Kvalpane er to veker :)

Akkurat no ligg Nia og kvalpane og søv i kassa. Dei drøymer godt, og det kjem mange av koselydar frå dei små nurka. Kjenner eg rytmen deira rett, så tar det ikke mange minutta før det er full fres i dei, rett i matfatet.DSC_0140Kvalpane har no fått auge, og øyrene har starta å likne ekte, deilige og «flapsete» ridgeback-øyrer. Slike som er så gode å stryke på når dei vert større :) Kjenner eg gleder meg.

Nia er ei god mamma, sjølv om ho har trengt litt hjelp til stell og foring. Det er ikkje spøk når ei 10-barns mor får først livmorbetennelse, og så nokre dagar seinare får ho jurbetennelse. Så Nia har hatt to økter der ho har vore så dårleg at ho har vore heilt utslått. No er ho heldigvis betre, melka har ho beholdt i 5 pattar (litt liv når 10 skal ete). Kvalpane veg no mellom 1500 g og 1250 g, utanom vesle Shira. Ho har gått ned i vekt og er no rett under kiloet. Å få hard mage og tarmflora i uballanse er ingen spøk for ei så lita jente, men ho har viljestyrke og kraft i seg, så vi gjev ho ekstra merksemd dei neste par dagane. Vi håpar på det beste, og så må vi ta ansvar om det ikkje går slik vi ønsker.

I går byrja kvalpane for alvor å stavre rundt på ustødige bein. Dei reiser seg opp, står ei stund og ruggar fram og tilbake, før dei tek «sats» og durar nokre skritt fram, så tek dei to sidelengs og trillar deretter bortetter golvet. Der kan dei bli liggande med beina rett opp, akkurat som ei stranda skilpadde 😀 Dei to som så langt er mest mobile er Dentist og Line. Ein anna ting som skjedde i går var at Nia tok si første «ammepause» sidan ho fekk kvalpane. Den var ho ærleg fortjent, sjølv om ho burde tatt litt meir pause en eit halvt minutt :) DSC_0130DSC_0128