6 veker.

Dagane går så fort no når kvalpane krev meir. Det blir lite tid til å sitte med pc og kose seg med skriving. Akkurat no har kvalpane herja lenge på stova; tunell, fyrverkeri, pipeleikar, filleristing, papirmakulering, klatring opp og ned av eit trappetrinn. Nia er ivrig med, og oppfører seg nesten som ein kvalp ho og. Økta vart avslutta med mat, så no bør dei sove  litt? Det er godt at alle har påskefri no, og synd at den ikkje varar i 14 dagar til.

Denne veka har det vore litt bilkjøring, og vi har vore på besøk i andre hus og hilst på andre hundar. Det blir nye turar i dag. Artig å sjå korleis dei reagerer. Nokre vraltar seg fram som om dei alltid har vore i huset, andre er litt meir forsiktige i eit minutt før dei og tek laust. nKanga (ridgeback) og Seeme (silky terrier) er behørig helst på, stor stas :) Seeme er fantastisk flink med kvalpane, ho storkoste seg og leika flott med dei. Det vart mange runder rundt sofaen på ho, sidan kvalpane kom i tre runder. Bilder er HER. nKanga tykte at slik barnsleg åtferd ikkje er ein ridgeback verdig :) Ho skulle ha sett Nia…. hehe

CSC_0107

Kvalpane er no ute eit par-tre korte turar for dagen. Fantastisk fint veir, men diverre held temperaturen seg rundt 0 C, så det er ikkje lenge dei kan være ute. Stor moro er det uansett, tykkjer dei. Full fres over grusen, og inn i mellom og oppi blomsterpottene som står langs husveggen. Det ligger netting på grusen attmed huset (ellers bæsjar katten der), men det bryr ikkje kvalpane seg med. Vi monterte trampolina for eit par dagar sidan, og under den er det spennande å være, spesielt om nokon går rundt oppå. Å rulle på fotballar er artig, spesielt Prikken likar å dytte på dei. Å legge ut knitrepapir er og stas; då er alle ni kjapt på plass og byrjar makuleringsjobben. Eg er sikker på at alle har stort potensiale og vil passe fint inn på ein arbeidsplass der papirgjennvinning skjer :) Golvbelegget på kjøkkenet får og hard medfart. Alle tek seg ein liten gnage-pause, men dei to som oftast er å finne der er Mio (brun) og Lea (gul). Dei nye familiane er herved advart :)

DSC_0056
No er det akkurat fjorten dagar til første kvalp skal reise heim til sin nye familie. Eg gru-gleder meg. Gleder meg fordi dei nye familiane kjem til å få mykje glede (og litt frustrasjon 😉 ) av kvalpane, gruar meg fordi vi kjem til å savne dei. Å rope på dei og så høyre ni kvalpar som kjem stormande mot deg er hjertevarmande. Det å sitte på golvet, og så kjem det ei lita jente eller ein gut som krøllar seg ihope i fanget for å kvile.

DSC_0154

Mat smakar godt, tykkjer kvalpane. Storm er ein støvsuger, og er først ferdig 9 av 10 ganger. Alle kvalpane som er feridge med maten sin hamnar i kassa/andre sida av gjerdet. Storm setter seg då ned og sutrar litt. Han venter nemleg på etter-mat-kosen sin :) Når han då får eit halvminutt innåt kroppen min med hodet i halsgropa er han godt fornøgd, og klar til å kvile. Sture, Seven, Prikken, Enya og Lisja følger samme mønsteret, men i eit litt rolegare tempo. Mio, Lea og Line har sjelden hastverk med maten. Lea liker å sitte og ete, skal bli artig å høyre korleis ho får det til når ho vert større. Kjem ho til å ligge og ete? Tykkjer eg ser ho :) Line  er ein ivrig deler av andre sin mat. Ho et opp halvparten av sin eigen, deretter er det på rundtur i dei andre sine skåler for å sjekke om dei har betre mat. Nia gjev forsatt litt melk etter måltid, og det setter kvalpane pris på. Kvalpane legger fint på seg, Mio er forsatt størst, Sture er hakk i hæl. I andre enden av skalaen er Line. Eigentleg er dei ganske så jevne i størrelse. Nia var sjølv ei lita frøken som kvalp, og ho har vokst opp til å bli ein stor frøken :)

DSC_0170
Kvalpane er no mykje meir våkne, men søv heldigvis gode lurar imellom måltida. Sovegrisane kan du sjå HER. Kvelden tek vi rundt klokka 2230, og då er det ofte stille til klokka er mellom 4-5. Då er Nia hos dei litt, og alt roar seg fram til klokka 06.30. Då bør helst frukosten være klar! Volumet blir veldig høgt medan dei ventar :) Kassa er dei i når dei søv om natta, ellers har dei fri tilgang på halve kjøkkenet. Når alle er våkne og i aktivitet må vi åpne opp inn til stova eller ein tur ut; dei treng plassen. Stitch setter seg då halvvegs (minst) opp i trappa og kikkar forfæra ned på lurvelevenet i stova. No er ikkje senga hans heilt trygg lenger, det er like før kvalpane klarar å klatre opp i den. Huttetu! Han kjem ikkje ned att før kvalpane er tilbake på kjøkkenet. Stitch tykkjer det er greit å møte ein og ein kvalp, men alle ni på ein gong? Nei takk, det får Nia styre med.

Oppstilte bilde vert det jobba med, det er ikkje enkelt å ta gode bilder som yter kvalpen rettferd. Om potane står med tærne utover, «forsvinner» vinklar. Ikkje strekke hodet for langt fram eller for høgt opp. Mykje å hugse på :) Resultatet ser de HER.

Vonar alle har hatt ei god påske så langt, og ei forsatt god påske :)