Kvalpane er ei veke :)

Det har jammen vore ei (litt) stri veke for oss alle. Nia, som vart sjuk og mista ein del av melka si. Kvalpane, som fekk litt lite morsmelk og derfor må ekstraforast. Heldigvis er Nia bra no, sjølv om ein del av melka har uteblitt. Vi håper den kjem tilbake når Nia er ferdig med antibiotikakuren sin. Om ikkje, så fiksar vi det og :) Halvparten morsmelk og halvparten erstatning går det og.

Dei første dagane gjekk det seint oppover med vekta, men siste to dagane er det som om ein kan sjå at dei veks :) Dei største er rett under kiloet, og småfrøken Line er eit par hundre gram bak. Løysinga enn så lenge er å la halv gjengen die, og så bytter ein etter ei stund. Mykje rolegare kvalpar, og mindre mas for Nia.

I dag vert det runde to med kloklipp –  det veks fort til. Reknar med at dette blir like populært som første gangen 😉

Stitch har så vidt hilst på kvalpane, om ein då kan kalle det helsing; Stikke haudet innforbi, sjå at kvalpane beveger seg, for deretter å rygge tilbake (2 meter) i full racer-fart. Ikkje noko jobb for ein mann…

Sidan kvalpane ikkje har på seg fargeband, er det ikkje enkelt for andre å sjå forskjellen på kvalpane. Eit foto kva seie meir enn 1000 ord, men det fangar ikkje opp væremåte og lydar. Ladden er den som oftast legger seg inntil mammaen sin for å sove. Eller så finner han seg ein stille plass, saman med Dentist. Dentist er gutten med ein preferanse for å sove oppå alle dei andre. Når han er ferdig med maten klatrar han opp på dei andre (som forsatt forsøker å ete) og legger seg på tvers. Meir enn ein gang har han trilla nedover som ei kanonkule i unnabakken, og enda opp i borterste enden :) Dentist er forresten svært lettgjennkjennelig, då eg i eit heller (u)klart øyeblikk (det var faktisk seint om kvelden, øh..) klarte å overbevise meg sjølv om at det ikkje var eit skrubbsår, men heilt sikkert noko veldig alvorleg… Resultat: Veterinær Hanne kunne konstatere, etter at nederste tredjedel av ridgen var barbert bort, at det var faktisk eit heilt vanleg skubbsår med skorpe på. Ja, ja. Litt bekymra og krisemaksimerande bestemor må eg få lov til å være?

Av jentene er Line den som er lettast å kjenne igjen, ho er lita og lys i pelsen, og er ikkje den som ropar høgast. Shira har den desidert kraftigaste stemmeprakta. Tootsie er like lys som Line, men adskillig kraftigare i nakken. Tootsie og Sture har det med å ende opp sammen, ikkje så langt unna Dentist og Ladden. Dei andre kvalpane likar seg best i samla formasjon :)

Under er halvparten av kvalpane i ferd med å innta eit betre måltid.DSC_0035

 

Hybellivet er ikkje enkelt.

Nia her. Jammen har det skjedd mykje rart sidan sist!
Eg veit ikkje om de veit det, men den derre hybelen min er ikkje slik eg hadde tenkt den skulle være. Det har flytta inn ein heil masse små kryp. Dei flytta hit for nokre dagar sidan, medan eg ikkje var heilt i form. Anar ikkje kva Heidi har tenkt på når ho anskaffar seg så mange småkryp. Ikkje tar ho ordentleg vare på dei heller, ho gjev dei ikkje mat! Men som den fornuftige og greie dama eg er, så passar eg på dei. Heidi seier at det er mine (og Stitch sine) bebisar, men veit’kje heilt ka eg skal tru. Må jo innrømme at dei liknar meir på meg enn Heidi, så kanskje ho har rett?
Åkke som har det vore nokre travle dagar for meg. Ikkje spøk å være so slapp i pelsen. Men no kjenner eg at byrjar å komme meir i form. Det som hjalp aller mest var turen ut til veterinær Hanne. Der fikk eg hilse på Ann-Kristin, og det var jo kjekt å sjå eit kjent fjes. Orka nesten to omdreiningar med halen, men måtte stoppe då det vart for slitsomt. Hanne forsøkte (som vanleg) å gje meg god-bitar. Eg tok høfleg i mot, men måtte diverre spytte den ut.  Heldigvis tok ho hintet og henta noko ordentlig godt for på boks som eg fekk :) Og sidan Hanne er så kjekk fekk ho lov til å helse på småkrypa (mine?). Dei var nemleg med og. Var jo litt hyggelig å vise dei fram :)
I går satt Karl-Arne med eit sånt derre årsregneskap for tae-kwon-do klubben, og rekna og rekna. Han forsto ikkje alt, så Ann-Kristin kom ned og forklarte det til han. Eg vart so glad for at ho kom og hjelpte Karl-Arne at eg forlot hybelen min eit lite augneblink for å helse på ho :) Karl-Arne har ikkje godt av all den rekninga, det tek vekk fokuset på meg. Ann-Kristin kjem nedom seinare i dag, det lovde ho meg i går. Håper ho har med noko til meg, har nemleg høyrt om noko som heiter barsel-gåve… Lurer på om det blir noko etandes? Det hadde gjort seg!
Nei, no må eg gje meg. Heidi kjem snart og serverar mat til meg på senga. Ho kan ikkje ferske meg her ved tastaturet, for då blir det vel slutt på room-service.

