Kassa i går, kjøkkenet i dag, i morgon…

Denne gangen er det Heidi som tek eit lite samandrag av veka som var.

Det er søndag, vinden bles godt ute og snøen, som kom tidlegare i veka, er bortimot smelta. Sola var så vidt på besøk i dag tidleg, før skyene kom. Kanskje er vi så heldige i den kommande veka at vi får ein formiddag med lite vind og sol, slik at kvalpane kan ta seg ein kort tur ut? Eller kanskje det blir veka etter det?
DSC_0007

DSC_0008

 

 

 
Kvalpane er snart ferdige med si tredje leveveke, og du verden som dei utviklar seg. Dei første kvalpane er no så modige og nyfikne at dei glatt klatrar over 40 cm for å komme seg ut av kassa. Line (minstejenta), Sture og Dentist er iherdige i si utforsking. Dei gjennværande kvalpane klatrar over 20 cm, så kjøkkenet er for lengst innvia som leikeplass.

DSC_0001 Området rundt og under vedomnen er mest spennande, spesielt når Nia si tomme matskål kan rullast på og lage metallydar. Pappkasser, tomme plastbøtter og ei pipe-høne vert rulla på og trampa på. Små filler vert bokstavelig talt fillerista, og det er risikosport å gå berrføtt forbi pirayatenner :) Setter ein seg ned på golvet, så er faget kjapt fylt opp med kvalpar som enten vil leike eller sove. Som ein eg kjenner seier: Steikje morro! 😀 Nia vaskar og pussar på kvalpane sine, og «rydder» forsatt med stor iver, sjølv om kvalpane no et ein del fast føde. Ho likar seg best inne i kassa, men har byrja tilbringe litt tid utafor. Aller helst då så nær at ho kan sjå inn i kassa. Rare hunden. Om ikkje lenge må ho til å grensesette og korrigere på kvalpane, gleder meg til å sjå korleis ho meistrar det :)

DSC_0004DSC_0009Laurdag var ein stor dag for alle her i huset. Då kom nemleg Anne og Sonja for å sjekke sinus (DS). Dei kjøyrde tur-retur Bergen  for å hjelpe til med dette. Jammen bra at ridgebackklubben har krav om sinussjekk av kvalpar, og støtteordning (reiserefusjon) for dei som frivilleg brukar tid på å reise langt for å, aller helst, ikkje finne sinus.
Etter ein god frukost var det sinussjekk og kvalpekos. Anne fant ingen sinus, og betre nytt enn det får ein knapt nok :) Kvalpane var rolege, og det passa jo bra med tanke på sjølve sjekken, men sovande kvalpar er ikkje så enkle å leike med. Så det vart mest kos med sovande kvalpar på Anne og Sonja. Eg må igjen seie tusen takk til Anne og Sonja.

Om ein månad reiser dei første kvalpane avgårde til sine nye heimar. Så langt hamnar dei fleste utom fylket, så eg håpar at dei som enno ikkje har fått ny heim kanskje busetter seg innom ein radius på 4 timar bilkjøyring? Blir spennande å sjå.

I veka som var, så hadde eg det ganske travelt, med litt kurs og lange dagar. Målet for veka som kjem er å få tatt oppstilte bilde av alle kvalpane. Det er gjort eit par spede forsøk, og konklusjonen er at det ikkje vert ein enkel jobb. Bra vi har stort minnekort og kan bruke slett-knappen flittig. Eg skal og forsøke å ta «her og no»-bilder av kvalpane sånn ein stad mellom klokka 15 og 16 og legge dei ut på facebook. Kanskje dei søv, kanskje dei et, kanskje dei er i full leik? Blir spennande å sjå.

Stitch har no innfunne seg med at han skal være på stua og loftet. Ikkje søren om han skal inn på kjøkkenet, spesielt ikkje no når kvalpane er å finne rundtomkring i fri utfolding! Æsj, er vel eit greit ord på kva han tykkjer. I formiddag sto døra oppe inn til stua og Sture og Line var kjappe til å utforske :) Stitch reiste seg halvvegs opp i hundesenga, og tenkte nok at jammen er det bra at dei er så små at dei ikkje kjem seg opp i den. Han har nok tenkt å skygge banen så lenge han får til :)

litenstor