Lenge sidan sist :)

Hausten har føke av gårde, og straks er det desember og jul. Kva har så bikkjene og vi gjort sidan i sommar?

Nia og Heidi har til saman vore på fem utstillingar i sommar, medan Stitch og dei andre i familien har halde seg heime :) Resultatet for Nia er fem x excellent, to CK og ein BIR (best i rasen). Heidi får heldigvis ikkje premiering på sin teknikk…

Vi er ofte på tur i terrenget rundt huset; skog, mark og litt fjell :) nKanga og Seeme er med på mange av turane, så det kan bli ganske så livlig med tre ridgebacker og ein silky terrier.

Heidi har fullført Oppdretterskolen (kurs hos NKK) og kan trygt anbefale den vidare til andre oppdrettarar, enten dei er nye eller «gamle». Eit stort ansvar og mykje jobb med eit kvalpekull. Vi gleder oss :)

Akkurat no går vi og ventar på at Nia skal få løpetid, signala frå begge hundane tilseier at det ikkje kan vere så lenge igjen. Heidi ønsker sterkt at det skal verte parring før jul, men opplever sjelden at naturen tar hensyn til slike ønsker. No gjelder det å vere tolmodig…