Nytt frå kvalpekassa, dag 15.

Dagens vesle rapport frå Heidi.

Den siste helga har Shira ikkje vore i noko form. For kvart vesle framskritt ho gjorde var det to-tre tilbake. Vi var ut til veterinær Hanne i går, og vi var alle einige om å gje den viljesterke unge dama ein sjangs til. Diverre hjelp det ikkje alltid med stor egenvilje, så i formiddag var vi tilbake hos veterinæren, og vesle Shira fekk sovne inn. Kjæledyr, uansett kva sort, gjev masse glede til sine eigarar. Ein del av vår tilbakebetaling for denne gleda er å vise ansvar når det er naudsynt. Og utan slike tunge augeblikk hadde vi kanskje ikkje virkelig, virkelig, satt pris på den gleda dei så villeg sprer? Vel heime sitter eg her og høyrer på lydane frå kvalpekassa; smatting og fornøgde lydar. Ein roleg gjeng og ein mamma som søv tungt.
DSC_0152
I morgon tenker eg at vi skal få tatt bilde av hoder og ridger. Det er målet :) Først skal vi alle ha ei roleg natt, der vi søv godt. Karl-Arne lurte på om eg hadde bomma litt med sminka i dag, eg var litt mørk under auga… Den mannen, uansett kor glad eg er i han, er heilt elendig på å gje kompliment :) Og nei, ingen sminke var påført 😀

Stitch, Nia og eg har og vore på ein liten spasertur ned over marka og inn i skogen. Stitch var nett ikkje sikker på om han ønska å vere med, Nia var jo ikkje heilt blid på han dei gongane han har tenkt seg inn på kjøkkenet for å sjekke ut om det var noko etande på kjøkkenbenken. Med på tur vart han, og litt leiking vart det. Nia tykte det var godt å strekke på seg, og tok seg ei runde i full fres :) Tid til å finne pinnar vart det og.

Kvalpane et, søv og et. Dei ser no så godt at dei ikkje går inn i kvarandre (heile tida). Ser og at dei reagerer litt på lyd. For å ikkje snakke om kva dei sjølv klarar å produsere av lyd 😀 Under kloklippen i dag fekk eg presentert eit vidt spekter, der uuuuulinga til Sture tok prisen :) Eit par av kvalpane ser ut til å vurdere om dei skal leike, men så sovnar dei før dei kjem seg heilt i gang. Eller tar overballanse, trillar rundt og sovnar før dei kjem seg opp igjen. Lurer på om Nia har sovemedisin i god-sakene sine? 😀
DSC_0147