurat det samme til alle måltida. Hmm… Ikkje overtydd om det, nei! Uansett, god mat må ikkje gå til spille, so eg eter den, sjølv om Heidi seier at eg kan vente til litt seinare med å ete den. Kan ikkje la slik mat stå framme, tenk om Zulu og Stitch eter den?DSC_0162

I går fekk vi uventa besøk, Heidi var slettes ikkje førebudd på det. Zulu og eg varsla Heidi om at det kom nokon opp frå båtnaustet, slik at ho skulle få tid til å rette på håret. Ikkje det at ho høyrte på oss nei, men ho vart no med ned til båtnaustet og helste på ein trivelig kar frå Telenor. Han var stolpekontrollør, kva no det er slags jobb. Han tykte vi var kjekke hundar, og at vi var veldig flinke til logring. Hadde vore artig med litt meir besøk her på Rimma :)

I år skal vistnok ikkje Heidi og Karl-Arne stille seg ut på Ridgeback Spesialen i pinsehelga. Tipper Zulu og Stitch er glade for det, dei er ofte med når Heidi og Karl-Arne stiller seg ut. Vi hundar skjønnar at moralsk støtte er viktig på slike fe-show, men ærleg talt, det hadde vore godt om Heidi og Karl-Arne kunne byrje reise aleine på slike show. Det er ikkje akkurat SO spennande å vere med på. Årsaka til at ikkje Heidi skal på Spesialen, er at Karl-Arne meiner at det ikkje er naudsynt å reise frå Kullet, når det berre er ei lita veke gammalt, og det var Heidi einig i. Ja, ja. Dei om det. Eg vert heime uansett :)DSC_0048

Eg lurar litt på følgande: Kven er Kullet, og skal det flytte hit? Det er det ingen som har fortalt til oss hundar. Karl-Arne driver og tek mål, der han skal bygge kasse, slik at det er god plass til heile Kullet. Heidi har rydda plass, ommøblert og alt, so no startar snikringa straks. Eg lurar på om Kullet er ein slags Pondus-figur inne i Karl-Arne sitt haud? Er det mogeleg at både Heidi og Karl-Arne er heilt på bærtur? Nei, ditta her er eg litt usikker på.

DSC_0191Heldigvis er både Zulu og Stitch heilt utan slike fantasifoster :) Stitch var litt pjusk nokre dagar i forrige veke, men han er heldigvis betre no og er med på tur igjen. Han har byrja stjele sengeplassen min om kvelden, so eg ser meg nødt til å legge meg ganske tidleg om kvelden, sånn før kl 2100. Ikkje fordi eg er trøtt, altså. Zulu held seg heldigvis på sin eigen plass, jyplingen! Innimellom blir ho heilt tussete, og springer rundt som ein tulling, utan mål og meining, sparkar litt fotball eller kastar pinnar rundt seg. Sånn gjorde ALDRI eg på den alderen…. Øh…

DSC_0134