7 veker

Endelig mandag! Og så vart det onsdag! Jammen kan dagen gå fort i eit hus med ni kvalpar. Kven skulle ha trudd det??

Fytterakker’n så travelt det er i helgane, alle er heime og det skjer noko heile tida. Blir heilt sliten av helg, eg :) Kjekt med Trym heime, men med mykje lekser og store innleveringar å gjere ferdig blir det ikkje mykje å sjå av han. Eller kanskje han sitter på gutterommet og blingser på PC-en og gjere lite og inkje?? Næh… Ein ansvarleg 17-åring gjere vel ikkje slik???

CSC_0355I dag er kvalpane 7 veker + 2 dagar, og dei utviklar seg for kvar dag. Badevekta måtte fram for denne veginga, og Trym hjalp til med grunnvekt, hovedvekt, og så minus for å få kvalpevekt. Her kjem resultata, litt sånn uten rangering :) Og for å ta tre fluger i ein smekk, så blir det dei offisielle namna brukt, dei som står på stamtavla :) Kennelnavnet står til slutt i kvalpenamnet, av Wynnheim. Og så til kvar i Norge dei reiser.

Curium Lea (gul) 5,9 kg. Bergen.
Argon Seven (blå) 6,6 kg. Akershus.
Niob Zulu (rød) 6,6 kg. Blir hos oss.
Neon inThombi (rosa) 5,2 kg. Søker familie.
Wolfram Aro (oransje) 7,1 kg. Sunnfjord.
Helium Cesar (lys blå) 6,5 kg. Sunnfjord.
Nobelium Mio (brun) 7,3 kg. Nordfjord.
Xenon Enya (lilla) 7,2 kg. Arendal.
Nitrogen Storm (grå) 7 kg. Mosjøen.

DSC_0206

Mandag skulle Eira og eg gjere eit forsøk på oppstilte bilder, denne gangen med ridger og hodebilder. Eit ikkje lite prosjekt, for å seie det slik. Og det skulle vi klare mellom foreldresamtale på skulen (eg MÅ hugse og gå.. Og det gjorde eg :) ) og fotballtrening klokka 1730. Det gikk som kjeppar i hjul 😉 Lenka til bilda blir lagt ut, når den er klar. Men ha litt tolmod med oss…. Tirsdag var Nia og eg heime aleine sammen med vidunderene, og vi to er ikkje heilt samkjørt når det gjeld fotografering…Tirsdag var og Lea, Mio og Enya med til Florø og henta meir kvalpefor. Dei andre vart igjen heime, og sov litt medan vi var borte…. Butikken må besøkast i dag, Eira skal på trening, så då vert det meir bilkjøring på kvalpane :)

DSC_0206Zulu har utvikla seg til å bli ei lita klatremus, så å ha kvalpane inne i kvalpekassa går ikkje lenger, med mindre vi er rett i nærleiken slik at vi kan fange ho før ho ramlar ned frå toppen. Så golvvask og støvsuging må no gjerast med ein kvalp rundt kosten. Forsatt betre enn med ni rundt, berre så det er sagt. Om eg ønsker flytte kvalpane frå ein stad til ein anna er det berre å sett ned kosten dit eg vil dei skal, og dunke eit par gonger med den. Og vips! Så er alle flytta. Støvsuging og bråk er ikkje noko problem for denne gjengen. Under formiddagsøkta på søndag var det Trym som måtte kaste inn handkleet pga for mykje lyd og støy. Fyrverkeri, støvsuger, ni kvalpar, Nia, radio på full guffe på kjøkkenet og ei ertete lillesøster vart for mykje for ein kar som driver på med musikk på skulen…. Han påstår det er forskjell på å være klassisk sanger (?) og det bråket vi produserer. Han tar med øyreplugger til helga :)

Ei klassisk leikeøkt betyr litt ute og litt inne. Full fres, løping, hopping, rulling og mykje lyd. Ekstra artig er det å krype under ein stol, og så sjekke ut akustikk i eit lukka miljø framom ute i rommet. Myyykje betre lyd innunder stolen. Det går mykje i jaktleik; byttet blir nedlagt (om ein ikkje treffer på første hopp, prøv igjen), deretter triumferande paradering framom søskenflokken, i håp om at ein av dei, bokstavelig talt, bit på. Då kan ein få litt draleiking. Til slutt stikker den verdige vinnaren av med byttet, og det blir så «stæsja» ein av tre stader; i kvalpekassa, i plastburet eller den brune kvalpesenga. Ved siste kikk i kvalpesenga ligg der ein brukt arbeidshanske, ein skurekost, ein lys blå sokk og ei fille. I buret ligg det berre ein tauknute og ein tennisball. Kvalpekassa har eg nett tømt, så der ligg det fleire filler, ei pip-høne, ein tøysko (svart med blomster på) og masse makulert avispapir. Å ta bilder av Atomgjengen i full utfolding er ikkje like enkelt, som oftast vert det kvalper i bevegelese, eller ei kvalperompe som akkurat klarer å springe framom fotoapparatet, så bildeserien HER klarer ikkje å rettferdiggjere leikeøkta dei hadde mandag formiddag. Ellers er dei smellvakre når dei søv… Berre nyt Cesar sin stil :) DSC_0006

