Dag 26

Etter ein aktiv dag (for oss på to bein) er det godt å komme inn i varmen. Stitch og Nia likar å ligge framom omnen, men Stitch er nok den som er mest glad i varmen. Vi har no starta å snikre kvalpekasse. Ordentlig teamarbeid, eg seier kva eg ønskjer, Karl-Arne planlegger og så deler vi på arbeidet :) I morgon skal eg sjå om eg ikkje får malt eit strøk på materialen før sjølve skruinga startar.

Nia er tydeleg påvirka av å vere drektig; ho har lyst på mat, men når ho byrjar å ete er det akkurat som om kvalmen slår til. Stitch tykkjer at Nia er overfora, og som vanleg får han ALT for lite mat. Så han kan gjerne ete opp det som den bortskjemde prinsessa ikkje orkar 😉 Ute er det no kuldegrader og berrfrost, veldig fint å gå på tur i skogen i. Nia er ikkje heilt einig, men daffar seg med. Får ho besøk av Cleo eller nKanga vert det litt meir sprett i ho, og det er kjekt å sjå.  Laurdag måtte Nia sjekke ut isen på dammen. Boblene under isen er ekstra festlige å sjå på, der dei leikar seg under isen. Heldigvis er ikkje dammen meir en 20 cm djup, for etter litt spasering utpå gjekk Nia gjennom. Ikkje første gongen ho har gjort det heller, så enten er ho ganske tungnem eller så tykkjer ho at det å gå gjennom isen ikkjer er noko skummelt. Held ein knapp på det siste :)

Nia har straks fullført veke 4 (av 9), så det blir spennande å sjå når livvidda virkelig byrjar å auke. Vi har eit mål frå veke 2 og 3. Kanskje eit par cm opp?

I morgon skal eg få lagt ut stamtavlene til Stitch, Nia og Atom-kullet. Eg har heilt gløymt det. Inavlskoeffisienten er 0.

20130113-181033.jpg