Endelig fredag

I dag er det 14 dagar sidan, og vi er veldig spent på om Nia er drektig. Ho har endra adferd; kosesjuk, veldig roleg, virkar litt småuggen og har fått tydelige patter. Så det ser ut som om noko skjer inne i kroppen hennar. Vi krysser fingrane og håper på kvalpar og ikkje innbilt svangerskap.

Ellers kjem Trym heim frå Sandane i dag, det skal bli koselig :) så etter jobb er det heim å lage god mat, slik at vi kan sitte lenge ved matbordet og snakke :)

Forrige fredag var vi på framsyning hos Flora kulturskule. Eira stilte ut eit maleri, og set var veldig fint; ein måse i «farta», ein kan sjå rørsla og livet i bildet. Det er utruleg at ein kan skape liv på eit lerret med nokre enkle strøk. Trym sang eit stykke frå les miserables. Eg tok eit mobilopptak og så lenge ein bruker headsett er det grei nok kvalitet å høyre på. Stolt av borna våre!

Bring him home