Dag 42

Vel, då har eg tatt tilbake tastauret medan Heidi ryddar litt hus. Ikkje enkelt å sleppe til, men ho trur eg kvilar søtt på golvet her saman med latpeisen Stitch. Berre sjå.

Heidi har dratt fram det gule og grønne målebandet i dag, og eg veit vel kva det betyr. Mykje ein hund må finne seg i. Ho snakka om å måle Pondusen, men eg hadde ikkje sett den, så ho målte meg istadenfor. Heidi er enkel å tilfredsstille, sånn sett :) Måla hadde auka, og Heidi mumla litt, utan at eg vart noko direkte klokare av den grunn. Det er mogeleg ho har begynt å tippe lotto eller V6, då ho går rundt og seier «ikkje 16, ikkje 16, men 8. Jepp, 8 er fint.» Har de kkonstruktive tips til Heidi om gode tall til lotto-trekninga, så får de snakke med ho om det. Eg tippar ikkje.

Her hin dagen trudde eg at eg skulle få flytte inn i eigen toroms leilighet på kjøkkenet, berre til meg. Teppene mine vart flytta inn dit, og eg prøvde ut og tykte det var bra. Men kor lenge varte hæRRligheta? Heidi seier eg skal få den tilbake om nokre dagar, ho driver nemlig å pusser den opp. Det var ikkje nødvendig for min del, men greit nok. Tenk, all den plassen, berre til meg :) Juhuuu!!

Til helga skal Heidi og ungane reise på besøk til Åle-byen, men trur de eg får være med? Hrmpf!! Pondusen har visst ikkje godt av ein slik helgetur. Kva har han med dette å gjere? Eg berre spør! La han være igjen, eg treng ikkje å ha han med. Eg er forresten ikkje sikker på om Pondusen er ekte. Trur de Heidi kan ha laga seg til ein sånn der Skybert-figur? De veit, ein liksom-kamerat av luft. Trudde ho var litt for gammal til den slags, men det er aldri godt å vete. Ja, ja. Stitch og eg skal være igjen heime og passe på Karl-Arne, slik at han ikkje kjenner seg einsam og forlatt når han ikkje får være med på slektssamlinga til familien Tornes. Godt han har oss.

Nei, no må eg gå og legge meg på plassen min igjen, før gamla er ferdig på kjøkkenet :) De får ha ein rett så god kveld så lenge, og så talast vi sikkert før helga :)

20130129-202406.jpg

Dag 41

Heidi tar ein liten snartur innom tastaturet, Nia har sovna framom vedomnen og har ikkje tenkt å vakne før til kveldsmaten :) Ho kjem sterkare tilbake i morgon? Fram til då så drøymer ho kanskje om dette:

 

Dag 38

Nia her. Eg har no overtatt tastatur ei stund framover. Heidi si framstilling av dagleglivet her på Rimma er litt skeivt fokusert, tykkjer eg. Ho treng ikkje skrive så masse om Stitch, og slettes ingen ting treng forteljast om Lukas-pusen. Den katten er ikkje dugandes til noko anna enn å stjele maten min, han går og sniker og gjøymer seg til eg anar fred og ingen fare. Maten min får han ikkje.

DSC_0224
Stitch seier at eg held på å få prinsesse-nykkar, men tenk, eg kan ikkje hjelpe for at Heidi er sur på han. Veit ikkje heilt kva gale han gjere, men to gongar for dagen blir ho så irritert på han at det berre er eg som får mat. Men de må ikkje tru at eg får hans mat-rasjon, nei! Det er litt dårleg gjort, eg er ordentlig svolten for tida. Eg har jo hatt nokre dagar der foret må ha vore utgått på dato. Totalt uappetitteleg! No har eg endeleg fått ny sekk, trur eg. Eller kanskje det berre var øvste delen som ikkje var heilt bra? Ja, ja. Samma det, no er det heldigvis bra. Mutter’n seier at neste veke skal eg få ny type for, sånn Starter-for. Lurer på ka det er ho skal starte? Ho seier iallefall at då skal eg få ete så mykje eg omtrent orkar :) Gleder meg til det eg :)

