Dag 38

Nia her. Eg har no overtatt tastatur ei stund framover. Heidi si framstilling av dagleglivet her på Rimma er litt skeivt fokusert, tykkjer eg. Ho treng ikkje skrive så masse om Stitch, og slettes ingen ting treng forteljast om Lukas-pusen. Den katten er ikkje dugandes til noko anna enn å stjele maten min, han går og sniker og gjøymer seg til eg anar fred og ingen fare. Maten min får han ikkje.

DSC_0224
Stitch seier at eg held på å få prinsesse-nykkar, men tenk, eg kan ikkje hjelpe for at Heidi er sur på han. Veit ikkje heilt kva gale han gjere, men to gongar for dagen blir ho så irritert på han at det berre er eg som får mat. Men de må ikkje tru at eg får hans mat-rasjon, nei! Det er litt dårleg gjort, eg er ordentlig svolten for tida. Eg har jo hatt nokre dagar der foret må ha vore utgått på dato. Totalt uappetitteleg! No har eg endeleg fått ny sekk, trur eg. Eller kanskje det berre var øvste delen som ikkje var heilt bra? Ja, ja. Samma det, no er det heldigvis bra. Mutter’n seier at neste veke skal eg få ny type for, sånn Starter-for. Lurer på ka det er ho skal starte? Ho seier iallefall at då skal eg få ete så mykje eg omtrent orkar :) Gleder meg til det eg :)

DSC_0016
Eg har fått litt besøk denne veka, og skal visst nok få meir besøk i helga. Eg diggar folk som kjem på besøk til meg :) Ja, ikkje misforstå, eg har ikkje snakka så mykje med dei, ei dame må jo ikkje virke for ivrig. Har bare sagt boff med det samme, og etter det treng eg ikkje seie noko meir. Heidi pratar så mykje at eg treng ikkje seie noko i det heile tatt. Akkurat der har Stitch gjett meg eit godt tips, det skal han ha.  Men trur ikkje noke på det han seier at dei som kjem på besøk er hans besøk og? Kva har han med dette å gjere? Forsøker han å smiske seg inn til fleire måltid for dagen?
Gro, nKanga og Seeme var på luftetur her i dag. Jammen kjekt å sjå dei, det er sikkert minst to dagar sidan sist. Heldigvis, i dag slapp eg å ta på den raude pysjen til nKanga. Heidi sa den var blitt litt trang rundt Pondusen, så ho må kjøpe ein større pysj. Stakkars Pondusen, føler med han om han må gå med den pysj-greia. Heldigvis tok Heidi på meg Stitch sitt dekken i dag, det er så enkelt og greit, og så enkelt å få av seg :) Var noko snakk om Pondusen når det gjaldt Stitch sitt dekken og, men der var det heldigvis justerbar midjebelte, så Heidi slepp å kjøpe dekken og.  Gro kommenterte Pondusen og, då vi var ute på tur, og sa at den var blitt utruleg jevn heile vegen baketter. Stor forskjell frå sist vi snakka saman. Hrmpf. Lurer på om Gro og Heidi er litt hallusinerte, eg har ikkje sett den der Pondusen i det heile tatt, korkje inne eller ute. Det var rett nok heilt mørkt ute i kveld, men eg skulle no ha sett Pondusen inne, der er det masse lys. Trur eg må spørje Lukas-pusen om han har tatt med ein kompis heim, då dissa kattane kan være ordentlig snikete.
Når eg teker på kattar, trur eg det er best at eg går og sjekker om det er mat snart. Ikkje søren om Pondusen skal stjele noko mat frå meg!
God helg, folkens :)