Nyte sola :)

Nia har dei siste dagane begynt på eit nytt og betre liv?? Frå å vere kosegris med dårlig tid så ha ho blitt til stor kosegris med masse tid til kos. Halen går forsatt like mykje, men ho har fått ein forkjærlighet for ekstra fiber; barkebitar og mjødurt. Rare hunden :)
NKanga var på besøk i dag, men ikkje ein gong det lokka fram leikelysta i Nia.

20120429-195324.jpg

Kvalpar 22. juni??

Stitch og Nia fikk 20. april litt assistanse i familieplanlegginga si, så no kryssar vi fingrane for at det vert kvalpar 22. juni.

Sidan Heidi er utruleg nyskjerrig og ikkje særleg tolmodig, vert det ultralyd i veke 20, for å sjå om det kvalpar i magen til Nia.

Sol

Hmpf!! Fatter ikkje kvifor mutter’n alltid plasserer meg med sola midt i mot. Dårlig for godt utsjånande og ørestilling. Jaja, likevel fint å Vere på utekafe :)

20120417-160118.jpg

Stitch på ferie?

Pst… Stitch her. Mutter’n har sendt meg på ferie hos Cleo. Litt rart å vere her. Usikker på om det er lite gentlemanaktig å ta heile soffaen, men Cleo har allerede tatt stolen. Så antar det må vere ok med soffaen, sant?
Håper ellers at matstellet er bra her oppe, Cleo ser litt slank ut…
Mutter’n har ikkje sagt noko om kor lenge eg skal vere her, håper det ikkje blir for lenge. Må jo passe på Nia, då…

20120414-201051.jpg