DSC_0016
Eg har fått litt besøk denne veka, og skal visst nok få meir besøk i helga. Eg diggar folk som kjem på besøk til meg :) Ja, ikkje misforstå, eg har ikkje snakka så mykje med dei, ei dame må jo ikkje virke for ivrig. Har bare sagt boff med det samme, og etter det treng eg ikkje seie noko meir. Heidi pratar så mykje at eg treng ikkje seie noko i det heile tatt. Akkurat der har Stitch gjett meg eit godt tips, det skal han ha.  Men trur ikkje noke på det han seier at dei som kjem på besøk er hans besøk og? Kva har han med dette å gjere? Forsøker han å smiske seg inn til fleire måltid for dagen?
Gro, nKanga og Seeme var på luftetur her i dag. Jammen kjekt å sjå dei, det er sikkert minst to dagar sidan sist. Heldigvis, i dag slapp eg å ta på den raude pysjen til nKanga. Heidi sa den var blitt litt trang rundt Pondusen, så ho må kjøpe ein større pysj. Stakkars Pondusen, føler med han om han må gå med den pysj-greia. Heldigvis tok Heidi på meg Stitch sitt dekken i dag, det er så enkelt og greit, og så enkelt å få av seg :) Var noko snakk om Pondusen når det gjaldt Stitch sitt dekken og, men der var det heldigvis justerbar midjebelte, så Heidi slepp å kjøpe dekken og.  Gro kommenterte Pondusen og, då vi var ute på tur, og sa at den var blitt utruleg jevn heile vegen baketter. Stor forskjell frå sist vi snakka saman. Hrmpf. Lurer på om Gro og Heidi er litt hallusinerte, eg har ikkje sett den der Pondusen i det heile tatt, korkje inne eller ute. Det var rett nok heilt mørkt ute i kveld, men eg skulle no ha sett Pondusen inne, der er det masse lys. Trur eg må spørje Lukas-pusen om han har tatt med ein kompis heim, då dissa kattane kan være ordentlig snikete.
Når eg teker på kattar, trur eg det er best at eg går og sjekker om det er mat snart. Ikkje søren om Pondusen skal stjele noko mat frå meg!
God helg, folkens :)

 

Dag 36

Pssst… Nia her! Shhh, ikkje fortel muttern at eg har knabba tastaturet litt. Ho er ikkje heilt seg sjølv for tida. Trippar rundt om kring og klappar meg på magen, seier tssssk og klagar over at ribbebeina mine viser litt for godt? Så dreg ho fram eit måleband og seier at heldigvis har Pondusen auka? Trur ho er steikje sprøstekt!

20130122-193303.jpg

Ho driv og og tvangsforar meg tre-fire gongar for dagen, endå eg ikkje vil ha all den der maten. Og det seier eg til ho. Kva gjere ho då? Jau, då har ho på varm kefir, og då berre må eg til å ete! Og so klaga ho over ribbebeina mine? Kva skal eg seie? Eg har jo ikkje livlinje lenger!!? Og kven søren er han der Pondus som har flytta inn her hos oss? Eg er ikkje i stand til å finne han, men det er muleg mutter’n er kommen litt lenger enn sprøsteikt, altså. Hæ, varm kefir? Det er jo nektar frå gudane, det! Kven kan vel motstå slikt?
Og veit de kva Stitch’en sa til Lukas-pusen i går? Eg er sikker på at han trudde eg låg inne i stua og sov framom vedomnen. Det er mogeleg at eg slappar mykje av for tida, men øyrene mine virkar, guttar! Å ja, kva var det han sa? Jo, at eg hadde fått ordentlege dinglete spenar! Høyrte dokke det? Spenar!! Eg har vel ikkje spenar!? Har eg vel? Og om so var, så er dissa gutta sikkert misunnelege. Dei har likedan, men dei er so små som flugelortar.

Mutter’n har og vore og konspirert saman med Gro, mutter’n til nKanga. Dei har blitt einige om at spenane mine (da kan umogeleg heite det? Seriøst!) ikkje bør fryse i denne kulda, slik at eg må låne pysjen til nKanga. Stakkars nKanga, seier eg. Er brennsikker på at ho er glad over å sende pysjen bort til meg. Det er plent umogeleg å ta ordentlige krumspring i den. Har iherdig forsøkt å få den av, men den sitter jo som spikra! Og ikkje er det kaldt ute heller, så fatter ikkje kvifor mutter’n stressar slik. -10C, seier du? Likar sånn kaldt veir eg. Har gleda meg lenge til snøen, men den bare kom og forsvant. Håper den kjem tilbake snart. Då kan eg og Eira kaste snøballar. Eller, eg kastar ikkje snøballar, eg berre øydelegg dei etter kvart som Eira lagar dei. Ordentlig kjekt!
Nei, no legger eg meg på plass framom vedomnen og drøymer om snø. Ha ein god kveld folkens :)

 

