6 veker.

Dagane går så fort no når kvalpane krev meir. Det blir lite tid til å sitte med pc og kose seg med skriving. Akkurat no har kvalpane herja lenge på stova; tunell, fyrverkeri, pipeleikar, filleristing, papirmakulering, klatring opp og ned av eit trappetrinn. Nia er ivrig med, og oppfører seg nesten som ein kvalp ho og. Økta vart avslutta med mat, så no bør dei sove  litt? Det er godt at alle har påskefri no, og synd at den ikkje varar i 14 dagar til.

Denne veka har det vore litt bilkjøring, og vi har vore på besøk i andre hus og hilst på andre hundar. Det blir nye turar i dag. Artig å sjå korleis dei reagerer. Nokre vraltar seg fram som om dei alltid har vore i huset, andre er litt meir forsiktige i eit minutt før dei og tek laust. nKanga (ridgeback) og Seeme (silky terrier) er behørig helst på, stor stas :) Seeme er fantastisk flink med kvalpane, ho storkoste seg og leika flott med dei. Det vart mange runder rundt sofaen på ho, sidan kvalpane kom i tre runder. Bilder er HER. nKanga tykte at slik barnsleg åtferd ikkje er ein ridgeback verdig :) Ho skulle ha sett Nia…. hehe

CSC_0107

Kvalpane er no ute eit par-tre korte turar for dagen. Fantastisk fint veir, men diverre held temperaturen seg rundt 0 C, så det er ikkje lenge dei kan være ute. Stor moro er det uansett, tykkjer dei. Full fres over grusen, og inn i mellom og oppi blomsterpottene som står langs husveggen. Det ligger netting på grusen attmed huset (ellers bæsjar katten der), men det bryr ikkje kvalpane seg med. Vi monterte trampolina for eit par dagar sidan, og under den er det spennande å være, spesielt om nokon går rundt oppå. Å rulle på fotballar er artig, spesielt Prikken likar å dytte på dei. Å legge ut knitrepapir er og stas; då er alle ni kjapt på plass og byrjar makuleringsjobben. Eg er sikker på at alle har stort potensiale og vil passe fint inn på ein arbeidsplass der papirgjennvinning skjer :) Golvbelegget på kjøkkenet får og hard medfart. Alle tek seg ein liten gnage-pause, men dei to som oftast er å finne der er Mio (brun) og Lea (gul). Dei nye familiane er herved advart :)

DSC_0056
No er det akkurat fjorten dagar til første kvalp skal reise heim til sin nye familie. Eg gru-gleder meg. Gleder meg fordi dei nye familiane kjem til å få mykje glede (og litt frustrasjon 😉 ) av kvalpane, gruar meg fordi vi kjem til å savne dei. Å rope på dei og så høyre ni kvalpar som kjem stormande mot deg er hjertevarmande. Det å sitte på golvet, og så kjem det ei lita jente eller ein gut som krøllar seg ihope i fanget for å kvile.

DSC_0154

Mat smakar godt, tykkjer kvalpane. Storm er ein støvsuger, og er først ferdig 9 av 10 ganger. Alle kvalpane som er feridge med maten sin hamnar i kassa/andre sida av gjerdet. Storm setter seg då ned og sutrar litt. Han venter nemleg på etter-mat-kosen sin :) Når han då får eit halvminutt innåt kroppen min med hodet i halsgropa er han godt fornøgd, og klar til å kvile. Sture, Seven, Prikken, Enya og Lisja følger samme mønsteret, men i eit litt rolegare tempo. Mio, Lea og Line har sjelden hastverk med maten. Lea liker å sitte og ete, skal bli artig å høyre korleis ho får det til når ho vert større. Kjem ho til å ligge og ete? Tykkjer eg ser ho :) Line  er ein ivrig deler av andre sin mat. Ho et opp halvparten av sin eigen, deretter er det på rundtur i dei andre sine skåler for å sjekke om dei har betre mat. Nia gjev forsatt litt melk etter måltid, og det setter kvalpane pris på. Kvalpane legger fint på seg, Mio er forsatt størst, Sture er hakk i hæl. I andre enden av skalaen er Line. Eigentleg er dei ganske så jevne i størrelse. Nia var sjølv ei lita frøken som kvalp, og ho har vokst opp til å bli ein stor frøken :)

