U-dagen!

Endeleg var den her, dagen som Heidi gleda seg til, og som Nia kunne brydd segDSC_0112 mindre med. Nia er no på dag 25/26 i drektigheita, og no skulle vi få stadfesta at det verkeleg er kvalpar inne i Pondusen til Nia. Klokka 8.31 troppa vi opp hos veterinær Hanne, eit minutt forsinka etter å ha vore i trafikkork (!) i vesle Florø.

Etter å ha hilst og snust seg rundt, hoppa Nia opp på bordet, og viste gjerne kor flink ho var til sitt, stå og ligg. Her måtte alle vinklar lyd-settast og undersøkast. Og til dykk som trur at ultralydbilete av kvalpar liknar menneskebebisar, så neida, dei gjere ikkje det. Akkurat no liknar DSC_0108dei på svarte klinkekuler. Og gjett kva? Der er nokre klinkekuler inne i Pondusen til Nia :) Kor mange som er der er vanskelig å seie, men meir enn to og færre enn 15 var der :) Neste mandag skal Hanne få låne Pondusen igjen, for å sjå kva som dukkar opp då, på dag 31. Kanskje vi finner små sprettballar?? Og so skal vi be om å få med oss eit bilete av klinkekulene neste gong vi er ute hos Hanne. Fram til då får vi nøye oss med foto av Nia si underlinje, den byrjar sige litt… Vekta viser 39,6 kilo. Midjemålet har vi og målt, på to stadar. Vi får sjå om det viser endringar neste veke.

Nia sjølv tar heile opplegget til Heidi og Hanne med knusande ro. Ho eter frukost, middag og kvelds. Gjerne med litt kefir på toppen til frukost. Ho likar ei runde over markene med Zulu og Stitch, ellers er det soving som er hovudaktivitet. Og det er ho verkeleg flink til for tida. Inne eller ute, heime eller hos andre, det betyr lite. Så folkens, sov godt (helst om natta) fram til neste oppdatering!

DSC_0081

Pst… Heidi seier at kommande søndag skal Zulu og Stitch på fe-show i Naustdal. Veslesyste Tombi skal dit og. Vi gleder oss til å helse på :) Nia flirer av stakkarane som må reise dit, sjølv skal ho vere heime og…. sove!

 

 

DSC_0083DSC_0094