God påske :)

CSC_0143I dag er det 20 dagar sidan Nia vart inseminert med Davi. Matlysta har  siste to dagane vore litt pjusk, jurvevet aukar sakte, men sikkert. Litt blank utflod har det og vore sett. Gode teikn med tanke på drektighet. Tirsdag skal Nia og Heidi ta turen til dyredoktor Hanne i Florø for å ta ultralyd av «Pondusen». Blir spennande å sjå kor mange «Bright moments» som dukkar opp på skjermen :) Vi gleder oss slik!

Nia er forresten litt bekymra for Heidi sitt mentale velvære; her for om lag halvtanna år sidan gikk ho rundt og snakka mykje om ein Pondus. Nia fikk aldri møte han, meiner ho. Så ho lurer på om Heidi berre fantaserte fram ein slik Skybert-figur, akkurat slik som Albert Åberg gjer. Og no har jammen Heidi byrja snakke om Pondus-en igjen. Kan umogeleg vere eit heilt bra teikn?? Heldigvis har Heidi mange å snakke med om den der Pondusen, så Nia blir ikkje plaga så mykje med han 😉

I byrjinga av påska reiste Nia og Zulu sammen med Heidi og Eira til Kulen. Stitch vart igjen heime på Rimma med Karl-Arne, mannfolk treng nemleg litt tid for seg sjølv av og til 😉 Etter nokre dagar med soving og sjølvpleie, reiste damene heim til CSC_0263Rimma igjen. Deilig å komme heim, tykte Nia og Zulu, og tok seg ein ordentleg springe-rundt-og-leike-dag. I dag var det Stitch sin tur til å vere med til Kulen. Her er det no storfamilietreff, med 13 ungar i alderen frå 1 år til 75 år. Stor stas, høgt volum og full rulle. Med unntak av Stitch, som akkurat no ligger midt på stovegolvet og pausar. Innimellom får han litt kos når nokon finn tid, og då sukkar han høgt av velvære og kroar seg. Aller beste Stitch :)

Neste helg skjer det noko som Stitch ikkje veit om endå. Han skal nemleg på fe-sjå!  Og det har ikkje Heidi tenkt å fortelje han før han kjem inn i utstillingshallen. Kjipe kjerringa 😉 Fe-sjå er nemleg ikkje Stitch noko begeistra for, men når det berre er 20 minutt å køyre, så støtter vi opp om den lokale hundeklubben og stiller opp med DSC_0015dei hundane som kan stille. Nia skal ikkje, ho skal vere heime for å ruge på Pondusen :) Stitch skal stille i veteran-klassen, han er 9,5 år no. Litt viser alderen, stadig litt meir kvitt i barten, litt stivare i rumpa og litt mindre musklar enn då han var 5 år, men han er forsatt ein flott representant for rasen og Heidi er stolt av karen :)

Ny oppdatering kjem nok utpå kvelden den 22, etter at vi har vore hos Hanne og telt «blubbar» i magen til Nia. Noko endeleg antal på kvalpar vil ikkje ultralyden vise, det kan vere både fleire og færre kvalpar enn det ein ser. Spennande er det uansett :)

 

God påske til alle :)