PS. I dag er siste dagen i vinterferien, og Trym skal tilbake til Sandane og hybelen sin. Eg er ærleg talt litt bekymra for at han skal komme opp i samme situasjonen som meg. Hybellivet kan gje uventa overraskingar…

DSC_0096

Kvalpeliv dag 4.

Så lant har det vore utruleg mange godlydar å høyre frå kassa. Eit og anna protestrop frå kvalpane har det og vore, når ein har blitt skubba vekk frå sin plass ved melkebaren eller sjølv har klart å skubba seg langt vekk frå mor. Forbausande kor langt slike små, døve og blinde kvalpar kan komme seg på kort tid. Og artig å sjå kor kjappe dei kan være på veg tilbake til melkebaren :)

Positivt at alle kvalpane med eit unntakt (i dag tidleg) har klart å ta igjen fødselsvekta si og gå litt forbi. Litt stri start for fleire av dei åtte som kom til verda med beina først. Vesle-jenta Line har og positiv vektoppgang, så det er bra :)

Mindre kjekt er det at Nia har fått ein infeksjon i kroppen. Så i dag var heile kostebinderiet til veterinær Hanne i Florø. Hanne kikka på kvalpar, deretter tok Nia rtg for å forsikre seg om at det ikkje var ein død kvalp igjen. Det var det heldigvis ikkje. Antibiotika-kur er starta, og vi håpar på at Nia fort vert betre. Det var ikkje mykje «futt» i ho i formiddag. Ikkje ein gong dei beste godbitane til Hanne frista, dei spytta Nia pent midt ut på golvet… Men Nia kunne no logre litt til kjente fjes, godt å sjå at halemotoren forsatt virkar :)

Kvalpane er aktive i etinga si, for deretter å sovne fort. Drømmeland er ein aktiv stad for kvalpar å være, og det viser på kropp og lydar. :)

Under eter Lisja og Line eit betre måltid medan resten av søskenflokken er langt inne i drømmeland.
DSC_0014

 

Kvalpane er her :)

Kvalpane er her, og Heidi har no teke tilbake tastaturet medan Nia og kvalpane kvilar :)
20130219-083228.jpg
Hovedkonklusjonen først: 10 kvalpar, 5 av kvart kjønn. Grovsjekk av sinus: Ingen! :) Finsjekken gjenstår, og håper den gjev samme resultat. Andre feil: to med tre kroner og haleknekk. I alt tre kvalpar med feil. Ingen offset å sjå no, og laaange ridger. Svært lite kvitt, to-tre av kvalpane har ikkje kvitt i det heile. Lite med masker, og fargane ser ut til å bli meir lik Stitch sin, ingen med lys hvete farge. Gode beinstammar. Jevn størrelse, vekt mellom 530-645 gram. Lange, slanke og elegante 😉 Eit par sliter med surkling og er ikkje så supersultne, dei andre eter med stor iver.