Til helga så reiser først Lea med sin familie til Bergen, og søndag reiser Mio til Flatraket. Begge er under 4 timar herfrå, så det er nært :) Lea har endra seg ein del frå starten. Joda, ho er forsatt ei roleg og betraktande jente, som gjerne kjem og setter seg i fanget for kos. Men ho har og blitt til jenta som ikkje finner seg i tull frå sine søsken, og som kan tulle litt tilbake :) Ho er ikkje lenger den fysisk største jenta, både Enya og Zulu har vekst forbi ho. Apetitten er der, men ho har ikkje hastvverk, og når ho er mett, så er ho mett. Mio har og roa seg i matfatet, og er straks nådd igjen av Aro og Enya. Han er ein roleg kar, og er ved sidan av Seven og Lea dei som er rolegast i kullet. Det er «futt» i han og, det vil nok familien hans merke, men avslapping er ein prioritet så langt.

Thombi (betyr jente på zulu) har ikkje fått seg familie endå, så eg håpar at dei snart melder seg :) Thombi speidar og… 😉 Ho er mitt «hjertebarn», og har fått det beste frå begge foreldra når det gjeld humør; aktiv, CSC_0360spretten, kontaktsøkande og ein ordentlig kosegris.Halen går stort sett heile tida, og ho er ei fornøyelig jente. Og når ho er trøtt, så er ho AV. Den fysiske konstruksjonen er grei nok, den og, det er ballanse i vinklane framme og bak, og ho har ein vakker lang hals og ein av dei beste ridgane i kullet. :) Det som gjer til at det er Zulu som vert igjen her, er det enkle faktum at Zulu på noverande stadie har betre vinklar i fronten. Humørmessig er dei ganske så like, halane lograr jevnt og trutt. Hadde eg kunna, så hadde eg behalde begge to her heime, men det går diverre ikkje. Zulu har anlegg for å bli gartner, og eg ser for meg at det kan bli ein del hull rundtomkring. Her gjelder det å ikkje la søskenbarnet Cleo (på Storebru) få lov til å demonstrere si imponerande evne til å grave hol 😉

Vakre Enya har vokst mykje! Frå å vere nest minst i kullet er ho no nest størst, og det er ikkje fordi ho har ete seg rund. Ho har eit stabilt jevnt humør, og saman med Lea og Cesar er ho ein av dei som setter pris på god akustikk i trange rom… Cesar har «våkna til» siste veka, og har no blitt ein aktiv herreman i leiken. Liten traktor, er han 😉 Ikkje kranglevoren, men aktiv. Han har tydeligvis høyrt litt på Trym når det gjeld uuuulin… ehm… synging. Og der Cesar er, finner ein ofte Seven ikkje så langt unna. Dei må være gutteversjonen av Tuppen og Lillemor. (Zulu og Thombi er Tuppen og Lillemor). Ein kan formelig sjå Seven ta eit hjertesukk over kor teit Cesar kan være, men greit nok, gidder ikkje stresse med han. Han er tross alt nokre timar eldre enn Cesar, og må jo være ansvarleg storebror… Heilt til han sjølv finn på noko teit, slik som å krype under hundesenga i stova og sette seg fast. Han er og veldig flink til makulering av papir, melkekartongar og andre objekt som treng (u)nødvendig demontering. Seven blir meir og meir lik Stitch. Roleg, flink til å finne roen, kontaktsøkande. Blir han like flink kløvhund, så får den nye familien hans god nytte i han. Storm er forsatt aktiv, og jobbar med å bli flinkare til å ete seint… Han er den som syter for at kvalpane under stolen min, de veit, dei som sjekker akustikk, har sammenlikningsgrunnlag korleis lyden er på utsida av vs under stolen. Vurderer å skaffe meg sjølv øyrepropper… Aro er den som har roa seg mykje siste veka. Han er forsatt aktiv, men har forstått at for hard biting resulterer i at ingen vil leike med han… Det svir litt når ingen vil leike, ja. Storm og Aro er som oftast dei to som legg seg til ro sist. Om ikkje Mio vaknar opp og tek seg ei ekstra runde, då :)

Nia deltar aktivt i oppdraginga. Ho oppfører seg av og til som ein kvalp sjølv, men er det ekstra med lyd så er ho kjapt på plass for å sjå kva som skjer. Nokre gonger ser ho på, DSC_0326andre gonger avbryter ho leiken med å stikke hodet sitt imellom. Ho legger seg ned, og då får ho kjapt besøk. Så lenge dei respekterer reglane; melkebaren er stengt, ingen biting og snapping så kan ho ligge lenge og «dytte» saman med kvalpane. Men om dei bryt reglane, så demper ho, og om ikkje det virker, så reiser ho seg og går. Utruleg effektivt. Ho hevar kunn «stemma» når kvalpane trur at ho eigentleg ikkje meiner at melkebaren er stengt, og at det berre er å bite seg hardt nok fast så får ein det som ein vil. Er det andre foreldre som kjenner seg igjen? :) Stitch er heilt DSC_0180sikker på at han ikkje har noko som helst å bidra med når det gjeld oppdraging. Brennsikker! Han kjem ned frå loftet når han er sikker på at kvalpane ikkje er på stova, og blir nede til dei kjem ut dit. Då stikker han kjapt på loftet! Mannfolk!

Vi snakkast :)