Dag 36

Pssst… Nia her! Shhh, ikkje fortel muttern at eg har knabba tastaturet litt. Ho er ikkje heilt seg sjølv for tida. Trippar rundt om kring og klappar meg på magen, seier tssssk og klagar over at ribbebeina mine viser litt for godt? Så dreg ho fram eit måleband og seier at heldigvis har Pondusen auka? Trur ho er steikje sprøstekt!

20130122-193303.jpg

Ho driv og og tvangsforar meg tre-fire gongar for dagen, endå eg ikkje vil ha all den der maten. Og det seier eg til ho. Kva gjere ho då? Jau, då har ho på varm kefir, og då berre må eg til å ete! Og so klaga ho over ribbebeina mine? Kva skal eg seie? Eg har jo ikkje livlinje lenger!!? Og kven søren er han der Pondus som har flytta inn her hos oss? Eg er ikkje i stand til å finne han, men det er muleg mutter’n er kommen litt lenger enn sprøsteikt, altså. Hæ, varm kefir? Det er jo nektar frå gudane, det! Kven kan vel motstå slikt?
Og veit de kva Stitch’en sa til Lukas-pusen i går? Eg er sikker på at han trudde eg låg inne i stua og sov framom vedomnen. Det er mogeleg at eg slappar mykje av for tida, men øyrene mine virkar, guttar! Å ja, kva var det han sa? Jo, at eg hadde fått ordentlege dinglete spenar! Høyrte dokke det? Spenar!! Eg har vel ikkje spenar!? Har eg vel? Og om so var, så er dissa gutta sikkert misunnelege. Dei har likedan, men dei er so små som flugelortar.

Mutter’n har og vore og konspirert saman med Gro, mutter’n til nKanga. Dei har blitt einige om at spenane mine (da kan umogeleg heite det? Seriøst!) ikkje bør fryse i denne kulda, slik at eg må låne pysjen til nKanga. Stakkars nKanga, seier eg. Er brennsikker på at ho er glad over å sende pysjen bort til meg. Det er plent umogeleg å ta ordentlige krumspring i den. Har iherdig forsøkt å få den av, men den sitter jo som spikra! Og ikkje er det kaldt ute heller, så fatter ikkje kvifor mutter’n stressar slik. -10C, seier du? Likar sånn kaldt veir eg. Har gleda meg lenge til snøen, men den bare kom og forsvant. Håper den kjem tilbake snart. Då kan eg og Eira kaste snøballar. Eller, eg kastar ikkje snøballar, eg berre øydelegg dei etter kvart som Eira lagar dei. Ordentlig kjekt!
Nei, no legger eg meg på plass framom vedomnen og drøymer om snø. Ha ein god kveld folkens :)