Dag 32

Denne lørdagen har akkurat starta, men vi har likevel klart å spasere oss ein tur saman med Gro og bikkjene. -7 C og berrfrost er fantastisk fint veir. Soloppgangen i dag var like fin som den i går.Nia er aktiv og leiken ute, sjølv om ho ikkje vil være like lenge ute i kulden som tidlegare. Det passar Stitch veldig fint, då han er ein ein frostpinne og vil helst ha på seg dekken ute i kulda. Vi avsluttar difor dette innlegget med eit bilde av Stitch i friskt trav, etter at han høyrte orda: Skal vi gå heim? Sjå kor luftig og fint han travar :)

 

 

 

 

Dag 30

Vel, då er vi ein dag frå å være halvvegs i drektigheta. Nia har vore uggen nokre dagar, og matlysta har vore lita. Ho har blitt litt meir «spekjen», men midjemål er likevel opp 5 cm frå starten.

20130117-171342.jpg

Nia slapper av i hundesenga, og tykkjer det er heilt OK å vise kor glad ho er derfrå. Halen går :)

Dag 26

Etter ein aktiv dag (for oss på to bein) er det godt å komme inn i varmen. Stitch og Nia likar å ligge framom omnen, men Stitch er nok den som er mest glad i varmen. Vi har no starta å snikre kvalpekasse. Ordentlig teamarbeid, eg seier kva eg ønskjer, Karl-Arne planlegger og så deler vi på arbeidet :) I morgon skal eg sjå om eg ikkje får malt eit strøk på materialen før sjølve skruinga startar.

Nia er tydeleg påvirka av å vere drektig; ho har lyst på mat, men når ho byrjar å ete er det akkurat som om kvalmen slår til. Stitch tykkjer at Nia er overfora, og som vanleg får han ALT for lite mat. Så han kan gjerne ete opp det som den bortskjemde prinsessa ikkje orkar 😉 Ute er det no kuldegrader og berrfrost, veldig fint å gå på tur i skogen i. Nia er ikkje heilt einig, men daffar seg med. Får ho besøk av Cleo eller nKanga vert det litt meir sprett i ho, og det er kjekt å sjå.  Laurdag måtte Nia sjekke ut isen på dammen. Boblene under isen er ekstra festlige å sjå på, der dei leikar seg under isen. Heldigvis er ikkje dammen meir en 20 cm djup, for etter litt spasering utpå gjekk Nia gjennom. Ikkje første gongen ho har gjort det heller, så enten er ho ganske tungnem eller så tykkjer ho at det å gå gjennom isen ikkjer er noko skummelt. Held ein knapp på det siste :)

Nia har straks fullført veke 4 (av 9), så det blir spennande å sjå når livvidda virkelig byrjar å auke. Vi har eit mål frå veke 2 og 3. Kanskje eit par cm opp?

I morgon skal eg få lagt ut stamtavlene til Stitch, Nia og Atom-kullet. Eg har heilt gløymt det. Inavlskoeffisienten er 0.

20130113-181033.jpg

Dag 23

 

Nia har endra seg siste dagane. Frukosten smakar ikkje lenger like godt, og i dag hadd ho ikkje tenkt å ete i det heile. Men sidan både Stitch og katten ikkje har bra av for mykje mat, kvinna ho seg opp og åt sin del.

Ut på tur i dag, men utan det heilt store frasparket. Ved halvgått tur meinte Nia at det var på tide å snu. Det er nye takter fra hoppetussa vår. Vi får håpe at denne perioden med redusert apetitt og liten turlyst ikkje varer så lenge.

Under: Nia har fått auge på katten og vurderer eit kort sekund om ho skal springe etter han. Men nei, det kan Stitch få lov til.

 

Dag 20

Nia er no 20 dagar «på veg». Ho har mange fysiske teikn som tilseier at ho er drektig; auka mengde med jurvev, rosa jur, utflod og forsatt er ho hoven bak. Berre sjå på det fine biletet :) Nia har utvikla jurvev etter løpetid tidlegare, men på eit mykje seinare tidspunkt. Dette er gode tegn på drektighet.

Adferdsmessig er Nia ikkje noko spesielt endra; inne er ho av (som vanleg), men ho søv mesteparten av tida. Det er ikkje så vanleg. Ute er ho spretten, leiken og strutter rundt omkring og ser ut til å være godt nøgd med seg sjølv :) Til vanleg brukar Nia å være ganske daff etter løpetid, og brukar å ete gras i store mengder.

Alt i alt er eg rimelig sikker på at Nia er drektig :) No gjeld det å smørje seg med tolmod og vente.

Det er forsatt plass på kvalpelista vår, vi veit jo ikkje om det kjem 2 eller 12 kvalpar, eller kjønnsfordeling.