Blåsbortdag 25. jan 2014.

DSC_0031Sidan det er ein ekte Blåsbortdag i dag, så vert det ei lenge etterlengta oppdatering av heimesida. Litt har skjedd sidan sist, og endå meir er planlagt for våren og sommaren. No må berre vinteren verte ferdig :)

 

CSC_0168

Zulu er no straks året, og er inne i ei lita fjortis-fase. Stitch er ikkje ein som korrigerer unge damer så mykje, så Nia tek seg av uønska adferd på ein oversikteleg og flott måte. Nia veks meir og meir i rolla som leiar av flokken vår, det er aldri tvil om kven som er sjef. Vi gledar oss over flokken vår og dei opplevingane dei gjev oss kvar dag :)

CSC_0093

Rett før jul bestemte vi (Heidi og Karl-Arne) at Nia skal få ha sitt andre kull i år. Ho har vore ei flink mamma, og har oppseda og prega kvalpane sine flott medan dei var her hos oss. Stitch sine genar har bidrege med å gje rolege kvalpar, Nia har bidrege med eit flott kroppsspråk og lettleste kvalpar. Gode og lettlærde familiehundar med fine temperament, er tilbakemeldingane vi får. Klart at kvalpane finn på ugagn og har fjortis-fakter, noko anna hadde vore rart. Når no ny kjæraste til Nia skulle finnast var vi veldig fokusert på at vi ønska ein kar som kan bidra til å lage slike temperament som Atom-gjengen har. Tross alt er alle hundar fysst og fremst familiehundar, deretter deltek dei i ulike aktivitetar alt ettersom kva eigarane vel. Valet er teke, og vil verte annonsert om ikkje så alt for lenge. Fram til då er det berre å vente :) Det er venta at Nia kjem i løpetid i slutten av april.

DSC_0114

Stitch ligger her ved sidan av meg, i go» stolen sin. Han har fått lovnad om å få lov til å flytte opp på loftet når dei nye kvalpane kjem. Han ser fram til å dele rom og seng med Eira igjen. Flott utsikt, bra stort rom og eiga seng. For ikkje å snakke om den upåklagelige room-servicen han forventar å få frå Eira. Og med tanke på den siste tida sine avsløringar om Justin Bieber, kjenner han seg trygg på at det ikkje vert like mykje fæl musikk å høyre på som i fjor. Uansett har han IKKJE tenkt å dele rom med Zulu, det får halde med Eira. Kvar den jentungen skal opphalde seg er ikkje eit problem han kjenner ansvar for.

Vi tastast ved neste oppdatering :)