DSC_0170
Kvalpane er no mykje meir våkne, men søv heldigvis gode lurar imellom måltida. Sovegrisane kan du sjå HER. Kvelden tek vi rundt klokka 2230, og då er det ofte stille til klokka er mellom 4-5. Då er Nia hos dei litt, og alt roar seg fram til klokka 06.30. Då bør helst frukosten være klar! Volumet blir veldig høgt medan dei ventar :) Kassa er dei i når dei søv om natta, ellers har dei fri tilgang på halve kjøkkenet. Når alle er våkne og i aktivitet må vi åpne opp inn til stova eller ein tur ut; dei treng plassen. Stitch setter seg då halvvegs (minst) opp i trappa og kikkar forfæra ned på lurvelevenet i stova. No er ikkje senga hans heilt trygg lenger, det er like før kvalpane klarar å klatre opp i den. Huttetu! Han kjem ikkje ned att før kvalpane er tilbake på kjøkkenet. Stitch tykkjer det er greit å møte ein og ein kvalp, men alle ni på ein gong? Nei takk, det får Nia styre med.

Oppstilte bilde vert det jobba med, det er ikkje enkelt å ta gode bilder som yter kvalpen rettferd. Om potane står med tærne utover, «forsvinner» vinklar. Ikkje strekke hodet for langt fram eller for høgt opp. Mykje å hugse på :) Resultatet ser de HER.

Vonar alle har hatt ei god påske så langt, og ei forsatt god påske :)

5 veker, straks :)

Tenk at kvalpane er 5 veker i morgon. Dette har vore 5 korte veker, og eg håpar nesten at dei siste tre vekene går sakte. Kvalpane er ei fryd å vere saman med. Dei søv forsatt mykje, men når dei først er vakne er det full rulle, heilt til dei pluttselig er  sovna igjen. Eit av dagens høgdepunkt er når dei skal ha mat. Då bruker eg samme lokkinga som på hønene, og dei kjem stormande over golvet. Då går det unna :) Små potar i full fart.

Dei er ikkje beskjedne i matfatet! Ikkje er dei så nøye med om dei trakkar i matfatet heller, så lenge dei får tak i maten. Unntaket er vesle Line. Ho eter like mykje som sine søsken, men må ha vore ei fisefin by-frøken i eit tidlegare liv 😉 Pertentelig og ingen slubbing, takk :) Kanskje i frå Bergen? Ho drakk sikkert te med veslefingeren rett ut :) Storm (tidlegare Dentist) og Sture er kjappe i matfatet, og deler gjerne av dei andre sin mat. I går fekk dei ormekur (fysj&fy&æsj&pføy!) og var på vekta. Og sånn omtrenteleg veg dei mellom 3,6 og 5 kilo. Ytterpunkta er Line og Mio, dei andre ligger ganske så jevnt midt mellom.

DSC_0010No har kvalpane nesten heile kjøkkenet til fri disposisjon. Innimellom går turen inn på stua. Alt skjer i full fart. Støvsugeren går, stereoen byr på fyrverkeri og på TV-en går Hannah Montana (Usikker på om det er betre en Justin Bieber, men…). Kvalpane undersøker og bryr seg ikkje med lydane. Sokkar og andre klesplagg vert jakta på og behørig fillerista. Dei bryter og leikar med kvarandre. Pipe-hønene er kjekke, så kjekke at Nia no samlar dei sammen og går på loftet med dei. Der legger ho dei ned ved sidan av senga mi. Usikker på korleis eg skal tolke det 😉 Etter mykje leik er dei tilbake på saueskinnet på kjøkkenet. Då er det på tide med litt søvn, slik at ein er klar for neste runde med herjing. Berre sjå kor fine dei er når dei søv: Englefjes
Den kommande veka blir det mykje som skjer for kvalpane. Då er det ikkje bare å få besøk, då er det ut på tur og besøke andre :) Bilkjøring er dei jo vant til allerede, men det skal fyllast på med andre inntrykk. Verda er stor og det er mykje som må opplevast. Gleder meg til den kommande veka og dei opplevingane som ventar på oss :)
I dag har det vore besøk, ekstra stas var det med Astrid. Ho dirigerer kvalpar med stor sjølvsikkerhet og delte ut kos til dei kvalpane som var våkne. Den jenta har dyretekke som få er forunt å ha.

