Vi e klar for mai!

 

CSC_0311

CSC_0310

 

 

 

 

 

Det er siste dagen i april. Og det har vore ein god månad. Nia er stadfesta drektig, veiret har vore usedvanleg fint (Heidi har svidd nasa si) og neste månad ser ut til å bli endå betre. Sjølv om det snør ute og vi har fyrt i vedomnen :)

Nia er no på dag 32, halvvegs til mål :) Mai månad ser særdeles lovande ut, tykkjer no vi. Måndag var vi ut til veterinær Hanne, for å sjå om ultralydbilda av Pondusen gav tydeligare svar. Små fosterblærer, eller klinkekuler, er ikkje like lette å sjå alltid, spesielt når apparatet som vart brukt er av ein eldre og traust årgang. Vi tok eit bilde (med mobilkamera, men trur ikkje kvaliteten vart noko dårlegare av den grunn 😉 ) Heidi leika seg litt med ulike lys/skygge/fargeeffektar. Orginalen er øverst. Kor mange klinkekuler kan du sjå?

 

2014-04-28 16.47.12

 

 

 

 

 

2014-04-28 16.46.15

2014-04-28 16.48.38

 

Heidi seier der er tre, kanskje fire, små klinkekuler på bildet. I det andre hornet av livmora såg Hanne heilt sikkert tre til. Artig :) No er vi verkeleg heilt, heilt sikre på at Nia er drektig, utan at vi kan seie kor mange kvalpar som kjem i månadsskiftet. Kjenner dei som har telt fem, og når fødsel var overstått hadde fått 12 kvalpar. Så vi får berre vente og sjå :) Davidoff er kjent for å gje rundt 10 kvalpar pr kull, Nia har gitt 10. Vi tek vel imot dei som kjem.

Søndag var Stitch og Zulu på fe-show i Naustdal. Stitch kunne verkelig styre si begeistring, og det var ikkje vanskeleg å sjå. Aller beste Stitch <3 Han fekk premieringa excellent, og vant (ubestrida) veteranklassen. Zulu var atskillig meir fornøgd med å vere på fe-show, halen logra og kengurusprett viste ho fram :) Ho fikk same premiering som Stitch, og enda opp som 3. beste juniortispe. Vi er godt nøgde med både gamlegutten og trekkoppkenguruen :) Gratulerer til Cayenne som vart beste tispe og Shaka som vart beste hannhund. Shaka vart faktisk nest beste hund på heile hundeutstillinga, BIS2. Heia ridgeback :)

DSC_0005

Ellers er her ikkje mykje å fortelje om. Livet med tre hundar er godt, for alle partar. Zulu nyter godt av at ho er minst og har fast koseplass på fanget. Nia er i fin form, det er så vidt ein kan sjå at ho er drektig. Det vil nok endre seg ein del til neste veke. Stitch er litt rolegare enn han plar vere, akkurat no. Vi vonar at det berre er det uvante synet av sola som påverkar, og at han snart er tilbake til sine ordinære rølpefakter. Nia har klaga på han siste to nettene, han har nemleg stjelt sengeplassen ho brukar. Så ho kjem inn til oss, vekker oss, og skal ha med seg nokon for å sjå kor ille ho har det som må bytte sovestad. Deretter søv ho godt. Sladrehank, Nia, det er det du er 😉 Kvalpekassa må vi snart byrje å sette saman, men det hastar ikkje endå. Heidi lurer på om ho skal måle den i ny farge, forandring frydar og slikt anna som damer likar ho halde på med (seier Karl-Arne, kva veit vel han?) Heidi er sikker på at andre fargar matcher ridgebacker enn grått. Blått, grønt, rosa??

DSC_0112