Så den lange varianten av fødsel:
Nia fekk temperaturfall om morgonen 17. februar. Det varte fram til første kvalp kom, halvtanna døgn seinare. I denne perioden sov ho tungt, og det var bortimot umulig å få i ho næring. Nia har tydeligvis ikkje fått med seg at tisper i denne fasen skal være litt urolge, og ikkje snorksove.
Rett før kl 0300 18. februar gikk «vatnet». Det affiserte Nia lite. Ho likte å ligge inntil meg, men ellers (tilsynelatande) sov ho . Veterinær Hanne vert vekt tidleg på morgonen av to utolmodige damer (Linda og Heidi) som lurte på om det virkelig var bra å ikkje få rier etter at vatnet hadde gått for over to timar sidan? Joda, ting tar tid, var svaret. Nia sjølv var no litt meir prega, men mestra situasjonen med å legge seg endå eit hakk nærare meg før ho (tilsynelatande) sov vidare. Første rie kom rett etter halv sju. Nokre rier var bra, andre mindre bra og kom med uregelmessige mellomrom. Nia hadde no funne ut at dette var ei oppleving som ho fint klarte seg utan, og ønska å forsette med sovinga si. Å sove gjere man som sagt ikkje i ståande stilling, så ho insisterte på å ligge flatt. Etter tre timar på denne måten ringte vi veterinær igjen, noko som hadde ei fantastisk god effekt :) Første kvalp kom, med bakbeina først, 09.50, men vi venta på at Hanne skulle ringe tilbake :) Nia tok fint imot kvalpen sin, etter litt forvirra kikking på bylten.
Etter dette kom det greit to kvalpar til, ein med bakbeina først og ein med hodet først. Alle desse kom i posen sin. Kvalp 4 kom utan pose, og med bakbeina først. Deretter stoppa det opp, og det gikk tidleg hull på posen til neste kvalp. Etter mykje jobbing frå Nia kom kvalp 5, med bakbeina først, utan pose. Denne måtte vi hjelpe ut, satt godt fast. Nia stressa litt fram til dette punktet, litt forvirra (?) over heile situasjonen. Ho klarte ikkje heilt slappe av mellom riene, og ville ikkje ha noko å drikke/ete. Vi fikk lurt i ho litt, men ønskelig med meir.
Kvalp 6 var som kvalp fem, vi kunne kjenne to føtter og ein hale øverst i fødselskanalen, men den sklei tilbake i bekkenet mellom kvar rie-økt. Det betydde ny tur ut, så på med piggstøvlane (kjempeglatt ute). Etter sju meter kom eg på at handduken låg igjen inne, og snudde for å hente den. Vi kom ikkje lenger enn det. Heldigvis såg Linda kva som skjedde, og kom springande (i berrlesten) og tok imot. Etter dette roa Nia seg ned, og kvila godt mellom rier. Ho tok og til seg næring.
Kvalp 7 hadde det ikkje travelt, og etter to timer med rier vart Hanne kontakta. Som vanlig hadde telefonsamtalen god effekt :) og kvalp 7 kom med hodet først, utan pose, medan vi spaserte fram og tilbake over stovegolvet.
No var oppskrifta klar for Nia: Kvile mellom riene, slikke på kvalpar, drikke litt næring og deretter ut og spaser når ein var klar. Kvalp 8 og 9 er begge fødde ute (som nr 6) og kom med beina først og utan pose.
Det er 12 timar mellom kvalp 1 og kvalp 9. No roa ting seg, sjølv om vi var ut ein tur til. Det kom ut fostervatn, så vi såg at posen til 10-ern gikk samme veien som dei andre. Rundt midnatt fant vi ut at vi på to bein og trenger kvile, den siste kvalpen kom til å ta tid. Nia hadde ikkje rier, og det var tydeleg at dette kom til å ta tid. Linda køya og Heidi tok jordmorvakta. Alt var roleg fram til halv fem; kvalpane saug godt, Nia sov og ingen rier kom. Sjølvsagt duppa Heidi av i ein god halvtime, for rett etter 05.00 vart kvalp 10 oppdaga kravlande fram til melkebaren :) Flinke Nia hadde teke seg av alt sjølv, så roleg at dei andre kvalpane ikkje vart forstyrra og peip.
No skal vi alle kvile oss, for deretter ta ein nøye heilsjekk av alle kvalpane. To strever litt, og er ikkje særleg aktive ved melkebaren på tross av hjelp. Nia er ei roleg mor, ikkje uvøren eller hardhent med kvalpane sine. Vi er glade for at alt i alt så har fødselen gått greit.
Takk for oss enn så lenge :) Meir nytt kjem etter finsjekken.

