Ingen kvalpar

Etter ein tur til veterinæren viser det seg at Nia ikkje har kvalpar i magen. Veldig kjedelig for oss alle, då vi har gleda oss stort til å få kvalpar i sommar.
Men vi gjev ikkje opp håpet :) Nia får løpetid igjen i desember (sånn omtrent) med leveringsklare kvalpar i april 2013 (sånn omtrent).
Fram til då får vi gjere slik som Stitch og Nia; nyte sola og slappe av :)

20120521-154428.jpg

Kattejakt

Stitch og Nia har vore på kattejakt i dag,utan noko særleg hell. Stitch trkka på skarpe steinar, og har fått seg eit par småkutt. Nia har fem fine merker på snuten. Katten sitter no på toppen av vedastabelen, og ser ganske så fornøgd ut :)

NKanga har vore på besøk. Nia tykte det var hyggelig, og dei to damene leika sisten rundt frukttrea.

No kviler Stitch og Nia middag, dei kan ikkje klage på liggeplassen midt i stua.

20120506-125414.jpg

Endelig fredag

I dag er det 14 dagar sidan, og vi er veldig spent på om Nia er drektig. Ho har endra adferd; kosesjuk, veldig roleg, virkar litt småuggen og har fått tydelige patter. Så det ser ut som om noko skjer inne i kroppen hennar. Vi krysser fingrane og håper på kvalpar og ikkje innbilt svangerskap.

Ellers kjem Trym heim frå Sandane i dag, det skal bli koselig :) så etter jobb er det heim å lage god mat, slik at vi kan sitte lenge ved matbordet og snakke :)

Forrige fredag var vi på framsyning hos Flora kulturskule. Eira stilte ut eit maleri, og set var veldig fint; ein måse i «farta», ein kan sjå rørsla og livet i bildet. Det er utruleg at ein kan skape liv på eit lerret med nokre enkle strøk. Trym sang eit stykke frå les miserables. Eg tok eit mobilopptak og så lenge ein bruker headsett er det grei nok kvalitet å høyre på. Stolt av borna våre!

Bring him home