Korleis det eigentleg er på Rimma.

Stitch her. Eira har satt igjen pc-en på loftet, veit at Heidi leiter etter den, men no er det jammen ta meg min tur til å fortelje om korleis livet EIGENTLEG er her på Rimma.

DSC_0571
Som de sikkert veit, så har eg flytta på loftet. Eg har nett ikkje tenkt å flytte ned igjen med det fysste heller! Lukas-pusen er her innimellom og held meg med selskap, og eg kjenner det gjere godt å snakke litt mannfolk-prat med han. Ikkje det, han manglar eit par bjeller den katten, men nærare ein god samtalepartnar som forstår meg kjem eg ikkje. Karl-Arne held seg nede i stova, og der sitter han og kosar, gnekar og snakkar med kvalpar! Han har INGEN medkjensle med meg heller, han seier eg er for ømskinna og kan bere vere på loftet om eg skal vere slik! Vurderer å flytte til DSC_0575Sandane og verte hybelbuar saman med Trym. Hadde ikkje det vore for at Eira steller så godt med meg, så hadde eg heilt sikkert dauda av mangel på omsorg og mat!! Kva Heidi og Nia held på med veit eg ikkje, og eg gidde ikkje bry meg heller. Dei kan berre ha det så godt.

 

Ømskinna?? Eg? Moi?? Det er eg slettes ikkje. Kjenner meg tvert imot litt mobba av veldig mange, som eg trudde betre om. (Nevner ikkje namn, men dei som held på med dette veit at det gjeld dei. Spesielt dei som bur på Storebru og ho der inni den store skogen østafjells.) Eg er tross alt ein mann i min beste alder, og å bli lurt til å bli far var ikkje heilt det eg hadde sett for meg. Hadde det som plomma i egget, eg! Eiga seng i karnappen på stova, sofa på loftet og pensjonert frå fe-sjå! Og så skjer dette her…

DSC_0578I mitt elende har eg sent mange tankar ut i eteren, og jammen trur eg det har hjelpt! Den siste veka har det vore mange hyggelige folk her i huset, tusen takk til dei!! Kvar gong dei har reist, så har dei tatt med seg ein kvalp. Jammen er dei kjekke :) Menneska, altså, ikkje kvalpane. Heidi seier at det er gode familiar (eg høyrer no litt på det ho driv og skvaldrar om, då) og at kvalpane kjem til å få det flott dit dei skal. Høyrer rykte om teltturar, dei skal få gå med kløv (når dei vert vaksne), dei skal få vere med på å gå spor, øve agillity og nokre (stakkarar) skal vist inni den der ringen og springe (yack!!) rundt på fe-sjå. Og så finner dei heilt sikkert på masse sjølv og 😉 Eit par av kvalpane får seg storesøsken og. Tykkjer litt synd på dei, storesøsknene altså. Erfaringsmessig er det ikkje enkelt å få slike små i hus. Akkurat no er det 5 i hus, i morgon vert det 3. Tenkjer at snart er det 0 :) Og då kan eg vurdere å flytte ned igjen. Lurer på om eg forsatt får spesialservering om eg flyttar ned? Om ikkje, så vert eg buandes oppe :) Flott utsikt, spesielt frå Eira sitt rom.
DSC_0573
Ka e» det de seie!!?? Skal det vere ein kvalp igjen her?? Som skal bu her?? Heile tida?? Det er det INGEN som har sagt til meg. Ingen har spurt meg om råd heller!! Kjenner meg litt overkjørt her :( Lurer på om det var slik Cleo kjente seg då ho fekk ei lisjesøster? Stønn!! Heidi seier at Cleo og Gina no er perlevenner, og søv sammen. Neimenn om eg trur det. Propaganda, utan tvil. Dobbeltstønn! Har spurt Eira om denne kvalpen som skal DSC_0579bu her, og ho heiter noko slikt som Niob Zulu av Wynnheim. Ser at Nia har kalla ho opp etter seg sjølv, og fullstendig gløymt meg. :( No forstår eg korleis Karl-Arne følte seg då Heidi (frekk som ho er) gav Trym navnet Nikolas istadenfor Nikolai. Kvinnfolka her på garden kan å ta seg til rette…

 

Kvalpane har funne ut at loftet er ein flott stad å vere, spesielt når det gjeld framom garderobeskapa. Der er det speil heile vegen. Eg  kan styre mi begeistring for denne utviklinga. Heidi bør helst passe på at dei ikkje går opp den der trappa, det er tross alt ikkje bra for små kvalpar å springe i trapper. Spesielt ikkje om eg er på toppen av trappa. Vurderer innimellom å gjømme meg i dusjkabinettet, men der har eg sett at dei går inn og. Finnest det ingen stad i huset som er trygt for dei? Ei stund tenkte eg på hønsehuset, men den der hanen er ikkje grei med hundar. Og so såg eg og at kvalpane gikk inn under hønsegården. Så då er ikkje det noko reelt valg. Lukas-pusen seier eg kan få lov til å bu sammen med han i vedaskjulet eller naustet, men der er det skrekkelig med trekk.

Men, sånn heilt alvorleg, tykkjer eg har gjort ein steikje god jobb med dissa kvalpane! Høyrer Heidi snakke om at dei er sosiale og trivlige og likar å kjøyre bil. Heilt sikkert arva frå meg. Og sjå på dissa fine svarte nasene som alle har? DET er iallefall arva frå meg. Nia si nase er jo brun… Hæ? Ressesiv nedarving og dei kunne ikkje bli anna enn svarte, seier du? Bah! Det er eg som har laga dei. Vakre øyrer har dei og. Har høyrt frå ein sikker kilde (Eira) at eg har verdas beste og vakraste øyrer, så det har dei etter meg og. Eigentleg tar eg æra for alt som er bra med dei kvalpane der. Dei er smellvakre og har utan tvil min flotte sjarm og utsjånad. Dersom nokon skulle utvikle dårleg ånde eller tendens til uheldige gassutslepp, så er det Nia sine gener som slår inn… Heilt sikkert… De har sikkert sett bildet av dei små før, men eg er ganske so fornøgde med dei, så det får berre studere dei ein gong til :)

Familiefoto