DSC_0056 DSC_0041
Dei fleste kvalpane har no nye heimar å flytte til. Eg ar byrja å kvi meg til at dei skal reise. Godt at vi skal behalde eine jenta (Line eller Lisja), ellers hadde det blitt stusselig. Det er så godt å løfte opp ein kvalp og la den legge hodet inn til halsen for litt kos. Dei gode koselydane blir ein heilt varm rundt hjartet av å høyre.

Eira og Sture driver med bur-trening… og ser på One Direction. Usikker på kven det er mest synd på…

DSC_0029

DSC_0033Eira  og Sture

 

 

 

Kassa i går, kjøkkenet i dag, i morgon…

Denne gangen er det Heidi som tek eit lite samandrag av veka som var.

Det er søndag, vinden bles godt ute og snøen, som kom tidlegare i veka, er bortimot smelta. Sola var så vidt på besøk i dag tidleg, før skyene kom. Kanskje er vi så heldige i den kommande veka at vi får ein formiddag med lite vind og sol, slik at kvalpane kan ta seg ein kort tur ut? Eller kanskje det blir veka etter det?
DSC_0007

DSC_0008

 

 

 
Kvalpane er snart ferdige med si tredje leveveke, og du verden som dei utviklar seg. Dei første kvalpane er no så modige og nyfikne at dei glatt klatrar over 40 cm for å komme seg ut av kassa. Line (minstejenta), Sture og Dentist er iherdige i si utforsking. Dei gjennværande kvalpane klatrar over 20 cm, så kjøkkenet er for lengst innvia som leikeplass.

DSC_0001 Området rundt og under vedomnen er mest spennande, spesielt når Nia si tomme matskål kan rullast på og lage metallydar. Pappkasser, tomme plastbøtter og ei pipe-høne vert rulla på og trampa på. Små filler vert bokstavelig talt fillerista, og det er risikosport å gå berrføtt forbi pirayatenner :) Setter ein seg ned på golvet, så er faget kjapt fylt opp med kvalpar som enten vil leike eller sove. Som ein eg kjenner seier: Steikje morro! 😀 Nia vaskar og pussar på kvalpane sine, og «rydder» forsatt med stor iver, sjølv om kvalpane no et ein del fast føde. Ho likar seg best inne i kassa, men har byrja tilbringe litt tid utafor. Aller helst då så nær at ho kan sjå inn i kassa. Rare hunden. Om ikkje lenge må ho til å grensesette og korrigere på kvalpane, gleder meg til å sjå korleis ho meistrar det :)

DSC_0004DSC_0009Laurdag var ein stor dag for alle her i huset. Då kom nemleg Anne og Sonja for å sjekke sinus (DS). Dei kjøyrde tur-retur Bergen  for å hjelpe til med dette. Jammen bra at ridgebackklubben har krav om sinussjekk av kvalpar, og støtteordning (reiserefusjon) for dei som frivilleg brukar tid på å reise langt for å, aller helst, ikkje finne sinus.
Etter ein god frukost var det sinussjekk og kvalpekos. Anne fant ingen sinus, og betre nytt enn det får ein knapt nok :) Kvalpane var rolege, og det passa jo bra med tanke på sjølve sjekken, men sovande kvalpar er ikkje så enkle å leike med. Så det vart mest kos med sovande kvalpar på Anne og Sonja. Eg må igjen seie tusen takk til Anne og Sonja.

Om ein månad reiser dei første kvalpane avgårde til sine nye heimar. Så langt hamnar dei fleste utom fylket, så eg håpar at dei som enno ikkje har fått ny heim kanskje busetter seg innom ein radius på 4 timar bilkjøyring? Blir spennande å sjå.

