Venter på sola :)

Eg er nesten sikker på at sola er klar til å titte over fjellet no om morgonen. Nesten heilt sikker. Men så er det alle dissa skyene på himmelen. Dei er i vegen. Håper dei stikker av til klokka er ni, då kjem nemleg fasiten :) Så ikkje så alt for lenge å vente :)

Zulu melder om at det er på tide å byrje med hagearbeid, og har utvida graveprosjektet sitt. Eller, ho har laga eine ganske mykje større (det midt i stien). I tillegg har ho laga seg nokre heilt nye. Veldig effektive labber på den jenta 😉 Trur ikkje det er planting ho har i tankane, så eg skal la gravearbeidet vere i fred. Kanskje ridgebacken gravde slike fallgroper under jakta i hine hårde dagar i Afrika? Skal ikkje sjå vekk frå det 😉

Nia lurte meg til å tru at løpetida hennar hadde starta, men det var bare ein spøk. Vente litt til, seier ho. Eg er ikkje særleg flink til å vente, må innrømme det. Stitch er heilt einig i at Nia er litt snikete for tida.

I dag skal eg rydde litt ute, vårstemninga er stor. I blomsterbeda tittar små grønne skudd opp av jorda. Zulu er meir enn villig til å rydde litt i blomsterbeda mine, og kjenner seg litt foruretta over å ikkje få lov. Nia og Stitch held seg klokelig unna. Dei ventar til eg er ferdig før dei trakkar oppi og kjem med sine bidrag til vårfornying og beskjæring av busker.