 

Dag 60

Gjeeesp!! Og god helg, folkens :) Det vart så seint i går før alle gikk å la seg, at eg orka ikkje skrive noko. Akkurat no får eg benytte sjansen før alle står opp, etterpå er det plent umogeleg for ein ridgeback å få tid ved tastaturet.

I går var ein ganske roleg dag, heilt til ettermiddagen. Då fekk Heidi litt anfall, og rydda hus, bytta på senger, vaska kle (Trym kom heim med masse skitne kle) kommanderte ungane hit og dit og til slutt avslutta ho alt med å dusje Stitch og meg.

Dusjing er ikkje noko ein hund bør gjere for mykje av på vinterstid. Men ikkje søren om Heidi ville høyre. Ho påsto at eg lukta sur melk! Direkte uhøfflig av ho. Og mens vi sto der sa ho at jammen var det blitt trangare i dusjen sidan sist eg var der? Kan eg hjelpe for at ho tydeligvis har lagt seg ut bittelitt?? Eg hevna meg litt med å stikke kjapt ut av dusjen og riste meg før ho fekk tørka meg :) Det gikk ikkje heilt som planlagt, då den magen min (har nevnt tidlegare at det er noko galt med den, men Heidi vil ikkje høyre på meg, eg får ikkje reise til dyrlege Hanne med den. Lurer på om dei der revebæsjane ikkje var så lure å ete?) ikkje er med på risting, så eg fekk berre til å riste på haudet og halen. Litt lite tilfredsstillande, fekk ikkje flekkar på speilet.

Seinare på kvelden fekk vi besøk av Linda. Ho skal være på vinterferie her :) Jammen kjekt at nokon vil besøke oss i vinterferien. Berre eg overser ho litt til i dag, kjem ho heilt sikkert til å gje meg masse godbitar og kos :) Heidi og Linda er sikre på at denne vinterferien tar tid, sidan temperaturen er høg. Hmmm… Det er ordentlig surt og kaldt ute, men temperaturen har faktisk gått opp, det er jo ikkje minusgrader ute lenger. Skal bli spennande å sjå kor mykje dei faktisk er ute i drittveiret. Eg blir ikkje med ut frivillig!

Ein anna ny ting her er at eg må ut på luftetur I BAND! Som om eg kunne tenke meg å stikke av i dette drittveiret! Eller så er dei to-beinte bekymra for å gå seg bort, og brukar meg som førarhund, då Stitch tydeligvis ikkje er til å stole på?

Nei, no treng eg ein kvil. Trøtt for tida, eg. Skal hilse frå Heidi og seie at det skjer ingen verdens ting på Rimma, og at slik ser det ut til å forsette ei stund til. Lenge til tirsdag, visstnok. Lurer på kva som skal skje då?

Snakkast!
-Nia

20130216-085655.jpg

Dag 57

No seier Heidi at bortimot alt er klart og at frå laurdag kan det berre skje, då er Linda på plass og. Så eg lurar, kva er det som er bortimot klart og kva har Linda å gjere med det?

Iallefall, i dag tok vi nye bilde. No har vi tatt slike oppstilte bilder ein gong i veka, slik at Heidi skal kunne samanlikne. Eg trur det er fordi eg vert vakrare og vakrare, utan tvil :) Dei har teke bilde av Stitch og, men berre to gongar, så han er sikkert ei tapt sak? Her har eg laga til bilda i sånn nokonlunde kronologisk rekkefølge. Berre sjå kor fin eg er i profil :)

21. 12. 2012.

DSC_0442

17.01.2013. Denne dagen var det masse minusgrader ute, og fy så kaldt! Kunne difor ikkje logre så mykje då, måtte forsøke å bruke den til å varme magen. Eller bruke magen til å varme halen?

DSC_019724.01.2013.

DSC_0225

4.02.2013.

DSC_028013.02.2013.

DSC_0159

 

Dag 55

Nia her, forsatt.

Vel, i dag er det vistnok ein milepæl, ifølge Heidi. Ikkje ei heil mil, men ein meter. For so stor er Pondusen blitt i dag. Men heilt ærleg, eg orkar snart ikkje bry meg meir om den der Pondusen som Heidi snakkar så mykje om. Den er heilt sikkert ein ekte Skybert som berre Heidi kan sjå. Det Heidi ikkje ser, er at nokon er og tullar med teppene mine. Luktar melk frå dei. Og som de veit, melk held seg ikkje lenge i romtemperatur før den blir sur. Og det luktar jo. Stitch kommenterte at eg var begynt å lukte rart, så det er best at Heidi bytter dei der teppa ofte.