I veka som var, så hadde eg det ganske travelt, med litt kurs og lange dagar. Målet for veka som kjem er å få tatt oppstilte bilde av alle kvalpane. Det er gjort eit par spede forsøk, og konklusjonen er at det ikkje vert ein enkel jobb. Bra vi har stort minnekort og kan bruke slett-knappen flittig. Eg skal og forsøke å ta «her og no»-bilder av kvalpane sånn ein stad mellom klokka 15 og 16 og legge dei ut på facebook. Kanskje dei søv, kanskje dei et, kanskje dei er i full leik? Blir spennande å sjå.

Stitch har no innfunne seg med at han skal være på stua og loftet. Ikkje søren om han skal inn på kjøkkenet, spesielt ikkje no når kvalpane er å finne rundtomkring i fri utfolding! Æsj, er vel eit greit ord på kva han tykkjer. I formiddag sto døra oppe inn til stua og Sture og Line var kjappe til å utforske :) Stitch reiste seg halvvegs opp i hundesenga, og tenkte nok at jammen er det bra at dei er så små at dei ikkje kjem seg opp i den. Han har nok tenkt å skygge banen så lenge han får til :)

litenstor

 

Kor fort tida går!

No er det straks ei veke sidan sist eg fekk tak på tastaturet. Heidi og Eira deler på denne pc-en, og det er bortimot plent uråd for ein hund å få klørne i den.

Kor lenge var Nia i Paradis? Eller rettare sagt, kor lenge fekk eg behalde mi to-roms leilighet?? Svaret er: ikkje meir enn nokre få dagar :( Heidi har hatt ny ombygging, og eg er no tilbake på hybel. Heidi påstår at nurka mine treng strekke på seg, og det har ho vel rett i. No er det tigersprang, skilpadderulle og friskt trav i heile kassa. Piraya-tenner har dei fått og. Alle som ein :/ Biter meg i leppa, i potane og halen. Dei gnaksar kort sagt på alt dei får tennene på. Det positive er jo at dei no har starta på å lære seg å ete vanlig hundemat, men fytterakkaren kor dei grisar. Trakkar rett opp i matfatet, gjere dei. Og så spaserar dei rundt på teppet etterpå. Blir mykje vasking på meg etterpå. Men dei smakar no godt, då :)

All dinna etinga har satt sine spor på nurkene mine, og dei er no mellom 2,5 -2,2 kilo. Dei røyter seg noko alvorleg og, babypelsen held på å dette av. Lurer på om Heidi har tenkt å vaske dei? Det brukar ho å gjere med Stitch og meg når vi røyter. Lurer på om det er ei nedre aldersgrense for når ein kan bade? Håper Heidi vaskar dei snart, då tenkjer eg at dei lærer seg å ete fint? Til helga får vi meir besøk, og det blir kjekt. Er meir og meir imponert over meg sjølv, kor fine kvalpar eg (og Stitch?) har laga :) Greit nok at alle har like svart nase som Stitch, men resten er heilt perfekt 😀

DSC_0061

Som de ser av bildet, så har eg fått meg ny seng å sove i :) Heidi og Paul Ottar har imidlertid hatt litt dårleg augemål, då den er litte-bitte-granne trang. Men den er ikkje mindre enn at eg får plass :) Kvalpane låner av og til senga mi, og det kan dei få lov til :)

IMG_2218[1]

IMG_2213[1]

 

 

 

 

 

 

 

 

Stitch har eg sett lite til i det siste. Han er forsatt «ikkje klar», kva no det måtte bety. Vi går tur sammen, men på kjøkkenet viser han seg ikkje. Hrmpf. Heidi seier at det er ikkje mange dagane igjen før kvalpane får sleppe fritt rundt på kjøkkenet og deretter stua. Ja, ikkje sånn heile tida fritt rundt omkring, men sånn ganske ofte. Då tenkjer eg han flyttar opp på loftet. Eller kanskje ned i vedhuset saman med Lukas-pusen? Der nede er det kaldt *knegg-knegg* Då kan han berre ha det så godt; Herr Stitch «eg er ikkje klar endå» Rimmen.

