Late dagar.

No er det 9 dagar sidan Nia vart inseminert. Ho vandrar rundt, og er godt nøgd med CSC_0248seg sjølv. Ekstra kosesjuk, og veeeeldig svolten. Det siste er eigentleg ikkje noko nytt for ein ridgeback, dei får alltid for lite mat uansett :) Litt leik får eg Nia med på, men aller helst ruslar go rundt, så setter ho seg ned og kikkar på kva vi andre finn på. Zulu får litt fart i Nia, inn i mellom, men det er ikkje ein time med aktivitet slik det brukar vere. Det held med eit par minutt her og der.

CSC_0258I dag skulle vi har vore i Bergen og delteke på utstillinga. Men så har Zulu løpetid, og er ikkje heilt med på kva som skjer «der bak». Så halen står på skeive, og når ho skal trave så er bakparten litt for tung. Rare jenta. Cesar vart igjen heime han og, han har nemleg vore på snusetur gjennom lyng og skaresnø, og har fått sår på snuten. Og det er ikkje noko å vise seg fram CSC_0260med på eit slikt fe-show. Så einaste representanten frå Atom-gjengen var vesle Tombi. Ho fikk lovord, og beskjed frå dommeren om å bli voksen i kroppen sin, så vart det fine premiar på ho og :) Nia var og seint ute med si fysiske utvikling, det tok rett over 2 år før ho vart «fiks ferdig».

 

Heime så har vi vaska hus utvendig og i tillegg tømt stova for møblar, golvet skal CSC_0264lakkast der og før kvalpane kjem. Nia og Zulu saknar senga si, men klarer seg med madrass rett på golvet og. Stitch kamperer på kjøkkenet, som vanleg. Han klagar ikkje på det, sjølv om stolputa ligger på golvet og han sjølv må legge ei litt mindre pute opp i. Dei er no heldigvis ikkje heilt vekkskjemde.. 😉

DSC_0245