Dag 42

Vel, då har eg tatt tilbake tastauret medan Heidi ryddar litt hus. Ikkje enkelt å sleppe til, men ho trur eg kvilar søtt på golvet her saman med latpeisen Stitch. Berre sjå.

Heidi har dratt fram det gule og grønne målebandet i dag, og eg veit vel kva det betyr. Mykje ein hund må finne seg i. Ho snakka om å måle Pondusen, men eg hadde ikkje sett den, så ho målte meg istadenfor. Heidi er enkel å tilfredsstille, sånn sett :) Måla hadde auka, og Heidi mumla litt, utan at eg vart noko direkte klokare av den grunn. Det er mogeleg ho har begynt å tippe lotto eller V6, då ho går rundt og seier «ikkje 16, ikkje 16, men 8. Jepp, 8 er fint.» Har de kkonstruktive tips til Heidi om gode tall til lotto-trekninga, så får de snakke med ho om det. Eg tippar ikkje.

Her hin dagen trudde eg at eg skulle få flytte inn i eigen toroms leilighet på kjøkkenet, berre til meg. Teppene mine vart flytta inn dit, og eg prøvde ut og tykte det var bra. Men kor lenge varte hæRRligheta? Heidi seier eg skal få den tilbake om nokre dagar, ho driver nemlig å pusser den opp. Det var ikkje nødvendig for min del, men greit nok. Tenk, all den plassen, berre til meg :) Juhuuu!!

Til helga skal Heidi og ungane reise på besøk til Åle-byen, men trur de eg får være med? Hrmpf!! Pondusen har visst ikkje godt av ein slik helgetur. Kva har han med dette å gjere? Eg berre spør! La han være igjen, eg treng ikkje å ha han med. Eg er forresten ikkje sikker på om Pondusen er ekte. Trur de Heidi kan ha laga seg til ein sånn der Skybert-figur? De veit, ein liksom-kamerat av luft. Trudde ho var litt for gammal til den slags, men det er aldri godt å vete. Ja, ja. Stitch og eg skal være igjen heime og passe på Karl-Arne, slik at han ikkje kjenner seg einsam og forlatt når han ikkje får være med på slektssamlinga til familien Tornes. Godt han har oss.

Nei, no må eg gå og legge meg på plassen min igjen, før gamla er ferdig på kjøkkenet :) De får ha ein rett så god kveld så lenge, og så talast vi sikkert før helga :)

20130129-202406.jpg