Tenke seg til, no er det berre ein månad igjen før nurka mine skal flytte heimattefrå. Jammen har dei første tre vekene føke fort. Enten Line eller Lisja skal være igjen her hos oss, så heilt tomt blir det ikkje. Ikkje alle har fått seg ny heim endå, så kanskje Stitch får god sjangs til å bli «klar»? hehe. Skal sjå at han og Lukas-pusen kan ta over barneoppsedinga om ein månads tid? Då tek eg med meg Heidi og reiser til mor Åse på Kulen :) Der er det kjekt å vere. God service der oppe. Lite tørrfor, men mykje god fersk fisk. Blir svolten av å tenke på det. Eg er nødt til å stikke, mulig det er meir mat på plass i skåla mi :)

Hybelen min er oppgradert!!

Nia her :) Heidi er på butikken og slarvar, so då er pc-en ledig. Reknar med å ha god tid, då Heidi er veeeldig flink til å prate, eg har vore med ho på meir enn ein spasertur der eg har måtta veeeente leeeenge på at ho skal bli ferdig med den pratinga si.
Er de klar over at hybelen min egentlig er ei to-roms leilighet?? Det kjem jammen godt med, ellers hadde det blitt trang om plassen. Veldig greit å ha eit rom for meg sjølv, altså. Då kan eg ta meg ei pause her og der, når eg treng ei :) Ikkje det, Heidi driv og flyttar halvparten av kvalpane over til meg innimellom. Heldigvis for det, ellers blir det litt kaos når eg skal inn til kvalpane. Heidi seier det er fordi dei er 9 og eg berre har 5 som virkar. Den der forstår eg ikkje heilt, eg kjenner meg veldig virksom for tida, eg :)

Heidi og Eira tok bilder av mirakelene mine i dag, lenka til dei er her.

I morgon skal kvalpane vegast igjen, og Heidi er spent på om dei største kjem over 2 kilo denne gongen. Veks gjere dei. Dei kryp og kravlar både her og der. Går gjere dei og. Håper snart dei stikker inn til Stitch og lar han ta seg litt av dei. Eg har sagt til Stitch at eg snart er klar for at han kan få lov til å komme på besøk, men han seier at HAN ikkje er klar? Lurer på om han kjem til å svikte meg?? Har observert at han og Lukas-pusen har blitt veldige kompisa, så det er mulig at dei to har tenkt å forsette ungkarstilværelsen som om ingenting har skjedd? Då skal han bare passe seg, at det ikkje går med han som med Lukas-pusen, han er nemlig kastrert…

DSC_0002
Snakkar om katten, eg klarte nesten å få tak i han tidlegare i dag, for å snakke om at han lokkar Stitch ut på  ville vegar. Men den raudhåra karen er liten og sleip, så han kom seg inn i vedhuset før eg fekk tak i han.
Kvalpane har byrja å få tenner!! Det er ikkje heilt bra, trur eg. Eller er det eit bra tegn? Har ikkje erfaring med dette her, så er litt usikker på kva eg kan forvente. Kanskje det betyr at dei kan starte med vanleg mat? Mindre jobb for meg, det er eg sikker på. Desto meir for Heidi (hehehehe). Det er utruleg mykje arbeid med å rydde etter dei små. Og alt Heidi bidrar med er å skifte tepper. Trur eg.
Kva anna kan eg seie om kvalpane? Mistenker at Trym har påvirka dei då han var heime sist. Korkje Stitch eller eg driv med opera-sang eller jodling, så Trym har sikkert øvd litt med Sture og Prikken. Blir spennande å sjå kva Trym skal øve på til helga. Blir det for ille, so får han ta med seg begge to tilbake til Sandane. Der held dei på å øve inn «Messias» av Handel. Dei kan sikkert ta inn eit par guttar til i koret 😀 Heidi seier ho skal høyre på framsyninga når den kjem til Florø, bekymrar meg litt for om eg og kvalpane må vere med. Litt øving heime er greit, men ein heil kveld?? Nei, då vil eg heller at dei gjere som Eira, nemleg spele fotball!
No skal eg tilbake til leiligheta mi, og beundre dei små. Likar dei ekstra godt når dei søv 😀

DSC_0003DSC_0007DSC_0006

Nytt frå kvalpekassa, dag 15.