Eg er bekymra over mi eiga velferd for tida. Har heilt mista appetitten, og magen er heilt vrang. Eller boblete. Å legge seg ned er blitt ein liten kunst, å komme seg over på go» sida er slett ikkje utan komplikasjonar. Og når eg endeleg har lagt meg til rette, «så boblar» det til i magen og eg må flytte på meg. Kanskje eg burde vore ein tur til dyrlege Hanne?

Stitch og Lukas-pusen seier eg snorkar! Gjere eg vel ikkje! Kan gå med på at eg søv meir enn vanleg, men nei..u om eg snorkar! Kanskje litt tung pusting, muligens? Muligens? Eg sluttar med eit muligens, kjenner eg er trøtt igjen, og må ta meg ein liten tur ut i hybelen min. Steikje go madrass i den senga :)

DSC_0102

Dag 50

Hallo igjen :) Det er roleg her på Rimma. Heilt roleg. Det har skjedd noko med gravitasjonskreftene, Newton har heilt tydelig teke feil når han seie at gravitasjonen er stort sett lik over heile jorda og er mellom 9,0 og 9,865 m/s². Eg kjenner tydeleg at her på Rimma er vi oppe i minst 14,637 m/s². Noko anna forklaring kan eg ikkje finne på kvifor det har blitt så tungt å reise seg opp. Løping er heller ikkje enkelt, så det lar eg være. Stitch driver og traver rundt og er lite affisert av den endra gravitasjonskrafta. Lurer på om eg har fått eit personleg gravitasjonsfelt? Som berre virkar rundt meg? Fullt mogeleg, heilt sikkert!

Heidi går forsatt rundt med det grønne og gule målebandet sitt, og ho målar Pondusen titt og ofte. Han er snart oppe i meteren, så eg fattar ikkje korleis han klarar å gøyme seg for meg? Det er ikkje reint lite, ein meter! Eg er sjølv 64-65 cm på skuldrane og Stitch er 68, så Pondusen er jo mykje større enn oss. Kvir meg litt til å møte han, eg. Heidi seier han skal vekse i 12-13 dagar til, så eg tør ikkje tenkje på kor stor han vert.

Ellers har Stitch og eg byrja å trene Eira til utstilling. Entusiasmen hennar er det lite å seie på, so får vi håpe at kunnskapen kjem seg med tida…. Kan trygt stadfeste at å snakke i telefonen samstundes som ein trenar ikkje er noko lurt. Heidi lo så ho måtte sette seg ned :) Det måtte eg og. Stakkars Stitch måtte berre finne seg i det, men han ga Eira Blikket etterpå. Stitch og eg er sikre på at vi er flinkare til å trene Eira enn Heidi, så vi er ganske så optimistiske med tanke på Eira sine framtidige plasseringar :)

Nei, no går eg og legger meg i den nye hybelen min. Det er ganske varmt her i huset for tida, og det er viktig å ha ein akkurat passe kjølig liggeplass.

DSC_0257 DSC_0277

 

Dag 45

Ahhh… Skal jammen bli god med litt ro i helga, når Heidi og ungane reiser bort. Heime aleine, det blir bra. Rett nok skal Stitch og Karl-Arne være her og, men dei tel ikkje. Eg kan ligge på badegolvet heile dagen utan å bli forstyrra :)

Heidi seier Pondusen vokser slik den skal, og det er jo kjekt for han. Eg har forsatt ikkje møtt han, men har innsett at Heidi muligens har mista litt kontroll på fantasien sin. Men så lenge ho forsetter med å stryke på magen min og kose med meg er det greit. Ein må jo akseptere at dei en er glad i av og til er litt rare.

Snakkar om rart… Magen min er litt rar for tida. Lurer på om eg er sjuk? Det kriblar og krablar inni der, og ikkje kan eg ligge sånn flatt ut lenger heller. Og ut om natta må eg og. Blir dårlig med skjønnhetssøvn på meg. Heidi seier at det samme rammar ho, men eg ser ikkje at ho følger meg ut i snøen, så så veldig ramma kan ho ikkje være.

Nei, no skal eg å få meg mat, før Heidi reiser. Viktig med mat…

God helg og snakkast over helga :)

DSC_0014 CSC_0065