Ventetid

Denne løpetida har Nia måtte funne seg i mykje mas frå oss menneske. Blodprøver og andre prosedyrer på ulike veterinærkontor. Ho har funne seg i  prøvetaking og inseminering utan den store entusiasmen, men har vore like logrande og blid både før og etter. Godbitane hos veterinær Hanne i Florø er mykje betre enn dei hos veterinær Jannicke hos Dyreklinkken Vest i Bergen, det er heilt sikkert. Mykje skryt har ho fått frå alle. Stitch har vore heldigare, han har bare «levert» :) Imidlertid er han einig i Nia sin dom over godbitar; dei i Bergen holdt ikkje mål og vart spytta ut etter ein prøvesmak.

18. desember vart Nia inseminert, so no kryssar vi fingrane for at det vert kvalpar rund 20. februar 2013 :) Vi kjem til å ta blodprøve om ein liten månad for å sjå om Nia er drektig eller ei.

Vi på Rimma ser fram til nokre rolege dagar no i jula etter ein del reising og kjas.

 

 

 

 

Spennade dagar i veka som kjem

Nia har starta løpetid, og no på dag 6. Stitch struttar rundt omkring som ein hane, i forsøket på å gjere seg lekker :) Nia tek livet med ro og lar seg ikkje imponere.

I veka som kjem vert dei første blodprøvene tekne, for å forsikre oss om eggløysing og beste tidspunkt for parring.