Dagens vesle rapport frå Heidi.

Den siste helga har Shira ikkje vore i noko form. For kvart vesle framskritt ho gjorde var det to-tre tilbake. Vi var ut til veterinær Hanne i går, og vi var alle einige om å gje den viljesterke unge dama ein sjangs til. Diverre hjelp det ikkje alltid med stor egenvilje, så i formiddag var vi tilbake hos veterinæren, og vesle Shira fekk sovne inn. Kjæledyr, uansett kva sort, gjev masse glede til sine eigarar. Ein del av vår tilbakebetaling for denne gleda er å vise ansvar når det er naudsynt. Og utan slike tunge augeblikk hadde vi kanskje ikkje virkelig, virkelig, satt pris på den gleda dei så villeg sprer? Vel heime sitter eg her og høyrer på lydane frå kvalpekassa; smatting og fornøgde lydar. Ein roleg gjeng og ein mamma som søv tungt.
DSC_0152
I morgon tenker eg at vi skal få tatt bilde av hoder og ridger. Det er målet :) Først skal vi alle ha ei roleg natt, der vi søv godt. Karl-Arne lurte på om eg hadde bomma litt med sminka i dag, eg var litt mørk under auga… Den mannen, uansett kor glad eg er i han, er heilt elendig på å gje kompliment :) Og nei, ingen sminke var påført 😀

Stitch, Nia og eg har og vore på ein liten spasertur ned over marka og inn i skogen. Stitch var nett ikkje sikker på om han ønska å vere med, Nia var jo ikkje heilt blid på han dei gongane han har tenkt seg inn på kjøkkenet for å sjekke ut om det var noko etande på kjøkkenbenken. Med på tur vart han, og litt leiking vart det. Nia tykte det var godt å strekke på seg, og tok seg ei runde i full fres :) Tid til å finne pinnar vart det og.

Kvalpane et, søv og et. Dei ser no så godt at dei ikkje går inn i kvarandre (heile tida). Ser og at dei reagerer litt på lyd. For å ikkje snakke om kva dei sjølv klarar å produsere av lyd 😀 Under kloklippen i dag fekk eg presentert eit vidt spekter, der uuuuulinga til Sture tok prisen :) Eit par av kvalpane ser ut til å vurdere om dei skal leike, men så sovnar dei før dei kjem seg heilt i gang. Eller tar overballanse, trillar rundt og sovnar før dei kjem seg opp igjen. Lurer på om Nia har sovemedisin i god-sakene sine? 😀
DSC_0147

Kvalpane er to veker :)

Akkurat no ligg Nia og kvalpane og søv i kassa. Dei drøymer godt, og det kjem mange av koselydar frå dei små nurka. Kjenner eg rytmen deira rett, så tar det ikke mange minutta før det er full fres i dei, rett i matfatet.DSC_0140Kvalpane har no fått auge, og øyrene har starta å likne ekte, deilige og «flapsete» ridgeback-øyrer. Slike som er så gode å stryke på når dei vert større :) Kjenner eg gleder meg.

Nia er ei god mamma, sjølv om ho har trengt litt hjelp til stell og foring. Det er ikkje spøk når ei 10-barns mor får først livmorbetennelse, og så nokre dagar seinare får ho jurbetennelse. Så Nia har hatt to økter der ho har vore så dårleg at ho har vore heilt utslått. No er ho heldigvis betre, melka har ho beholdt i 5 pattar (litt liv når 10 skal ete). Kvalpane veg no mellom 1500 g og 1250 g, utanom vesle Shira. Ho har gått ned i vekt og er no rett under kiloet. Å få hard mage og tarmflora i uballanse er ingen spøk for ei så lita jente, men ho har viljestyrke og kraft i seg, så vi gjev ho ekstra merksemd dei neste par dagane. Vi håpar på det beste, og så må vi ta ansvar om det ikkje går slik vi ønsker.

I går byrja kvalpane for alvor å stavre rundt på ustødige bein. Dei reiser seg opp, står ei stund og ruggar fram og tilbake, før dei tek «sats» og durar nokre skritt fram, så tek dei to sidelengs og trillar deretter bortetter golvet. Der kan dei bli liggande med beina rett opp, akkurat som ei stranda skilpadde 😀 Dei to som så langt er mest mobile er Dentist og Line. Ein anna ting som skjedde i går var at Nia tok si første «ammepause» sidan ho fekk kvalpane. Den var ho ærleg fortjent, sjølv om ho burde tatt litt meir pause en eit halvt minutt :) DSC_0130DSC_0128

Hybellivet har sin sjarm?

Nia her, sjølvsagt! Beklagar at det ikkje kom noko nytt i går, men då var Heidi så trøtt at ho slo sammen PC-en og la seg FØR klokka 2200! Tenke seg til. Så då tok eg hevn, passa på å gå ut for å tisse klokka 01 og 04. Og klokka 05 sto Eira opp, for ho skulle på fotballturnering. Det er det ein kallar godt samarbeid 😀
Det er ganske travelt å ha so mange småkryp på hybelen min. Kan liksom ikkje strekke ut beina sånn som eg vil. Men anar litt håp i hengande snøre her, då dei ser ut til å komme seg opp på beina no :) Kanskje dei kan ta seg ein tur inn til Stitch? Han gjere ikkje anna enn å søve – ete – søve. Småkrypa er faren sin opp av dage! Dei er sånn omtrent 12-13 dagar gamle no. Heidi rotar litt med dagane, då ho er littebittegranne trøtt etter all ekstrajobben ho har fått. Ho skulle bare prøvd å være meg!

For dykk som kan litt HMS, kan de sende inn eit forbedringsforslag til Karl-Arne? Eg saknar litt polstring på eine kanten, og for å forebygge skade er det naudsynt å gjere eit tiltak! Evalueringa får vi ta seinare :)

DSC_0072Heidi og eg er ganske flinke med kvalpane, om eg so skal seie det sjølv. Vekta går sakte, men sikkert, oppover for alle sammen. No har alle dobla fødselsvekta si (og bittelitt til). Skal denne veksten forsette kan det blir veldig trangt på hybelen min. Tenk, om nokre månader så skal dei vere like store som Stitch og eg. Jammen bra dei skal flytte heim til seg sjøl før den tid. Heidi seier at det er mulig at eit par stykker blir buands litt lenger, då dei forsatt leitar etter eigaren sin. Og uansett så skal det bu igjen ei jente her. Har de høyrt på makan! Trur eg må ta meg ein hund-til-dame samtale med Heidi om markedsføringsstrategi.
Vesle Shira har hatt mageknip siste dagen, litt travelt å høyre på, så eg har pussla ekstra godt med ho, og det ser ut til å ha virka :) Heidi seier at den stemmeprakta har ho arva frå meg?? Høh! Eg brukar no aaaaldri å klage på god service og god pleie. Og når det gjeld namna på kvalpane, så skal eg helse frå Heidi og seie at det er sånne kvalpekassenamn, dei nye eigarane får finne på sine egne namn. Hadde det vore slik at einikkje fikk lov til å bytte namn, så hadde eg hett Honny-Ponny endå. Dødsflaut! Då er Nia mykje betre.
I dag sa Heidi at no var det slutt på room service, og at maten no må etast ståande :( Tykkjer godt vi kunne ha forsett ordninga, den fungerte heilt supert for meg. Heidi seier at det er bare ekstra sjuke hundar som får room service, og at eg no er frisk igjen. Har fortalt at eg muligens har litt problem med pelsen, den har byrja røyte litt. Men røyting gjev ikkje room service, seier Heidi. Eg kan derimot få tilbod om ein dusj. Det har eg vel ikkje bruk for? Lukter jo som roser og kanel, eg 😀 For å ikkje gløyme den der grønnsåpa eg vert innsmurt i to gongar for dagen. Men får jo og varme omslag og massasje av produksjonsutstyret. Så mulig at totalsummen vert bra.
No må eg stikke. høyrer dei ropar etter meg borte i kassa, så må skynde meg dit. Alt i alt er det ikkje heilt gale å bu på hybel :)

DSC_0060